12. januar 2013

Malteserfalken (1941)

Malteserfalken er ein ekstremt verdfull skulptur. For fleire hundre år sidan sende tempelriddarar frå Malta ein gullfalk, dekorert med edelsteinar. Nyleg har falken dukka opp att, og er på veg til San Francisco.


Slik kjem privatdetektiven Sam Spade, spelt av Humphrey Bogart, inn i biletet. Fyrst skjønar han ikkje heilt kva saka handlar om, emn han avdekkjer det gradvis. Brigid O’Shaughnessey, ei kvinne som oppsøkjer han under falsk namn, Joel Cairo, Wilmer Cook, og Kasper Gutman – alle kjem dei i kontakt med Spade. Dei fire har samarbeidd i Istanbul, der dei har spora opp falken, men O’Shaughnessey har lurt dei andre. Tilfeldigvis har Spade fått tak i pakka med falken, og desse fem vert mot slutten av filmen samla i leilegheita hans.


Filmen er full av uventa vendingar, og eit grunnleggjande spørsmål er kven ein kan stola på, og kva som eigentleg har skjedd. Ingen av dei Spade snakkar med snakkar heilt sant. Han er likevel overlegen, han slår lett ned Cairo, han tek lett revolverane frå Cook, og han les O’Shaughnessey som ei opa bok. Den einaste som er på hans nivå er Gutman, som er leiar i gjengen, og både Spade og Gutman er best med hovudet. Difor likar dei kvarande, difor respekterer dei kvarandre, og difor inngår dei ein grei avtale mot slutten av filmen.


Filmen, som er regissert av John Huston, er med rette sett på som ein av dei klassiske film noir-filmane. Ein grunn til det er sjølve forteljinga, ein annan er Sam Spade. Han er ein klassisk privatdetektiv, han snakkar mykje og godt, han tenkjer raskt, han lagar og bryt alliansar i eit heftig tempo, han røykjer, han drikk, og har eit litt tungt forhold til det lokale politiet.


Guffen tilrår.


Meir Huston på kulturguffebloggen
The African Queen (1951)
Misfits (1961)
Wise Blood (1979)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar