22. november 2020

Atle Berge: Superpularen (2015)

 

Denne romanen handlar om romanen Superpularen. Den respekterte forfattaren Aleksander Martinson har lenge skrive for eit mindre publikum, men Superpularen vert ei bok alle skal lesa og alle skal snakka om. Hovudpersonen i den romanen vassar i damer, og boka endar med at dei tek livet av han.

I denne romanen handlar det dels om redaktøren til Martinson (som er ekstatisk over boka), om konsulenten til forlaget (som ikkje likar boka i det heile), og ein drosjesjåfør (som ikkje vågar å stå fram som ein seriøs boklesar) som vert kjend med både redaktøren og konsulenten og forfattaren. Romanen sluttar på same måte som den oppdikta Superpularen-romanen - Martinson vert drepen, og drosjesjåføren er ein av dei som vert skulda for å ha drepe han.

Berge er innom mange viktige tema, som at media kan kasta seg over éi bok, og er dermed med på å gjera den eine bok til langt viktigare enn mange andre bøker, eller at samfunnet vårt er i overkant oppteke av sex. Det heile er skrive i eit lett og lystig språk, og boka er rimeleg lettlesen. Alt av vitsar og artige situasjonar er ikkje like løgne, men jamt over var vel dette heilt greitt.

Guffen tilrår. 

Meir Berge på kulturguffebloggen
Muntergang (2010)

21. november 2020

Don DeLillo: The Silence (2020)

Don DeLillo er ein forfattarar eg av og til tenkjer eg skulle ha lese meir av. Eg har lese 4-5 av bøkene hans, og stort sett er det verdt bryet. Denne kom i haust, eg kjøpte ho sånn omtrent med ein gong, og på merkeleg vis hoppa ho heilt fremst i køen av bøker som skal lesast.

Det er ein kort roman. Fem vener skal samlast for å sjå Super Bowl, eitt av høgdepunkta i den amerikanske sportskalenderen. Eit eller anna skjer - kanskje det er ei ulukke, kanskje det er terrorisme, og alt endrar seg. To av dei fem er på veg heim etter å ha vore i Europa, og flyet deira greier så vidt å landa. Dei tre andre har sett seg til rette for å sjå kampen, då alt vert svart. Straumen er vekke, telefonane verkar ikkje, og brått er dei tilbake i ei tid som verkar framand: Ei tid då ein ikkje er oppdatert heile tida. 

What happens to people who live inside their phones? Dette spørsmålet dukkar opp midtveges i boka, og det er kanskje dette DeLillo vil seia oss denne gongen: Me er ei sivilisert verd, me er sosiale skapningar, men telefonane våre (og datamaskinene og fjernsynet) har gjort at me ikkje har så mykje direkte kontakt med folk meir. Scena med dei tre som brått ikkje får sett fjernsyn handlar om akkurat det same - utan fjernsyn og internett er det som om dei ikkje veit kven dei er, eller korleis dei skal agera med kvarandre.

Boka held ikkje piffen like godt oppe heile vegen, det fislar litt ut mot slutten. Men det er likevel ei fin bok, og språket til DeLillo er jo finfint.

Guffen tilrår.

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
Americana (1971)
End Zone (1972)
Great Jones Street (1973)
Players (1977)

19. november 2020

Olaug Nilssen: Yt etter evne, få etter behov (2020)

Familien i denne romanen er ikkje heilt harmonisk. Me møter besteforeldra, dei tre døtrene deira, og Benjamin, son til ei av døtrene. Han er autist, og treng tilsyn heile tida. Mor hans, Lea, har hatt eineansvar for sonen, men har etter kvart meldt pass. Den meir ansvarsmedvitne systera Rakel er den som har teke over ansvaret, medan den noko yngre systera Linda ikkje heilt får ta del. 

Rammehistoria i romanen er at Rakel ikkje er heime når Benjamin skal leverast der, ingen får tak i ho, og han som skal levera Benjamin vert noko rådvill. Korleis det går får me løysinga på i sluttkapitlet, men fram til dess har me fått mykje av forhistoria. Synsstaden vekslar frå kapittel til kapittel, og alle som fortel er misnøgde med eit eller anna. Den som er minst misnøgd er kanskje mora, men ho har likevel dårleg samvit for mykje ho har gjort og mykje ho ikkje har gjort.

Det er eit finfint familieportrett Nilssen har skrive. Det er innsiktsfullt og klokt, det er humoristisk, og boka er skriven i eit finfint språk.

Guffen tilrår. 

Meir Nilssen på kulturguffebloggen
Hybrideleg sjølvgransking (2005)
Få meg på, for faen (film, 2011)
Stort og stygt (2013)
Tung tids tale (2017)
Ikkje tenk på det (2019)
Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly (2020)
Uønska åtferd (2023)

17. november 2020

Jimmy McDonough: Shakey (2002)

Dette er den mest omfattande Young-biografien som er skriven. Den vert nok òg ståande som høgdepunkt, sjølv om boka er nesten tjue år gamal. Store delar av karriera til Young er altså ikkje med, men det er ikkje så viktig: Utan at eg kjenner platene hans ut og inn er det ikkje til å koma vekk frå at Young etter midten av 1970-åra berre unntaksvis har nådd dei høgdene han var på før.

Då var han òg på nokre glitrande høgder, og denne boka fortel godt både om den perioden og resten av livet hans. McDonough går kronologisk til verks, frå oppveksten i Canada via nokre tronge år som musikant før gjennombrotet i California i andre halvdel av 1960-åra, og nokre år der Young var ei absolutt superstjerne, både som soloartist og som medlem av CSNY.

