Det måtte vel koma - etter å ha lese ein Montgomery Clift-biografi, ser eg ein film der han har den mest sentrale rolla. Han er god her, filmen er sånn midt på treet.
Hawaii, 1941. Soldaten Robert Prewitt (Clift) kjem til ein ny militærleir. Mange kjenner han frå før, han er ein framifrå trompetist, og ein like god boksar. Sjefen i leiren vert overraska då han høyrer at Prewitt har slutta med boksinga, og gjev ordre om at han skal pressast til å boksa igjen, slik at leiren kan vinna den årlege boksemeisterskapen. Slik går det ikkje, Prewitt vert hundsa med gjennom heile filmen. Det vert òg etter kvart kameraten hans, Maggio (Frank Sinatra). Maggio døyr etter å ha vore i kakebua, og Prewitt hemnar seg ved å ta livet av kakebuvaktaren. Så kjem krigen til Hawaii, Pearl Harbor og alt det der.
Det er altså ikkje ei altfor original historie. Militærlivet er veldig mannsdominert, sjølvsagt, dei drøymer om damer og gler seg til dei kan drikka i helgene, og det er mykje roping og slossing. Både Prewitt og Maggio verkar heilt malplasserte, Maggio er altfor pinglete til å vera soldat; Prewitt er altfor følsom og delikat. Rundt dei er det mange menn med store musklar, til dømes sersjant Warden (Burt Lancaster), som i løpet av filmen finn ut at det er soldat han vil vera, sjølv om han, viss han vert offiser, kan få ho han vil ha.
Her er mykje fint skodespel, men bortsett frå det er det ikkje så mykje å gle seg over. Det er ein film der nattscenene er spelte inn om dagen, der mange av utescenene er spelte inn i studio, og ein film som ikkje engasjerer noko større.
Guffen er lunken.
4. juni 2012
3. juni 2012
Stig Sæterbakken: Ikke forlat meg (2009)
Den tredje Sæterbakken-boka eg har lese etter nyttår, og den tredje Sæterbakken-boka som har imponert meg.
Historia vert fortalt nokolunde omvendt kronologisk. Amalie har nett gjort det slutt med Aksel. Dei er begge rundt dei tjue, og det er Aksel denne romanen handlar om. Han er ikkje heilt stabil, og sjølv om det i opninga av boka verkar som om det er brotet med Amalie han slit med, vert det, når me går bakover i historia hans, tydeleg at det ligg noko djupare bak.
Aksel har vondt for å binda seg til andre. Han stolar ikkje heilt på dei, han er til dømes heile tida overtydd om at Amalie, sjølv om dei bur i lag og har hatt to-tre gode år, meiner at alle andre er betre enn han. Han ser problem ingen andre ser, problem som kanskje ikkje finst, viss Amalie gjev ein mann ein klem, reknar han med at dei anten er eller vert elskarar.
Slik var det òg med han på skulen. Bestevenen frå barneskulen, Oscar, vart ei stor plageånd på ungdomsskulen. Kvar skuledag, omtrent kvar einaste skuletime vart eit mareritt. Det ordna seg på gymnaset, spesielt då han vart lag med Amalie. På gymnaset søkjer Oscar igjen attende til Aksel, men vert avvist.
Sæterbakken skriv knakande godt. Fleire gonger dukkar det opp setningar som like gjerne kunne stått i eit dikt, og det heile er så intenst skildra at det ikkje er vanskeleg å setja seg inn i korleis Aksel har det. Aksel har vanskeleg for å kommunisera med andre, han seier ofte dei heilt galne tinga, dei tinga han ikkje burde ha sagt høgt, og det er difor omtrent som det skal vera når det heile er ein du-roman. Forteljaren har full kontroll over det Aksel tenkjer og meiner, men "jeg"-personen dukkar ikkje opp før i nest siste avsnitt.
Guffen tilrår.
Meir Sæterbakken på kulturguffebloggen
De Press. Block to Block (2011)
Gjennom natten (2011)
Ikke noe av dette handler om meg (2016)

Etikettar:
litteratur,
Norge,
Sæterbakken
1. juni 2012
Frihetens regn (1994)
Når du ser ein film som gjerne vert omtalt som ein av dei beste som er laga, og som til og med øvst ligg øvst på imbd-lista, skal filmen vera ekstremt god for at du ikkje vert skuffa. Det er ein heilt grei film, men eg hadde venta meg noko langt meir.
Det er ein fengselsfilm, og desse følgjer gjerne eit fast mønster. Der er oftast usemje mellom nokre av fangane, det er nokre brutale fangevaktarar, minst ein av fangane greier å rømma, osb. Av og til vert det vellukka, som i Cool Hand Luke, andre gonger vert det slettes ikkje vellukka, som i Kongen av Bastøy. Denne filmen er òg vellukka. Tim Robbins spelar bankmannen Andy Dufresne, som vert fengsla for to mord, sjølv om han truleg er uskuldig. Han dreg nytte av økonomi-kunnskapane sine i fengselet, og får etter kvart ein verna posisjon som bibliotekar og rådgjevar for dei fleste tilsette. Han greier òg å koma på lag med dei viktigaste av fangane, fyrst og fremst Red, glimrande spelt av Morgan Freeman.
Dufresne er ein taktikar, viser det seg. Ein morgon har han rømt, og greier å ta seg fram til draumestaden sin på den mexicanske vestkysten. Samstundes greier han å gjera kjent kor brutale og korrupte dei fengselstilsette er, og han greier òg å leggja att nok spor til at Red, som slepp ut på prøve, finn han i Mexico.
Manuset har altså nok originale vriar til at filmen er verdt å sjå, men å hevda at dette er den beste filmen som er laga? Morosamt.

31. mai 2012
Patricia Bosworth: Montgomery Clift (1978)
Montgomery Clift var ein fin skodespelar, som diverre ikkje fekk spelt i så mange filmar. Det var fleire grunnar til det, og to av dei vert nemnde i songen "The Right Profile" frå London Calling: "Monty's face is broken at the wheel", og "Nembutal numbs it all / but I prefer alcohol". Joe Strummer skreiv teksten til "The Right Profile" etter å ha lese denne biografien, og det er difor ikkje så uventa at det han skriv om stemmer. Clift hadde eit stort forbruk av rusmiddel - då han bygde om badet i leilegheita si fekk han bygd eit fire meter langt medisinskåp. Og han fekk det velskapte andletet sitt øydelagd i ei bilulukke. Spesielt venstre sida av andletet vart herpa, slik at når han vart filma i profil i dei seinare filmane hans, var det oftast den høgre profilen som vart filma.
Han hadde eit uvanleg liv. Mora var fødd utanfor ekteskap. Ho hadde ingen kontakt med far sin, men fekk høyra at han kom frå ei slekt i den amerikanske overklassen. Ho var desperat etter å koma inn i overklassen sjølv, og for at dei tre ungane hennar skulle få nok danning til å ikkje drita seg ut når dei, viss alt gjekk etter planen hennar, ein gong møtte slekta si, fekk dei aldri vanleg skulegang. Ho tok dei i staden med på lange daningsreiser i Europa, der dei lærde fleire språk, og der dei såg og las det som var verdt å sjå og lesa. Kontakt med slekta fekk dei likevel aldri.
Montgomery Clift hadde altså eit stilreint fjes. Han vart fotomodell alt tidleg i tenåra, og prøvde seg med hell som skodespelar på teater. Han var god, han gjekk langt inn i rollene sine, og han brukte gjerne tid og krefter på å endra manus. Han budde for det meste i New York, han ville skapa kunst som varde lenge, og var ikkje så begeistra for filmane frå Hollywood. Likevel var det der han verkeleg slo gjennom, og var i nokre år ein av dei aller, aller mest ettertrakta skodespelarane. Han fekk det som han ville, der andre skodespelarar bandt seg til eitt og same filmstudio i fem eller ti filmar, var han så ettertrakta at han stort sett bandt seg for ein og ein film. Han spelte mot mange av dei store skodespelarane, vart nominert til Oscar fire gonger, men vann aldri den prisen.
Alt før bilulukka hadde han fått eit rykte for å vera vanskeleg. Han fekk likevel tilbod om å vera med i filmar også etter ulukka, men etter at han fekk skulda for at filmen Freud i 1962 gjekk langt over budsjettet, ville ingen av dei store studioa bruka han meir. Då vart det endå meir drikk og dop, det var kvinner og menn, og han oppførde seg merkelegare og merkelegare. Heilt til han døydde i 1966, 46 år gamal.
Det er ei historie med mange interessante vendingar. Bosworth ser ut til å ha gjort ein god jobb, ho har snakka med ei rekkje folk, og gjev gode innblikk i filmane Clift var med i. Spesielt godt skriv ho ikkje, og det er òg unødvendig å koma med så mange referansar til dei seksuelle preferansane hans (og det er unødvendig å ta med rykte om korleis dei meir private kroppsdelane hans såg ut), men alt i alt var dette verdt bryet.
Guffen tilrår.
Filmar med Montgomery Clift på kulturguffebloggen:
Red River (1948)
From Here to Eternity (1953)
Misfits (1961)

film,
litteratur,
USA
26. mai 2012
Saturday Night and Sunday Morning (1960)
Det var visst ikkje så lystig i fabrikkbyane i Nord-England i tiåra etter krigen. I alle fall ikkje viss ein skal tru på denne filmen. Arthur Seaton er ein mann sånn midt i tjueåra. Han arbeider på fabrikk, og bur heime hjå foreldra. Livet er relativt monotont - i vekedagane går det stort sett i jobb, pluss ein snartur på pub eller kino. Med eit slikt liv vert laurdagskvelden det heilt store, og her er han i sitt ess. Han ropar, drikk, og er sånn passeleg flink med damene.
Eller, han er litt for flink med damene. Han får seg ein kjærast, Doreen, i løpet av filmen, men gjer det likevel ikkje slutt med ho gifte dama han står i med. Ho vert gravid, og dei greier å få teke abort. Då er vegen open for å gifta seg med kjærasten, og å flytta inn i eige hus, og halda fram akkurat som før, på fabrikken.
Filmen er smakfullt filma, i svart/kvitt, men det som verkeleg gjer filmen bra, er dialogane. Dei fleste er store i kjeften, då Arthur fyrste gong møter Doreen gjer dei ikkje stort anna enn å slengja drit til kvarandre. Og det er heilt tydeleg at dei likar det, at det er slik samtalar skal førast.

Storbritannia
25. mai 2012
Ragnvald Vaage: Isløysing (1924)
To sysken, ein bror og ei syster, bur saman. Systera er sjuk. I skogen står det to barlinder, som for den sjuke systera representerer dei to syskena. Systera døyr. Slik er det i denne boka, i Fuglane er det broren som er den sjuke, og som ser dei to trea. Og som døyr. I Isløysing er her altså element som kan minna om sjølvaste Vesaas, og der er meir: Hovudpersonen, Ivar, er odelsgut, men vil helst skriva bøker om dei store spørsmåla. Han vert dregen mellom skriving og gardsdrift, og mellom by og land. Noko roman i Vesaas-klassen er dette likevel ikkje. Han kom ut året etter at Vesaas debuterte, slik at det er absolutt ikkje snakk om at Vaage berre kopierte Vesaas.
Far til Ivar døydde for nokre år sidan. Systera, Margit, har drive garden i påvente av at Ivar skal flytta heimatt frå byen, der han etter beste evne livnærer seg som forfattar. Han kjem heim for å skriva ferdig ein roman, og den fyrste halvdelen av Isløysing er glimrande. Ivar vert dregen i mange retningar, men er klar på kva han vil. Opphaldet på heimegarden er midlertidig, han vil attende til byen, og vekk frå dette innestengde bygdesamfunnet, der ingen forstår han og skrivinga hans. Og så langt tenkte eg at det var dette som var isløysinga, det at han greidde å fri seg frå dei slektsledda som kika på han.
Men så snur alt. Sjukdomen til systera forverrar seg, og dokteren seier at det ikkje er meir han kan gjera. Ivar tek over gardsdrifta, og finn at det er dette han vil. Romanen han arbeidde med får han i retur frå forlaget, som skriv at romanen har ein frigjerande realisme og ein intim karakteristikk, men at slutten må omarbeidast, slik at han kjem i samsvar med grunnsynet i resten av boka. Slik opplevde eg denne romanen - etter den glimrande opninga tapar det seg, og vert ei bok der det vert heilt opplagt kva som kjem til å skje. Ja, han og systera vert forsona. Ja, han legg vekk skrivinga, og brenn like godt opp romanmanuset. Ja, han dyrkar opp myra som tok knekken på far hans. Ja, han får ho jenta han trudde ikkje ville ha ho. Siste delen vert så føreseieleg og harmonisk at det nesten var vanskeleg å tru at dette var skrive av same forfattaren som skreiv opninga.
Boka har eit godt språk, med ei rekkje fine naturskildringar, og med gode setningar som "han slaar for mange vitsar; det er som aa leva paa kjeks", eller "stundom tykkjer eg at eg er som eit stykke havbotn."
Guffen er lunken.
Fleire gamle fjell i syningom på Kulturguffebloggen:
Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt (1922)
Hans Seland: Aar og dagar (1931)
Olav Sletto: Per Spegil (1939)
Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)
Olav Midttun: Livsminne (1971)
Jørund Telnes: Guro Heddelid (1972)
Bjarne Slapgard: Mellom øktene (1975)

fjell i syningom,
litteratur,
Noreg
23. mai 2012
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Det må ha verka som ein god ide. Samlaget ville at ein profilert og omtykt radiokåsør og forfattar ville skriva bok om ein profilert og omtykt skodespelar. Begge takka ja, men diverre sette skodespelaren visse krav til korleis det skulle gjerast. Alt privatliv skulle haldast utanfor. Viss Eskeland respekterte det, skulle Straume vera med på å laga boka. Det vert difor ei så til dei grader autorisert portrettbok, dette, der Straume framstår som ein person som aldri har gjort noko dårleg eller gale.
Eg veit ikkje om boka hadde vorte betre om her hadde stått noko om privatlivet, men eg tvilar. Det heile er ualminneleg uinspirert. Det står litt om kvar Straume kjem frå, det står litt om utdanninga hans, og så kjem det side opp og side ned om kva stykke han vore med i, og kva teater han har arbeidd med. Altfor mykje vert teke for gitt, og altfor lite vert sagt. Bakpå boka står det at få kan måla seg med Straume, men Eskeland skriv ingenting om kvifor det eventuelt skulle vera slik. Han fyller i staden alle teaterstykkeomtalane med setningar frå avismeldingar.
Det er ofte vanskeleg å vita om det er Straume eller Eskeland som fører ordet. Her er ofte eit "eg" i teksten, men det kjem sjeldan fram kven det er. Mykje vert omtrentleg, Eskeland strør ikkje akkurat rundt seg med tidfestingar, slik at dei som vil vita når Straume var teatersjef i Stavanger eller Bergen, eller når han var tilsett ved Det Norske Teatret, må leita andre stader.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (14.10.2017)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)
Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.2022)

DNT,
litteratur,
Noreg
Abonner på:
Innlegg (Atom)