1. november 2020

Jaga Jazzist (USF, Bergen, 30.10.2020)

 

Det var rart å vera på konsert igjen. På førehand var eg redd for at eg ville tenkja for mykje på smittefaren, det er langt høgare smitte i Bergen enn på Voss, men det var tydeleg at arrangørane hadde klare retningsliner. Alle sat, anten åleine eller saman med dei dei kom saman med, og det var òg rart: Det er noko heilt ann å stå enn å sitja på konsert.

Mest av alt var det stas å vera på konsert igjen. Eg har sett Jaga Jazzist ein del gonger før, men dei imponerer like mykje kvar gong. Dei åtte musikantane trakterer minst tjue instrument totalt, i tillegg til at ei av dei syng på nokre av songane. 

Det er noko alicemunrosk over mange av songane deira. Munro skriv noveller der det på eit eller anna tidspunkt skjer noko i teksten som gjer at resten av novella er fabelaktig. Slik er det òg med Jaga Jazzist. Fleire av songane har eit ordinært startparti, men nokre minutt ut i songen skjer det eit eller anna. Kanskje eit nytt instrument kjem inn, kanskje trykket endrar seg - i alle fall er det slik at resten av songen er ein fest. 

Dei spelte mange, kanskje alle, frå den ferskaste plata deira, men henta inn mange godbitar også frå tidlegare plater. Det svinga heile vegen. Dei er eit makalaust band. 

Guffen tilrår.

Meir Jaga Jazzist på kulturguffebloggen
Vossa Jazz 2014
USF, Bergen, 29.1.16

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar