6. januar 2013

Kon-Tiki (1950)

Det er langt mellom kvar norsk film eg set pris på, sjølv om eg ser ein del av dei. Mange av dei verkar lite truverdige, der spesielt skodespelet og dialogane er dårlege. Ein må likevel tru at dei som lagar filmane gjer så godt dei kan, og at dei kanskje til og med drøymer om at filmane skal få heider og ære. Då eg såg denne filmen, slo det meg at det kan vera akkurat her forklaringa ligg. Kon-Tiki var lenge den einaste norske filmen som hadde fenge Oscar, og då kan det jo henda at seinare filmskaparar prøvde å kopiera verkemidla her.

For denne filmen er verkeleg amatørmessig. At bileta frå sjølve overfarten er ujamne er greitt, det ligg i korta at det er filma av amatørar, og at tilhøva på ein liten flåte ikkje er slik at det lett kan finnast spanande kameravinklar. Opptaka frå turen vert ramma inn av ei opning og ei avslutning der Heyerdahl og fire andre frå turen sit i eit lite bibliotek, og fortel korleis turen og filmen vart til. Dei scenene er noko av det stivaste eg har sett. Og når Heyerdahl er forteljar under resten av filmen, med si litt hakkete stemme og eit stivt og formelt språk, vert det vanskeleg å sjå korleis filmen kunne få Oscar. Kanskje det var svært få påmelde i dokumentarklassen det året; kanskje juryen var farga av den fantastiske ferda.

For ferda var jo fantastisk. Seks mann på ein flåte over halve Stillehavet. Det dumme er at filmen ikkje får godt nok fram kor farleg dette var. Det vert sjølvsagt nemnt at ingen hadde tru på at det skulle gå bra, men Heyerdahl er oppteken av å tona ned dette, han verkar heile tida sikker på at dette gjekk etter planen. Filmen viser møta med mange store fiskar og kvalar, men utan opplysningar frå Heyerdahl hadde det ikkje kome fram kor store desse var. Filmen er i svart-kvitt, slik at det oftast er slik at me berre skimtar noko nede i vatnet. Dessutan måtte mannskapet sjølvsagt prioritera annleis både då veret var dårleg, og då dei skulle over dei farlege korallreva heilt på slutten av turen, slik at det ikkje var filma frå desse meir dramatiske hendingane. Filmen vert difor heller kjedeleg, men han har ei stor føremon jamført med den ferske spelefilmen: Denne filmen varer berre litt over ein time.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
Kon-tiki (spelefilm, 2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar