27. februar 2025

Anders Ullestad: Voss og vossingar (1940)

Ei enkel og grei bok, av den typen som oftare kom ut før. Ullestad var frå Voss og var svært engasjert i kulturlivet. Han dreiv Voss Bokhandel, og han var sentral og aktiv i mange lag, som ungdomslaget eller fråhaldslaget. Han tok initiativet til å reisa mange minnesmerke, og det er på sett og vis det han har gjort her òg.

Han skreiv mykje for blad og aviser, mellom anna for Unglyden. Artiklane i denne boka er henta derfrå. Her er nokre dikt, som stort sett er noko for svulstige. Her er artiklar om sju andre vossingar, alle menn, og dei er alle menn Ullestad kjende godt. Boka er tileigna sonen Gulleik, som døydde 26 år gamal, og her er òg ein artikkel som handlar om han. Det kan godt vera at den artikkelen var den viktigaste for Ullestad, men for oss andre vert det litt for inhabilt. Og det kjem ein artikkel om Sivlesteinen, som i dag står ved Stalheim hotell.

Stort sett er det fine artiklar. Ullestad kunne nok vore meir kritisk, men samstundes er nok ikkje dette ei slik bok. Han vil presentera mange som stod han nær, og det gjer han. Dei fleste av dei kan me lesa meir om andre stader, medan ein av dei, Ragnvald T. Sæve, er mindre kjend.

Guffen tilrår. 

26. februar 2025

Keith Hopkins og Mary Beard: The Colosseum (2005)

Eg var nett ein snartur i Roma, saman med Ivar (nesten 18). Me var sjølvsagt innom på Colosseum, og i reisebiblioteket hadde me med denne boka, som eg kjøpte då me var der for 17 år sidan. Eg las truleg boka då, men ho toler absolutt å verta lesen igjen.

Det er ei relativt kort bok, utgjeven i ein serie kalla Wonders of the World. Boka fortel heile historia til Colosseum, og forfattarane tek samstundes livet av ein del myter og rare oppfatningar. Dei skriv om korleis arenaen vart brukt, korleis han kan ha vorte bygd, om dei mange som miste livet der, om folk som arbeidde der og budde der, om korleis bygget vart brukt til noko heilt anna, og om korleis de vart eit fornminne og ein turistattraksjon. 

Det er som regel underhaldande, og det er heile tida interessant og opplysande. Dei viser korleis me eigentleg veit rimeleg lite om Colosseum, og korleis me framleis er farga av dei fyrste (fantasifulle) måleria og forteljingane. 

Bokserien ser ut til å handla dels om bygningar rundt Middelhavet, dels om bygningar i Storbritannia. Eg kjem nok til å halda augene opne for å sjå etter fleire bøker i serien.

Guffen tilrår. 
  

25. februar 2025

Zero Day (2025)

Nja. Ein serie på det jamne, som både verkar litt utruleg og litt relevant. Alle straumkjelder i USA vert hacka samstundes, slik at landet er utan straum i nøyaktig eit minutt. Det får katastrofale fylgjer; meir enn 3000 menneske misser livet. Presidenten må handla raskt, og den tidlegare presidenten George Mullen får oppdraget med å leia etterforskinga.

Mullen, spela av Robert De Niro, er knallhard og effektiv. Han kvir seg ikkje for å tøya grensene litt, til dømes under avhøyr. Dei fyrste spora peikar (ikkje uventa) mot Russland, men gradvis får dei mistanke om at det heile er gjennomført av amerikanarar i USA. Det handlar altså om at amerikanarar er med på å bryta ned sitt eige land, og då er jo parallelane til dagen USA rimeleg opplagde.

Det er altså ein heilt grei serie, og med seks episodar er lengda heilt fin. Midtveges i serien gjekk det litt trått, men det tok seg opp i dei to siste episodane. De Niro har gjort betre roller før, her er han heile tida formell og litt stiv, men han er jo alltid rimeleg solid. 

Guffen er lunken.

23. februar 2025

Edvard Hoem: Ung mann vil ut (2024)

Dei siste tiåra har Edvard Hoem skrive ei rekkje romanar om si eiga slekt. Dette er (visst) den fyrste av fleire sjølvbiografiske romanar. 

Forteljaren i boka, Edvard, veks opp i Fræna. Han er odelsgut, men han vil ut. Han går realskule og gymnas i Molde, den næraste byen, og det er desse fem åra boka fortel om. Det handlar dels om ei frigjering, der han fjernar seg frå gard og gardsdrift. Det handlar òg om ei oppvaking, der han vert engasjert i spørsmål frå heile verda. Og det handlar om ei erkjenning av at han, til liks med tremenningen som i boka går under namnet Frenden, kanskje kan få gjort alvor av forfattardraumen sin.

Det er ei fin bok. Me ser korleis den unge Edvard møter mykje nytt. Han er ikkje lengre den flinkaste i klassen. Det finst noko som heiter jenter. På biblioteket får han sjølv velja kva bøker han skal låna og lesa. I omgangskrinsen hans er det mange politiske drøftingar; me er trass alt midt i 1960-åra. Dei er unge, men vil vera vaksne, og dette ser me kanskje aller best i den litt naive økonomistyringa av litteraturfestivalen dei skipa til. 

Det er ei fin bok. Hoem skriv godt, og det er lett å leva seg inn i og kjenna seg att i det han skriv om. 

Guffen tilrår.

Meir Hoem på kulturguffebloggen

16. februar 2025

Kjetil Raknes: Hvit makt (2024)

Boka har undertittelen "USAs rasistiske historie". Raknes skriv ikkje om all den amerikanske rasismen, han konsentrerer seg om korleis dei svarte har vorte handsama. Han går gjennom heile historia til USA, der han let ein farga person vera gjennomgangsperson i kvart kapittel. Det er langt frå å vera den lystigaste boka eg har lese, og eg er slettes ikkje like optimistisk som Raknes er.

Til liks med Raknes ligg eg litt ute på den politiske venstrevingen. Til liks med Raknes har eg vore mykje i USA, og det er mykje ved det landet eg likar. Raknes har sikkert vore der meir enn meg, og han har i alle fall brukt tida annleis. Han har studert der, og han har sett seg langt grundigare inn i historia. 

Ein grunntanke i boka er at USA er grunnleggjande rasistisk. Av og til kjem det lyspunkt, som då sørstatane tapte borgarkrigen, eller då Lyndon B. Johnson fekk vedteke The Civil Rights Act i 1964, ei lov som gjorde det forbode å diskriminera basert på rase eller religion eller kjønn. Han visste at dette ville føra til at han miste støtten frå sørstatane, men likevel. Raknes kallar dette "en av de mest heroiske handlingene" ein amerikansk president har gjort. 

Etter kvart slikt lyspunkt kjem det ein motreaksjon, altså ein ny periode der rasismen får friare spelerom. Det som gjer Raknes (litt) optimistisk er at ein gradvis er på veg mot det demokratiet ein finn i den amerikanske sjølvstendeerklæringa, der det står at all men are created equal. Så veit eg ikkje korleis Raknes tenkjer i dag. Boka vart skriven før Trump vann valet i 2024, og det er ikkje akkurat ein gullalder USA er på veg inn i.

Guffen tilrår.

15. februar 2025

Kristin Vego: Sent på dagen (2024)

Det er vel eit slags trekantdrama, dette. Det er ikkje noko uvanleg tema, men det vert fortalt på ein finfin måte. Me får (heldigvis) ikkje vita alt, men me får heile tida meir og meir informasjon, slik at me nok greier å skaffa oss eit bilete av kva som skjer. 

Johanne er nyskilt. Ho flyttar ut på landet for å arbeida med eit bokmanus. Ho leiger eit rom hjå Mikael, som òg er relativt nyskilt, og dei vert eit par. Med på kjøpet får ho dottera til Mikael, og dei tre går godt overeins. Det er likevel ikkje der trekantdramaet ligg. Ekskona til Mikael, Sofia, er kunstnar, og ho bruker eitt av husa på garden som atelier. Av og til er alt vel og bra mellom Johanne og Sofia; andre gonger vaknar sjalusien i ho. 

Johanne fortel oss ofte om at ho sit og skriv. Dette manuset skriv ho sytten år etter at ho flytta inn. Ho er eldre og klokare, men mykje er framleis uklart, og eg trur heller ikkje ho fortel alt. Ho skriv vart og poetisk, og teiknar eit flott bilete av mannen ho var så glad i. Og ho teiknar òg eit fint bilete av seg sjølv.

Guffen tilrår. 

Meir Vego på kulturguffebloggen
Se en siste gang på alt vakkert (2021)

14. februar 2025

Bob Spitz: Reagan. An American Journey (2018)

Donald Trump er ikkje den einaste amerikanske presidenten som ville ta kontroll over Panama-kanalen. Eller den einaste som snakka om å byggja ein mur langs grensa til Mexico. Eller den einaste som meinte at ein grei måte å få staten til å gå med overskot var å seia opp svært mange offentlege tilsette. Slik var det òg med Ronald Reagan. Det siste punktet var rett nok då han var guvernør i California, men likevel. 

Reagan var president om lag på den tida då eg fekk litt interesse for amerikansk politikk, og eg hugsa han som ein president det var vanskeleg å lika. Han var glad i å invadera andre land, han var ikkje altfor kunnskapsrik, og han var innblanda i den, nja, sterkt kritikkverdige Iran-Contras-affæra. Og han hadde ei kone som ville bestemma altfor mykje, og mest etter at ho hadde rådført seg med astrologen sin.

Denne boka strekar under dette inntrykket. Han var ikkje nokon stor president, og mykje av det amerikanarar slit med i dag oppstod eller vart vidareutvikla under Reagan. Samstundes gav boka meg òg eit betre inntrykk av mannen. Han vaks opp i svært tronge kår i Midtvesten, og i motsetnad til Trump var det han sjølv om kjempa seg fram. Han vart ei kjent radiorøyst, han vart ein halvkjent skodespelar, han engasjerte seg mykje i fagforeininga til skodespelarar, og han var ein ivrig demokrat. Heilt til han vart overtala til å gå over til republikanarane, der han gradvis vart meir og meir konservativ. Det er lett å sjå at det amerikanske folket likte han - han var folkeleg, og han hadde svært lett for å snakka med alle og fatta interesse for dei. Bob Spitz fortel denne historia på ein eksemplarisk måte.

Guffen tilrår. 

10. februar 2025

Cunk on Earth (2022)

Dette var artig. Det er ein slags mockumentary, der den fiktive journalisten Philomena Cunk tek oss med på ei reise gjennom historia. Ho smiler aldri, ho er dødsens alvorleg, same kor mange rare ting ho seier. Det vert ein slags lystig versjon av Richard Attenborough. 

For ho seier mange rare ting. Av og til er det berre glitrande formulerte setningar, av og til er det djupt originale samanlikningar, av og til er det det reine visvas. Ein vanleg vri er at ho opnar ei utsegn med velkjende (eller mindre kjende) fakta, før ho kjem med nokre setningar som absolutt ikkje er faktabaserte.

Så har ho med seg nokre ekspertar, som vert intervjua om eitt og hitt. Dette er verkelege professorar og andre fagfolk, og dei må svara på spørsmål som gjerne trekkjer etablerte sanningar frå fagfeltet deira i tvil. Dei ler heller ikkje, sjølv om dei truleg veit kva dei går til: Eg har ikkje sett den fyrste sesongen, der Cunk snakkar om britisk historie, men eg tippar den er bygd opp på same viset. Eg tippar altså at dei veit at dei kjem til å få uventa og fantasirike spørsmål, men likevel ser reaksjonane deira rimeleg ekte ut. 

Guffen tilrår.

8. februar 2025

Michael Kodas: High Crimes (2008)

"Because it's there". Slik var det vidgjetne svaret til George Mallory på spørsmålet om kvifor han på liv og død skulle til topps på Mount Everest. For han vart det døden i 1924 - kanskje han nådde toppen, kanskje ikkje. I 1953 kom for fyrste gong to personar til topps, Tensing Norgat og Edmund Hillary kom seg opp. I tiåra som har gått har mange stått på toppen. Altfor mange.

Denne boka viser dette veldig godt. Det handlar ikkje lenger om å bryta grenser, det handlar ikkje om å visa kor høgt menneske kan koma, det handlar om personleg prestisje. Og det handlar om pengar. Kodas fortel om to eigne forsøk på å nå toppen, men han fortel meir om folk han møtte og om andre turar dei har vore med på. Han fortel mykje gale, men alt er likevel ikkje like sjokkerande. Det er tungt å lesa om alle lika dei går forbi, men det er likevel noko eg har høyrt om før. Det er verre å lesa om alle dei døyande klatrarane som vert gått frå eller forbi. For mange er det viktigare å koma seg heilt opp enn å prøva å redda liv. Det er òg hårreisande å lesa om korleis ein fjellguide påstår at han har vore på toppen før. Klatraren han skal guida døyr, og det viser seg at guiden aldri har vore på toppen. Han har, derimot, stole filmen i eit kamera frå ein som var på toppen, og presentert topp-bileta som om det var han sjølv som stod der. 

Og så vidare. Det er tjuveri, og ikkje berre i basecamp. Også i teltleirane høgt oppe på fjellet kan klatrarar returnera til telta sine for å oppdaga at både oksygentankar og soveposar er stolne. Kodas fortel denne historia eksemplarisk, han vekslar mellom ulike tider og stadar, men har heile tida full kontroll. 

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Ragnar Frislid: Gjende (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

4. februar 2025

Bergljot Hobæk Haff: Bålet (1962)

Historien, eller historiene, i denne romanen vert fortalde på ein flott måte. Me kjem aldri heilt innpå dei det handlar om, slik at me sit att med mange spørsmål. Eller mange mysterier, for å namedroppa ein roman denne kan minna litt om. Det kjem ein litt gåtefull mann til bygda, litt seinare kjem det ein til, og begge er så vanskeleg å koma innpå at dei fastbuande må laga sine eigne forteljingar og forklaringar.

Me er i ei eller anna bygd. Lærarinna i bygda vil vel ikkje stikka seg så mykje ut, men gjer det likevel. Ho er ein slags naturlækjar, og kan hjelpa dei som er sjuke. Det kjem sin skomakar til bygda. Han oppfører seg litt rart, men verkstaden hans vert likevel ein av samlingsstadene i bygda. Det verkar som om noko er på gang mellom han og lærarinna, men det endrar seg når den langt meir utåtvende Allan kjem til bygda. Heile bygda merkar at lærarinna oftare og oftare får gjester på kveldstid, og kanskje nattestid. 

Dette veit me av di Haff eit par gonger skriv om ein som spionerer på dei. Han fortel kva han har sett. Kan me stola på han? Kan me stola på forteljaren i resten av boka? Det bør me neppe, og det er jo berre med på å gjera ei fin bok endå finare.

Guffen tilrår. 

Meir Haff på kulturguffebloggen
Skammen (1996)
Den evige jøde (2002)