Viser innlegg med etiketten Vego. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vego. Vis alle innlegg

15. februar 2025

Kristin Vego: Sent på dagen (2024)

Det er vel eit slags trekantdrama, dette. Det er ikkje noko uvanleg tema, men det vert fortalt på ein finfin måte. Me får (heldigvis) ikkje vita alt, men me får heile tida meir og meir informasjon, slik at me nok greier å skaffa oss eit bilete av kva som skjer. 

Johanne er nyskilt. Ho flyttar ut på landet for å arbeida med eit bokmanus. Ho leiger eit rom hjå Mikael, som òg er relativt nyskilt, og dei vert eit par. Med på kjøpet får ho dottera til Mikael, og dei tre går godt overeins. Det er likevel ikkje der trekantdramaet ligg. Ekskona til Mikael, Sofia, er kunstnar, og ho bruker eitt av husa på garden som atelier. Av og til er alt vel og bra mellom Johanne og Sofia; andre gonger vaknar sjalusien i ho. 

Johanne fortel oss ofte om at ho sit og skriv. Dette manuset skriv ho sytten år etter at ho flytta inn. Ho er eldre og klokare, men mykje er framleis uklart, og eg trur heller ikkje ho fortel alt. Ho skriv vart og poetisk, og teiknar eit flott bilete av mannen ho var så glad i. Og ho teiknar òg eit fint bilete av seg sjølv.

Guffen tilrår. 

Meir Vego på kulturguffebloggen
Se en siste gang på alt vakkert (2021)

14. november 2022

Kristin Vego: Se en siste gang på alt vakkert (2021)

Dette er ei eksemplarisk novellesamling. Boka fekk Tarjei Vesaas' debutantpris i år, og utan at eg veit altfor mykje om dei ulike prisvinnarane må dette vera ein av dei mest fortente.

Det er korte, presise noveller som gjev oss små innsyn og glimt i liva til hovudpersonane. Dei er alle kvinner, og dei er som regel på eit punkt i livet der noko er uklart. Kanskje dei nyleg har mist noko som heldt dei fast; kanskje dei er usikre på kvar vegen skal gå vidare. Nokre vert dregne mellom punkt som ikkje så lett let seg sameina. Handlinga går føre seg i mange ulike land, alle ligg vel i Europa (?), men dei fleste kunne gått føre seg kvar som helst. 

Og språket - språket er finfint. Det er like presist og avstemt som novellene, Vego skriv ikkje meir enn ho treng, og språket er med på å byggja opp den fantastiske stemninga i novellene. 

Guffen tilrår. 

Meir Vego på kulturguffebloggen
Sent på dagen (2024)