5. desember 2010

Animal Crackers (1930)

Den andre filmen til Marx Brothers, og eit langt steg framover frå Cocoanuts. Det er her stordomstida tek til.

Den største skilnaden er at her verkar dei mykje sikrare. Sjølv om også denne filmen er basert på eit teaterstykke, er dette noko heilt anna. Det er film, ikkje filma teater. Dei spelar betre, dei snakkar betre, dei leikar seg meir. Dei er friare, det heile minner (truleg) meir om slik dei var på scena. Av og til verkar det som om dei improviserer - det gjer dei ikkje her, men det var plenty improvisering på scena.

"Dei" tyder tre av dei fire Marx-brørne. Zeppo er med, og dei vert verande ein kvartett i tre år og tre filmar til, men det han gjer her kan knapt nok kallast ei birolle. Han har berre replikkar i to scenar, og då hjelper det lite at den eine av desse er den klassiske scena der han som sekretæren til Groucho kladdar eit brev til Hungerdunger, Hungerdunger, Hungerdunger, Hungerdunger og McCormick. Han er så godt som usynleg.

Her er framleis nokre musikalske innslag, men dei er ikkje så mange og så leie som sist. Tidleg i filmen syng Groucho songen "Hello, I must be going", eitt av dei musikalske høgdepunkta i filmane deira. Chico har eit glimrande pianonummer, resten av musikken kan spolast forbi.

Kva det handlar om? Mrs. Rittenhouse har ein haug med gjestar ei helg, der det kunstnarlege alibiet er avdukinga av eit måleri som ... finst ikkje viktig. Historia i Marx-filmar er der fyrst og fremst for å skapa ei ramme Marx-brørne kan vera morosame i.

Det er Groucho som dominerer i filmen. Han har fleire fabelaktige dialogar, mellom anna ein med Chico, og to med kunsthandlaren Roscoe Chandler. Men Harpo og Chico heng ikkje langt etter, dei spelar til dømes ein interessant runde med bridge.

Høgdepunkt: Då Groucho frir til to damer på ein gong ("Why, that's bigami!" "Yes, and it's big of me too"), og der han tre gonger avbryt samtalen for å ha strange interludes.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar