11. november 2020

My Next Guest Need No Introduction, sesong 3 (2020)

 

Dette er framleis eit finfint konsept. David Letterman, ein glimrande talkshow-vert gjennom ei årrekkje, inviterer med seg ein person til ein lang og grundig prat. Han er framifrå, han er morosam, han fortel om seg sjølv, men han stiller òg gode spørsmål og let den andre få snakka.

Alt er likevel ikkje på topp her. Serien har berre fire episodar. Eg har ikkje funne noko forklaring på det (og det har eg heller ikkje sett etter), men det må ha med korona å gjera. Dei to fyrste episodane er filma på ein teaterscene, den tredje er i friluft, medan den fjerde er heime hjå ho han snakkar med. Dei to fyrste gjestane er heller ikkje altfor interessante. Kim Kardashian har rett nok meir å by på enn eg frykta, men ikkje altfor mykje. Robert Downey jr. trur sjølv at han er altfor artig, og det er aldri noko godt utgangspunkt.

Det tek seg stort opp med dei to siste gjestane, som begge var ukjende for meg. Komikaren Dave Chappelle fortel godt om livet sitt, og det gjorde spesielt inntrykk då han fortalde om samhaldet i heimbyen i Ohio. Musikaren Lizzo gjorde òg eit godt inntrykk, og ho er kanskje den som hadde best kjemi med Letterman denne sesongen.

Guffen tilrår.

Meir Letterman på kulturguffebloggen
Jason Zinoman: Letterman (2017)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 1, 2018)
My Next Guest Needs No Introduction 
(sesong 2, 2019)
My Next Guest Needs No Introduction (sesong 4, 2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar