8. januar 2013

Kristopher Schau: På vegne av venner (2009)

Dette er ei fin bok, som ikkje berre fortel om noko som er ukjent for dei fleste av oss, men som òg gjev eit godt bilete av korleis det norske samfunnet kan vera. Schau las ein artikkel om gravferder som måtte betalast av Oslo kommune, av di den avdøde ikkje hadde slekt. Artikkelen var illustrert med bilete frå ei gravferd der ingen hadde møtt opp. Schau vart fascinert, og bestemte seg for å gå i så mange slike gravferder som råd det komande året.

Det verkar som om han både likar og ikkje likar denne oppgåva. Han lagar nokre reglar; han allierer seg med gravferdsetaten og får melding om gravferder der det truleg kjem svært få. Av og til kjem det likevel nokre, og han vert samd med seg sjølv at om der kjem minst fire andre, reiser han heim. Når det skjer, verkar han både glad og trist.

Han har fine skildringar frå gravferdene han reiser i. Det er han, presten, organisten, ein frå gravferdsbyrået, og den avdøde. Av og til har presten samla inn stoff til ein grei tale, andre gonger er det fortare gjort. Han vert gripen, spesielt den eine gongen der ikkje er nokon seremoni å snakka om, av di ingen veit kva religion den avdøde tilhøyrde.

Etter kvar gravferd reiser han heim for å dusja. Det er nesten som om han vil reinsa seg, som om han vil vaska av seg det han har vore med på. Det greier han sikkert, men det er ikkje lett å gløyma det han skriv om. Ei rekkje menneske vert altså gravlagde utan at nokon møter opp for å ta farvel. Har dei hatt gode liv? Har dei søkt einsemda sjølv, eller fekk dei aldri nok kontakt med andre?

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar