16. mai 2024

Torgrim Eggen: Bredt fokus (2024)

I gamle dagar, då eg jamleg las det meste av musikkaviser, var Torgrim Eggen ein av journalistane eg las mykje av. Han skreiv fyrst i Nye Takter, før han gjekk over til Puls og Beat. Han spelte òg i bandet The Cut, som var sånn middels interessante. Så vart han skjønnlitterær forfattar, og det var stort sett romanane hans eg høyrde om. 

Denne boka viser at han har skrive svært mykje. Det er eit utval av artiklar han har skrive dei siste førti åra. Dei er delte inn i seks bolkar. Den fyrste handlar om musikk, og det er ein fin inngang til resten av boka. Her var det til og med tekstar eg kjende att frå gamle dagar. Så kjem det ein bolk om mat - denne vart heldigvis betre etter kvart, den fyrste artikkelen her var heller uinteressant. Så kjem det bolkar om arkitektur og biletkunst, om forfattarar og skriving, om reising, og den siste bolken er reine meiningsytringar.

Sjølvsagt bommar nokre artiklar, men samlinga har gjennomgåande eit svært høgt nivå. Eggen skriv godt, både med tanke på språk og oppbygging av artiklane. Han er òg ekstremt kunnskapsrik, og det er alltid forfriskande med forfattarar som pøser på med fakta og gode anekdotar. 

Favorittar? Vanskeleg å velja. Men nokre av reiseskildringane hans, spesielt dei frå Noreg, er ein fryd å lesa. Her handlar det ofte om mat, og sjølv om han nokre gonger finn mat han er nøgd med er det mest stas å lesa om dei gongene han berre finn skvip. Som i "Reisen til Norges hjerte", der han er i Gudbrandsdalen og på Nordvestlandet.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar