19. februar 2022

David Paul Kuhn: The Hardhat Riot (2020)

 

1960-åra sette spor etter seg i USA. Landet var delt før det òg, men denne boka argumenterer for at dei indre usemjene som vart skapte då framleis lever godt. Den viktigaste grunnen var Vietnam-krigen.

Frå midt i 1960-åra vart fleire og fleire soldatar sende til Vietnam. Mange miste livet, mange vart skadde for livet. Motstanden vaks, og det var jamleg demonstrasjonar. Svært få støtta krigen, men mange likte òg dårleg måtane det vart demonstrert på. For desse var det viktig å støtta landet sitt, og det var viktig å respektera det heilagste av alt: Det amerikanske flagget.

Den 4. mai 1970 vart fire studentar drepne under ein demonstrasjon ved Kent State University, Ohio. Fire dagar seinare, under ein stor støttedemonstrasjon i New York, hadde arbeidarklassa fått nok: Enorme mengder bygningsarbeidar gjekk til ... ja, motangrep er vel det beste ordet. Dei banka opp studentar. Politiet såg på, men gjorde ingen ting. Merkeleg nok gjekk ingen liv tapt. 

Denne boka, som er aldeles glimrande, fortel om alt dette. I eit romsleg opningskapittel står det om forhistoria, før det kjem ei svært lang og detaljert skildring av samanstøytane. Kuhn har snakka med mange som var med, han har brukt samtidige kjelder, og gong etter gong kjem den same utsegna frå bygningsarbeidarane: Studentane måtte gjerne demonstrera, men dei måtte ikkje misbruka det amerikanske flagget.

Såra frå Vietnam og desse demonstrasjonane grodde ikkje. Dei var synlege gjennom åtti-åra og dei neste tiåra, og er i dag meir synlege enn nokon gong. Boka kom ut før storminga av kongressen i 2021, men det er ikkje vanskeleg å sjå ein slektskap.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar