30. desember 2019

Stefan Zweig: Sjakknovelle og andre tekstar (1942)

Stefan Zweig var eit nytt namn for meg. I eit etterord skriv omsetjaren Øyvind Vidnes at Zweig var ein av dei mest lesne forfattarane i tiåra fram mot andre verdskrigen. Han var frå Austerrike, fødd i 1881. Etter at Hitler kom til makta i Tyskland såg han kva som til å skje med heimlandet sitt, og alt i 1934 flytta han til England. I 1940 flytta han vidare til USA og deretter til Brasil, der han og kona i 1942 tok liva sine.

Boka inneheld fem noveller, som alle er gode. I "Brev frå ei ukjent kvinne" fortel den ukjende kvinna om korleis ho heile livet var avstandsforelska i han brevet er skrive til, om korleis ho vaks opp i naboleilegheita, korleis ho seinare hadde eit kort forhold til han (utan at han kjende henne att) der ho vart gravid. Skildringa av einsidig kjærleik er glimrande. "Den usynlege samlinga" har òg eit god - ein mann som sit på ei svært verdfull kunstsamling er vorten blind, og for å tena pengar har familien seld unna verk frå samlinga utan at han merkar det. Tittelnovella, fullført rett før Zweig døydde, handlar om ein mann som vert sett i fengsel av nazistane, og som, for å unngå å tørna galen der han sit i isolat, bruker ei bok med kjende sjakkparti til å læra seg sjakk. På ei båtreise møter han verdas beste sjakkspelar, og både skremmer og imponerer dei andre med sjakkunnskapane sine.

Boka kom ut i klassikarserien til Skald. Eg har sagt dette før, men kan godt seia det igjen: Det er eit svært prisverdig tiltak.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar