28. februar 2022

Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)

Dette er den tredje dramatiseringa av Fuglane eg ser. Dei tre har vore heilt ulike. Den fyrste, med ein suveren Nils Sletta, var den beste, og det var nok òg den som la seg tettast opp til romanen. Det er rett nok nokre år sidan eg las romanen, men eg hadde fleire gonger ei kjensle av at denne dramatiseringa endra litt på språket. Merkeleg nok kutta dei òg ut nokre av gullkorna, som "Du mitt nebb imot stein" eller "tvers gjennom tvers" eller til og med "Flate steinar er til å sitja på".

Det heile opnar forsiktig, truleg litt for forsiktig, men det tek seg heldigvis opp etter kvart. Mattis og Hege bur for seg sjølv; ho strikkar og strikkar, han uroar henne. Stemninga mellom dei er dårleg, dei ropar meir enn dei snakkar. Mattis har ikkje fast arbeid, og den eine dagen han arbeider, i åkeren på nabogarden, går ikkje spesielt godt. Det går betre den gongen han to unge jenter reddar han frå ein holme ute på vatnet, men så går det dårlegare igjen når han gjev tømmerhoggaren Jørgen skyss over vatnet. 

Scenedekoren er den same heile tida: Stiliserte grantre som heng ned frå taket. Bortsett frå det er det stort sett tomt, det einaste som dukkar opp er nokre vedkubbar. Språket og forteljinga gjer at det fengar meir og meir, men det er òg ting som irriterer. Røystene til dei to jentene vert endra til nokre barne-TV-greier, og av og til vert det for mange repetisjonar og for mykje roping. Framsyninga vert altfor lang. 

Guffen er lunken.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 5.4.2025)

Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (14.10.2017)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)
Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.2022)

21. februar 2022

Dag Johan Haugerud: Hva jeg betyr (2011)

Dette er ei solid bok. Forteljaren i boka, ein bibliotekar som ikkje har altfor stor tru på seg sjølv, bur ein stad i nærleiken av Oslo. Av og til dukkar sonen hennar opp, men dei har ikkje noko godt forhold. Ho har òg halvgod kontakt med kollegaene på biblioteket, men det er omtrent alt. Ho er på nikk med naboane. 

Ho seier ikkje nei til folk, i alle fall ikkje høgt. Fleire gonger angrar ho på kva ho har sagt, men minst like ofte angrar ho på kva ho ikkje har sagt. Det er lett å overtala ho, og utan at ho heilt skjønar korleis det har skjedd vert ho hyrt inn for å filma i eit bryllaup. Det kunne gått heilt gale, hadde det ikkje vore for at sonen arbeider med film, og redigerer det heile saman til eit meisterverk. Det fører til at ho tek på seg å filma i eit anna bryllaup. Også der hjelper sonen ho, og desse prosessane fører dei både tettare saman og lengre frå kvarandre.

På same måte som i filmane til Haugerud er her ein god historie, men det glitrar endå meir av dialogane. Mykje å humra av, mykje å verta imponert av. 

Guffen tilrår. 

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (roman, 2002)
Thomas Hylland Eriksen og origamijenta (film, 2005)
Som du ser meg (film, 2012)
Enkle atonale stykker for barn (roman, 2016)
Barn (film, 2019)
Lyset fra sjokoladefabrikken (film, 2020)
Drømmer (film, 2024)
Sex (film, 2024)
Kjærlighet (film 2024)

Pedro Carmona-Alvarez: Bergen Ungdomsteater (2016)

 

Carmona-Alvarez fekk P2-lyttarane sin romanpris for Og været skiftet og det ble sommer og så videre (2012). Denne boka er ein frittståande oppfylgjar, i det som truleg vert ein trilogi. (Det var i alle fall snakk om det tidlegare.)

Romanen er ei uvanleg fin skildring av ungdomslivet. Dei tre hovudpersonane, Marita, Andreas og Johannes, er svært ulike. Dei har ulike bakgrunn, men har òg mykje felles. Marita er litt kjærast med Johannes, seinare vert ho litt kjærast med Andreas.

Marita er vel den eigentlege hovudpersonen. Ho har norsk mor og amerikansk far, og dei to skilde lag for lenge sidan. Tidleg i boka flyttar ho og mora frå Oslo til Bergen, der mora, som ikkje er av det mest stabile slaget, flyttar saman med ein ny mann. Marita har det langt betre når ho vitjar faren og den nye kvinna hans, men det er ikkje ofte ho ser han: Han bur i California. Men ho er der lenge ein gong tidleg i 1990-åra, og det vert ho prega av.

Carmona-Alvarez skriv glitrande. Kvart kapittel krinsar om éin av dei tre (sjølv om dei alle dukkar opp overalt). Kapitla om Marita er skrivne i eg-form; i dei andre er det forfattaren som fortel. Det er morosamt, det er rørande, det er varmt og godt, og eg håpar det kjem ein oppfylgjar ein gong. 

Guffen tilrår. 

Meir Carmona-Alvarez på kulturguffebloggen
Og været skiftet og det ble sommer og så videre (2012)
Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (2021)

Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)

Frå 1930 til 1932 gav Tarjei Vesaas ut tre bøker om Klas Dyregodt. Den tredje boka slutta ikkje altfor opplyftande. Vesaas skal ha kjent at soga om Klas burde enda litt betre, så dette er den fjerde boka i trilogien. 

Klas er framleis damvakt. Han får gjennom at den gamle dammen er for farleg. Dammen av tre vert riven, og det vert i staden murt opp ein langt tryggare dam. Klas held fram som damvakt, men kjenner at det ikkje er det han vil. Vendepunktet i livet hans kjem når han vitjar fosterfaren sin, Anders Ru, som ligg for døden. Anders seier til Klas at han må verta med, han òg. Klas finn ut at Anders har rett, skriv brev til Eli (som han fekk eit dødfødt barn med tidlegare i serien). Eli kjem til Klas, dei gifter seg, og flyttar inn i huset der Anders Ru hadde budd.

At Vesaas ville gje Klas eit betre liv er prisverdig, men det er ikkje det same som at boka vert god. Der er likskapar mellom Vesaas og Klas, scena der Klas og Eli går inn i huset der dei skal bu minner om då Tarjei Vesaas fyrste gong tok med seg Halldis Moren til Midtbø. Men boka vert lang, og det verkar som om tankane til Klas går i ring og kjem attende til same staden fleire gonger

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Tarjei Vesaas: Bruene (1966)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)
Fuglane (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 5.4.2025)

Ottar Grepstad: Brent ord (2022)

Bøker skal ikkje brennast. Av og til skjer det, og det er like ubehageleg kvar gong.

I denne boka handlar det mest om bøker som vert kasta på bålet av språklege grunnar. Grepstad har dokumentert 26 slike bokbål, og som regel går det ut over nynorsk. To av gongene har bokmålsbøker brunne, sju gonger var det samnorsk, ei gong var det både riksmål og nynorsk, resten av gongene var det nynorsk. Det er som oftast ungdom som tenner opp, og etter 1980 var det vanlegvis medlemer i Unge Høgre som var ute med fyrstikkene sine. 

Grepstad bruker ei rekkje kjelder. Det opnar gjerne med at han søkjer seg fram til ein avisartikkel som fortel om eit bokbål, før han går vidare til lesarbrev og debatt i ettertid. Så snakkar han gjerne med nokre av dei som var med. Dei er alle, så vidt eg fekk med meg, fulle av anger, og seier at dei gjerne skulle sett at dette var ugjort.

Det er ei viktig bok. Bøker skal ikkje brennast, og denne boka dokumenterer at det har skjedd altfor mange gonger.

Guffen tilrår. 

Meir Grepstad på kulturguffebloggen
Avisene som endra Noreg (2010)
Historia om Ivar Aasen (2013)
Vinje-bibliografien (2017)
Forfattarens skriftstader (red., 2018)
Aasen-bibliografien (2018)
Bokhistorier (2022)
Den bortkomne Aasen-visa (2023)

20. februar 2022

Ricky Gervais: Humanity (2018)

 

Ricky Gervais slo gjennom med The Office, men hadde alt då pusla litt med standup. Etter The Office har han laga både filmar og seriar, men han har òg laga nye standup-show. Humanity skriv seg frå 2013, men har utvikla seg på vegen fram mot dette opptaket.

Han er heilt åleine på scena. Han fortel historier, og han sparkar i alle retningar. Han vitsar mykje med seg sjølv og rikdomen sin, han vitsar om kjendisar, han fortel om då han var programleiar på Golden Globe, han vitsar med Twitter og alle dei rare kommentarane han får der, og så bortetter. 

Dei fleste poenga hans råkar godt. Nokre kjem han tilbake til fleire gonger, men ikkje så mange eller så ofte at det vert dumt. Han kan sjølvsagt stoffet godt, og han framfører det godt. Det irriterer ørlite at han av og til smiler og ler godt av vitsane sine sjølv; eg reknar med at dei fleste som sit i salen veit kven han er, og veit at han er ein komikar som tøyer grensene. Bortsett frå det var dette ein fin time.

Guffen tilrår. 

19. februar 2022

David Paul Kuhn: The Hardhat Riot (2020)

 

1960-åra sette spor etter seg i USA. Landet var delt før det òg, men denne boka argumenterer for at dei indre usemjene som vart skapte då framleis lever godt. Den viktigaste grunnen var Vietnam-krigen.

Frå midt i 1960-åra vart fleire og fleire soldatar sende til Vietnam. Mange miste livet, mange vart skadde for livet. Motstanden vaks, og det var jamleg demonstrasjonar. Svært få støtta krigen, men mange likte òg dårleg måtane det vart demonstrert på. For desse var det viktig å støtta landet sitt, og det var viktig å respektera det heilagste av alt: Det amerikanske flagget.

Den 4. mai 1970 vart fire studentar drepne under ein demonstrasjon ved Kent State University, Ohio. Fire dagar seinare, under ein stor støttedemonstrasjon i New York, hadde arbeidarklassa fått nok: Enorme mengder bygningsarbeidar gjekk til ... ja, motangrep er vel det beste ordet. Dei banka opp studentar. Politiet såg på, men gjorde ingen ting. Merkeleg nok gjekk ingen liv tapt. 

Denne boka, som er aldeles glimrande, fortel om alt dette. I eit romsleg opningskapittel står det om forhistoria, før det kjem ei svært lang og detaljert skildring av samanstøytane. Kuhn har snakka med mange som var med, han har brukt samtidige kjelder, og gong etter gong kjem den same utsegna frå bygningsarbeidarane: Studentane måtte gjerne demonstrera, men dei måtte ikkje misbruka det amerikanske flagget.

Såra frå Vietnam og desse demonstrasjonane grodde ikkje. Dei var synlege gjennom åtti-åra og dei neste tiåra, og er i dag meir synlege enn nokon gong. Boka kom ut før storminga av kongressen i 2021, men det er ikkje vanskeleg å sjå ein slektskap.

Guffen tilrår.