30. juni 2025

Morten A. Strøksnes: Hellig grunn (2001)

Morten Strøksnes har skrive mange flotte reiseskildringar. Dette er vel den fyrste boka han gav ut, og sjølv om nivået ikkje er like høgt heile vegen, er her mykje bra.

I den fyrste delen av boka er han i Palestina og Israel. Her vert mønsteret for boka sett - han vekslar mellom eigne opplevingar og historiske fakta. Han møter folk på begge sider og let dei snakka, men han kjem òg med kritiske spørsmål. Det er ingen tvil om kvar sympatien hans ligg, men han kan òg vera kritisk til palestinarane, og kanskje spesielt til Arafat.

Han reiser vidare til Libanon og Syria før han endar opp i Kurdistan, lengst nord i Irak. I desse delane er han ikkje like god, her vert det av og til litt kjedeleg. Også desse områda har vore mykje herja av krig, og nokre stadar er det så farleg at han må ha livvakt. Han snakkar med folk, han kjem med gode observasjonar, og han er like uredd som i seinare bøker. Nokre av barane han vitjar verkar ikkje heilt trygge, for å seia det forsiktig.

Guffen tilrår.

Meir Strøksnes på kulturguffebloggen
Automobil (2005)
Rett vest (2009)
Et mord i Kongo (2010)
Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)
Havboka (2015)
Lumholtz' gjenferd (2022)
Molok (2024)

27. juni 2025

James Thurber: The Thurber Carnival (2014)

James Thurber vert gjerne omtalt som ein av dei store amerikanske humoristane. Denne boka er eit utval av tekstane hans, og eg kan til ei viss grad skjøna kvifor han får ein slik omtale. Eg lo sjeldan, men eg humra ofte. I så godt som alle tekstane er det setningar eller hendingar på høgt nivå.

Tekstane tek utgangspunkt i kvardagshendingar, gjerne fortalde i fyrste person. Dei er likevel oppdikta, reknar eg med. Tekstane er henta frå ei rekkje bøker Thurber gav ut. Skal eg døma frå dette utvalet er boka My Life and Hard Times eit høgdepunkt. Smaksprøvane herfrå vert presenterte som hendingar frå oppveksten hans, der små bagatellar og nesten-hendingar vert presenterte som viktige greier.

Thurber illustrerte mange av tekstane sine. Spesielt i den siste tredelen av boka er det mykje av dette - av og til kjem desse som eigne vitseteikningar. Her er ikkje nivået like høgt.

Guffen tilrår.

25. juni 2025

Kampen for tilværelsen, sesong 1 (2014)

Denne serien fekk mykje skryt då han gjekk på NRK for rundt ti år sidan. Det fekk eg (sjølvsagt) ikkje med meg, og han var òg lenge uråd å sjå i nettspelaren til NRK. No ligg denne fyrste sesongen der, men den andre er ikkje tilgjengeleg.

Utgangspunktet er at den polske lingvisten Tomasz slit økonomisk. Sambuaren hans overtalar han til å reisa frå Krakow til Noreg for å spora opp faren han aldri har møtt og be han betala det han skuldar. Sambuaren har rekna ut kor mykje ein far ville ha brukt på ein son, og dei pengane har Tomasz krav på.

Han finn ikkje faren, men han (og me andre) opplever mykje rart. Alle dei norske familiane i serien bur i Ullevål Hageby, som akkurat her vert eit slags Twin Peaks. Området er fullt av rare personar og historier. Ein eldre mann finn ut at den like eldre kona hans hadde ein elskar i mange år, og etter at ho får slag finn han ut at han skal herja litt med ho. Eit yngre og meir attraktivt par vil gjerne ha med eit nabopar på noko hankypanky-greier. Mannen i naboparet fingerer sitt eige sjølvmord før han flyktar i båten sin. Ein kvinneleg dokter kjøper ein Porsche som ho (kanskje) frys i hel i. Tomasz arbeider som handverkar, og bruker det han har for handa når det viser seg at dei har gløymt tommestokken. Han greier òg å gjera ei synsk kvinne gravid. 

Og så vidare. Manus er godt, skodespelet er godt, og castinga er strålande. Tomasz ser akkurat så naiv ut som han skal, der han på vegen ut av lingvistikk-bøkene sine møter mangt og mykje nytt.

Guffen tilrår.

24. juni 2025

Edmund Austigard: Hvítrheimr (2025)

Denne boka var langt betre enn det eg trudde etter å ha lese dei fyrst kapitla. Det gjekk tregt, og det var vanskeleg å sjå samanhengane mellom dei eg las om. Dette endra seg gradvis, og undervegs i lesinga merka eg at dette var ei fin bok.

Hovudpersonen er vel Ein Vassfadl, ein hovudperson med eit lite lesarvenleg førenamn. Han er siste arving i ei lang ætte-rekkje, der dei alle har hatt ansvar for at det er aure i fjellvatna ved garden deira. Ætta har òg eigd ei bok der forfedrane hans har skrive ned alt som har skjedd sidan 1100-talet. Denne boka har Ein kika i utan løyve, og det går ut over auren. Boka kjem til USA, og ho som eig boka kjem til Noreg for å møta Ein. Ting ordnar seg, litt etter litt.

Mykje kunne gått tapt, og mykje går tapt. Ein veit at han er den siste om kjenner alle dei gamle stadnamna i området, til dømes. Naturen endrar seg òg, og ikkje til det betre. Kanskje er alle desse tapa ein av grunnane til at Austigard bruker mange ord som ikkje er så mykje i bruk i dag

Guffen tilrår.

Meir Austigard på kulturguffebloggen
Jarl Austigard og Edmund Austigard: Jakta på bjednekniven (2009)
Edmund Austigard: Solskinsbussen (2011)

23. juni 2025

Upton Sinclair: The Jungle (1906)

"Each crisis would leave Jurgis more and more frightened", står det om lag midt i denne boka. No var han rett nok rimeleg tøff og sjølvsikker i opninga av boka, men likevel: Her er så mange kriser at han må ha vorte rimeleg redd og skremt utover i boka. 

For krisene står i kø. Jurgis Rudkus utvandrar frå Litauen til USA i 1890-åra, saman med åtte-ti andre. Dei har høyrt mykje godt om USA, og sjølv om dei får seg arbeid i Chicago med ein gong, går alt raskt nedover. Dei vert utnytta på jobb, dei vert lurte av meklaren som sel dei hus, dei går på smell etter smell, og det heile er så tragisk at det vert eit slit også for lesaren. Det kjem rett nok eit brot midt i boka. Etter at kona og sonen til Jurgis døyr, flyktar han ut på landsbygda. Livet der vert skildra i fargar, og der tek folk vare på kvarandre. Når hausten kjem, reiser han likevel tilbake til Chicago. Der vert han sosialist, og slutten av boka er rein agitasjon for sosialismen. Not that there's anything wrong with that, men det fungerer dårleg i ein roman.

Så boka er ikkje så mykje å skryta av, men The Jungle er likevel ei viktig bok. Jurgis fekk jobb på eitt av dei store slakteria i Chicago, og skildringane i romanen er forferdelege. Sinclair sa at alt var sant, og det vart sett ned ein komité som granska tilhøva. Rapporten deira førte til at kongressen oppretta eit slags mattilsyn, som igjen førte til at tilhøva i slakteria vart betre.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

21. juni 2025

I Hired a Contract Killer (1990)

Ein Kaurismäki-film til. Det ligg fleire av dei på Netflix, og denne kasta eg meg over (relativt) raskt - slik eg hugsar det frå gamle dagar var filmen midt i blinken. Minnet er sviktande, viser det seg. Filmen er ikkje like sprek som eg trudde.

Det handlar om franske Henri Boulanger. Han bur i London, jobbar på eit kontor, og er så misnøgd med livet sitt at han ikkje orkar meir. Han prøver å ta livet sitt, men greier ikkje det heller. I ei avis ser han løysinga - der står det om leigemordarar, og på uventa kort tid greier han å finna nokon som er viljuge til å drepa han. Han betalar den avtalte summen, og deretter har han maks to veker igjen av livet. 

Men så kjem det ei uventa vending: Han møter ei kvinne og finn ut at livet er no ikkje det verste, lell. Han går tilbake til leigemordarkontoret for å kansellera tinginga, men oppdagar at bygninga er riven. Resten av filmen gjer han sitt beste for å unngå ein leigemordar han ikkje veit korleis ser ut. 

Det vert ikkje løye nok. Eg skulle gjerne hatt meir å le av, men det får eg ikkje. Filmen er heller ikkje alvorleg nok til at det vert ein thriller eller noko den retninga, slik at det vert litt midt i mellom alt. Og litt sånn midt på treet.

Guffen er lunken. 

Meir Kaurismäki på kulturguffebloggen
Piken fra fyrstikkfabrikken (1990)
La Vie de Bohème (1992)
Lys i skumringen (2006)

16. juni 2025

Brad Tolinski, Jaan Uhelzski og Ben Edmonds: MC5. An Oral Biography of Rock's Most Revolutionary band (2024)

Nokre byar vert synonym med nye fenomen i rockemusikken. Seattle. Manchester. Liverpool, til ei viss grad. San Francisco. Innan punken er det anten New York eller London, alt etter kven du spør. Men det kan henda at Detroit og nabobyen Ann Arbor burde fått større plass på ei slik liste. Frå slutten av 1960-åra til tidleg i 1970-åra heldt to viktige band til der - MC5 og The Stooges. Eg har slettes ikkje noko nært forhold til nokon av dei, men eg har ikkje noko problem med å sjå kor viktige dei var. Og MC5 skreiv jo "Black to Comm", ein fabelaktig fengande song.

Denne boka fortel om MC5. Ben Edmonds gjorde ei rekkje opptak med bandet og folk rundt dei, frå 1990-åra og utover. Han døydde før han fekk samla stoffet i bokform; det er det dei to andre forfattarane som har gjort. Dei skriv gode (men av og til unødvendige) innleiingar til kvart kapittel, før det vert sitat frå intervjua. Det fungerer godt, og det er flott korleis dei fem i bandet vert gradvis meir irriterte på kvarandre. (Eller fire - Fred Smith er ikkje intervjua.) 

Av dei andre rundt bandet er John Sinclair den som snakkar mest. Han var ein sjefs-hippie i Detroit, og var minst like oppteken av politikk som av musikk. Han skal òg ha styrt heile økonomien til bandet, noko dei etter kvart vart svært misnøgde med. Bandet vart store lokalt, men sleit med å nå fram i resten av USA. Dei var litt større i Europa, men aldri store nok til at dei kunne leva godt av det. Og nokre i bandet meiner at det var det som var drivkrafta til eit par av dei andre: Dei ville verta stjerner og bu i store hus og køyra med store bilar.

Guffen tilrår.

15. juni 2025

James Hawes: The Shortest History of England (2020)

For nokre år sidan las eg ei liknande bok av Hawes. Den handla om tysk historie, og den boka likte eg godt. Denne er ikkje like vellukka. Eg trur den viktigaste grunnen er at Hawes er engelsk. Når han skreiv om Tyskland forklarte han alt. I denne boka er mykje inneforstått. Det verkar som om han skriv for engelske lesarar, slik at mange referansar kan vera vanskeleg å ta for oss andre. Ein stad skriv han til dømes om at fjernsynskjendisane Gary Glitter og Jimmy Saville var så store stjerner at dei kunne gjera som dei ville. At begge er dømde for overgrep mot born vert ikkje nemnt med eit ord, slik at dei som ikkje alt veit det kan tolka setninga til Hawes heilt annleis. Noko anna eg gjerne ville hatt meir av, er plassering av stadnamn.

Men her er sjølvsagt òg mykje bra. Han startar i retteleg gamle dagar og går fram til vår tid, og han ser nokre gjennomgåande trekk. Det har alltid vore Søraust-England mot resten av øya. At det er motsetnader mellom nord og sør er greitt, det er det mange stader, men her viser han igjen og igjen at dette er ei grenseline på mange område.

England har ei like blodig historie som mange andre land. Hawes skriv om slag etter slag, der tusenvis mister livet. Han skriv om korleis ulike medlemmer i dei mange kongefamiliane triksar og miksar for å sikra seg makt. Det siste er ei anna innvending mot boka, men det er kanskje slik det er i historiefaget: Han er langt meir interessert i kongar og knektar; den vanlege mannen/kvinna i gata står det mindre om.

Guffen er lunken.

Meir Hawes på kulturguffebloggen
The Shortest History of Germany (2017)

9. juni 2025

J.D. Salinger: The Catcher in the Rye (1951)

Denne står vanlegvis høgt oppe på listene over dei beste amerikanske romanane. Det er ikkje vanskeleg å forstå - boka er velskriven og fengande. Me får eit fabelaktig portrett av forteljaren, og boka seier i tillegg mykje om korleis det var å vera ein ung mann i åra rett etter andre verdskrigen. Forteljaren, Holden Caulfield, slit med å leva opp til dei store forventningane folk rundt han har.

Ein av grunnane kan vera at han slit litt mentalt. Nokre få gonger dukkar det opp eit "du" i teksten, og det er tydeleg at nokon har bede han å fortelja om livet sitt. På den siste sida refererer han til "this one psychoanalyst guy they have here", og det kan tyda på at han er innlagt. 

Han har prøvd seg ved fleire universitet, men han vert kasta ut av alle. Boka fortel om dei to-tre dagane etter at han vart kasta ut av det siste. Han reiser til New York, der familien bur, men han oppsøkjer dei ikkje. Han tek i staden inn på hotell, han ringjer til perifere kjenningar, han går på bar og prøver å verta kjend med folk eller å plukka opp damer. Han prøver heile tida å skapa inntrykk av at det er alle andre som er idiotar og vanskelege, men Caulfield er eit godt eksempel på ein forteljar me ikkje skal stola på: Det er jo han som er den vanskelege. Han er grunnleggjande negativ til alt og alle. Han snik seg inn i heimen til foreldra for å snakka med veslesyster si, den einaste personen han ikkje snakkar drit om. Ho seier det som det er: "You don't like anything that's happening". Caulfield nektar, men då ho bed han om å seia ein einaste ting han likar, kjem han ikkje på noko.

Guffen tilrår. 

Meir Salinger på kulturguffebloggen
Nine Stories (1953)
Joanna Rakoff: My Salinger Year (2014)

8. juni 2025

Tormod Haugland: Sirenene (2024)

Fleire av dei tidlege romanane til Haugland hadde korte titlar, der ordet i tittelen kunne ha ulike tydingar. Slik er det også her. Fleire gonger i boka snakkar folk om at dei høyrer sirener. Men dei to kvinnene hovudpersonen Tormod møter har òg noko mytisk og mystisk over seg, og kan godt vera sirener av det slaget me finn i gresk mytologi. Dei dukkar opp heilt ut av det blå, dei kan ikkje visa kvar dei kjem frå, dei bur ingen stad, osb. 

Tormod er i skogen for å leita etter ei bortkomen kvige då han finn ein pose med nyplukka blåbær. Han kjem over ho som har plukka bæra, den vaksne kvinna Norun, som er halvvegs på veg inn i ein bergsprekk. Ho er biten av ein orm, men Tormod syg ut gifta og følgjer ho tilbake til hytta ho bur i. Der er òg dottera Nora, som det viser seg at korkje har papir eller personnummer eller adresse. Tormod og Nora vert eit par. Tormod har kvelden før prøvd seg på ei ung kvinne han har kjent heile livet. Det gjekk ikkje, og på merkeleg vis døydde far hennar den kvelden. 

Det er ei finfin bok, der Haugland viser at han meistrar romankunsten godt. Ved inngangen til ein ny del av romanen kjem det eit kort referat frå det som har skjedd så langt, og her får me gradvis vita meir og meir. At han eine mannen døydde får me til dømes vita tidleg, me skal langt ut i boka før me får vita at Tormod var der då det skjedde.

Guffen tilrår. 

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)
Om søvn og mørke (2019)
Om livet på jorda (2021)

7. juni 2025

La Vie de Bohème (1992)

I 1990-åra, altså sist gong eg budde ein stad med eit godt og variert kino-tilbod, var det alltid eit høgdepunkt når det kom ein ny Kaurismäki-film. Denne er laga av Aki; andre var laga av broren Miki. Desse filmane var vel utan unntak både tragiske og komiske. Til mi store overrasking fann eg denne filmen på Netflix i går, og det var som før: Det er noko gjennomgåande trist og tragisk over filmen, samstundes som eg av og til ler så tårene trillar.

Filmen handlar om tre kunstnarar i Paris - diktaren Marcel, målaren Rodolfo og komponisten Schaunard. Ingen av dei har noko større suksess, alle bur på tronge og kalde hyblar, og alle har trua på at dei ein gong skal få det til. (Spoiler: Det gjer dei ikkje.) Av og til får dei inn pengar, spesielt Rodolfo er heldig og sel mange måleri til ein som burde vita betre, men når dei får inn pengar går det meste med til alkohol. 

Dei tre skodespelarane har stort sett det same, triste uttrykket heile tida. Eit lite unntak er når dei reiser på landtur saman med to kvinner. Likevel kan dei lira seg av dei løgnaste kommentarane i verda - ofte utan at dei sjølve ser humoren i det. Ein stor film, og ein fin inspirasjon til å halda augene opne for meir Kaurismäki.

Guffen tilrår.

Meir Kaurismäki på kulturguffebloggen
Piken fra fyrstikkfabrikken (1990)
I Hired a Contract Killer (1990)
Lys i skumringen (2006)

3. juni 2025

Daniel Rachel: Too Much Too Young (2023)

Rundt 1980 kom det ei forfriskande ska-bylgje. Det var absolutt eit alvor over mykje av platene som kom, men det musikken var mest av alt lystig og livsglad. Denne boka fortel historia om 2 Tone, eit plateselskap som fekk ei nøkkelrolle. 

Ideologen bak denne retninga var Jerry Dammers. Han skipa gruppa The Specials, som vart ei av dei viktigaste i ska-bylgja. Dei to andre tidlege gruppene var Selecter og Madness. Dei to fyrste kom frå Coventry, og begge hadde både svarte og kvite medlemmer. Kvinner fekk òg sentrale roller - vokalisten i Selecter var kvinne, og den reine kvinnegruppa The Bodysnatchers var òg del av bylgja.

Dei ville altså vera inkluderande. Likevel vart konsertane deira prega av vald og rasisme. Nynazistiske miljø vart dregne mot konsertane. Dei fleste av musikarane som vart intervjua tok klart avstand frå dette, men det kan ikkje ha vore populært at Chas Smash i Madness kom med eit trumpsk svar og sa noko slikt som at det finst fine folk i begge leirar.

Bylgja varte ikkje lenge. Madness vart eit popfenomen, medan dei andre banda gjekk fort til grunne, anten av di dei vart oppløyst, eller av di medlemmer gav opp. Rachel fortel historia grundig og godt. Han bruker sitat frå gamle og nye intervju, og skriv vel om alle gruppene som gav ut plater på 2 Tone. Nokre fortener denne omtalen, andre verkar rimeleg uinteressante på alle måtar.

Guffen tilrår.