Young ville absolutt ikkje vera superstjerne. Han likte seg dårleg både i aviser og på fjernsyn, og kjøpte seg etter kvart ein stor eigedom sør for San Francisco, der han gjorde som han ville. Der kom platestudio, sjølvsagt, men òg store hus til bilsamlinga hans og til modelljernbanen hans. Han gjorde òg som han ville i musikk-karriera - han hoppa på og av prosjekt med ein rasande fart, og fleire gonger i boka er han inne på at han angrar på korleis han handsama folk, sjølv om han der og då opplevde det som naudsynt å handla som han gjorde.

McDonough skriv godt om det meste, og får tydeleg fram at ikkje alt Young har gjort er like godt. Han har intervjua hundrevis av personar som har stått Young nær, og det er gull verdt. Aller best er det likevel at han har fått Young i tale. Gjennom heile boka kjem det lange avsnitt frå desse intervjua.

Guffen tilrår.  

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Scott Young: Neil and Me (1984)
Sam Inglis: Harvest (2003)
Durchholz og Graff: Neil Young. Long May You Run (2010)
Waging Heavy Peace (2012)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Special Deluxe (2014)
Sharry Wilson: Young Neil (2014)

15. november 2020

Frode Grytten: Langdistansesvømmar (1990)

På veg gjennom forfattarskapen til Grytten, og det som kjenneteiknar bøkene hans vert gradvis meir og meir synleg. I den førre novellesamlinga veksla han mellom bokmål og nynorsk, her er alt på nynorsk. Her møter me for fyrste gong The Smiths, i novella "Blue Boy Babylon" siterer hovudpersonen tekstane deira fleire gonger. Han fortel òg om korleis debutplata deira var som ein handgranat. Viss eg hugsar rett, bruker han om lag same metaforen i eit glimrande essay om The Smiths, som var brukt i teaterprogrammet til Bikubesong.

Grytten er altså på veg, men her er òg likskapar med den fyrste novellesamlinga han gav ut. Også her handlar det ofte om unge menn som ikkje veit heilt kven dei er eller kvar dei er på veg. Språket prøver framleis å vera eit gatespråk, eit friskt ungdomsspråk. Eg synest ikkje akkurat det lukkast heilt, og alt i boka er heller ikkje like vellukka. 

Guffen er lunken. 

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

14. november 2020

John Steinbeck: The Winter of Our Discontent (1961)

Dette er den siste romanen Steinbeck gav ut. Fleire av romanane hans var høgst samfunnskritiske, og slik er det òg med denne. Det er likevel ikkje den romanen der samfunnskritikken kjem tydelegast fram, og det kan hengja saman med forma på romanen.

Hovudpersonen, Ethan Hawley, ættar frå velståande folk, men har ikkje fått det så godt til sjølv. Han arbeider i ein butikk, utan altfor mykje ansvar, men både han, kona, og andre folk i småbyen ventar seg langt meir av han. Han triksar og miksar litt, han planlegg eitt og hitt, og til slutt får han napp. Han melder frå til styresmaktene om at sjefen hans, ein italiensk-amerikanar, har kome ulovleg til landet. Sjefen vert kasta ut; Hawley får kjøpa butikken relativt rimeleg. Eit anna triks går òg godt, slik at velstanden er på veg. 

Romanen skildrar altså eit samfunn der det meste handlar om pengar. Er ein velståande er ein òg vellukka. Ein må òg gjera eit godt inntrykk, ein må framstå som lukkeleg og glad. Og sjølv om ein har triksa og miksa må ein ikkje visa det. Son til Hawley vert heidra for eit essay han har skrive på skulen, men det viser seg at han har juksa, og han misser premien. Faren ser parallellar til eigne handlingar, og vert så nedtrykt at han ikkje vil leva meir.

Grei historie og greie haldningar, men boka er berre middels vellukka. Svært store delar av boka er skrive som dialogar, tidvis minner det om eit teaterstykke. Og ikkje eit vondt ord om teater, men teaterstykke gjer seg vanlegvis langt betre på scena enn i bokform.

Guffen er lunken.  

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

11. november 2020

My Next Guest Need No Introduction, sesong 3 (2020)

 

Dette er framleis eit finfint konsept. David Letterman, ein glimrande talkshow-vert gjennom ei årrekkje, inviterer med seg ein person til ein lang og grundig prat. Han er framifrå, han er morosam, han fortel om seg sjølv, men han stiller òg gode spørsmål og let den andre få snakka.

Alt er likevel ikkje på topp her. Serien har berre fire episodar. Eg har ikkje funne noko forklaring på det (og det har eg heller ikkje sett etter), men det må ha med korona å gjera. Dei to fyrste episodane er filma på ein teaterscene, den tredje er i friluft, medan den fjerde er heime hjå ho han snakkar med. Dei to fyrste gjestane er heller ikkje altfor interessante. Kim Kardashian har rett nok meir å by på enn eg frykta, men ikkje altfor mykje. Robert Downey jr. trur sjølv at han er altfor artig, og det er aldri noko godt utgangspunkt.

Det tek seg stort opp med dei to siste gjestane, som begge var ukjende for meg. Komikaren Dave Chappelle fortel godt om livet sitt, og det gjorde spesielt inntrykk då han fortalde om samhaldet i heimbyen i Ohio. Musikaren Lizzo gjorde òg eit godt inntrykk, og ho er kanskje den som hadde best kjemi med Letterman denne sesongen.

Guffen tilrår.

Meir Letterman på kulturguffebloggen
Jason Zinoman: Letterman (2017)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 1, 2018)
My Next Guest Needs No Introduction 
(sesong 2, 2019)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 4, 2022)