21. november 2020

Don DeLillo: The Silence (2020)

Don DeLillo er ein forfattarar eg av og til tenkjer eg skulle ha lese meir av. Eg har lese 4-5 av bøkene hans, og stort sett er det verdt bryet. Denne kom i haust, eg kjøpte ho sånn omtrent med ein gong, og på merkeleg vis hoppa ho heilt fremst i køen av bøker som skal lesast.

Det er ein kort roman. Fem vener skal samlast for å sjå Super Bowl, eitt av høgdepunkta i den amerikanske sportskalenderen. Eit eller anna skjer - kanskje det er ei ulukke, kanskje det er terrorisme, og alt endrar seg. To av dei fem er på veg heim etter å ha vore i Europa, og flyet deira greier så vidt å landa. Dei tre andre har sett seg til rette for å sjå kampen, då alt vert svart. Straumen er vekke, telefonane verkar ikkje, og brått er dei tilbake i ei tid som verkar framand: Ei tid då ein ikkje er oppdatert heile tida. 

What happens to people who live inside their phones? Dette spørsmålet dukkar opp midtveges i boka, og det er kanskje dette DeLillo vil seia oss denne gongen: Me er ei sivilisert verd, me er sosiale skapningar, men telefonane våre (og datamaskinene og fjernsynet) har gjort at me ikkje har så mykje direkte kontakt med folk meir. Scena med dei tre som brått ikkje får sett fjernsyn handlar om akkurat det same - utan fjernsyn og internett er det som om dei ikkje veit kven dei er, eller korleis dei skal agera med kvarandre.

Boka held ikkje piffen like godt oppe heile vegen, det fislar litt ut mot slutten. Men det er likevel ei fin bok, og språket til DeLillo er jo finfint.

Guffen tilrår.

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
Americana (1971)
End Zone (1972)
Great Jones Street (1973)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar