25. januar 2016

Max Manus (2008)

Den andre filmen eg hadde gjensyn med denne helga var Max Manus. I ettertid (altså dagen etter) er eg usikker på kvifor. Eg såg filmen då han kom, og var berre sånn passeleg imponert. Kanskje eg såg han igjen for å finna ut om eg framleis var relativt lunken.

Det er eg. Her er mykje dramatikk i filmen, og historia i filmen vert godt fortalt. Manus var ein norsk motstandsmann. Han var med på fleire aksjonar, der dei ved to høve sprengde tyske båtar i eller nær Oslo, og der dei sprengde arkivet på eit kontor som skulle kalla inn fleire årskull unge menn til tysk krigsteneste. Han er sjølvsikker ved inngangen til krigen, mot slutten er han eit nervevrak, med litt for stort alkoholinntak.

Det er lagt mykje arbeid i å skapa truverdige gatebilete, både i Oslo og Stockholm. Samstundes er historia relativt føreseieleg - det vert gjerne slik når ein lagar film på så kjende historiske hendingar som den andre verdskrigen. At mange av dei rundt Manus døyr er ikkje så godt kjent, men alle veit jo at han kjem til å overleva.

Så er òg mange av dei vanlege skodespelarane med. Svært få av dei er noko anna enn midt på treet, Aksel Hennie er ein av dei det er vanskeleg å verta altfor imponert av. Når Pål Sverre Valheim Hagen dukkar opp i ei lita rolle mot slutten av filmen, er det påfallande kor mykje meir han glitrar enn dei andre.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar