Nokre av forfattarane i klassikar-serien til Skald forlag er velkjente for meg, nokre andre er heilt ukjende, medan andre igjen er forfattarar eg så vidt har vore innom. På engelsk grunnfag, for mange, mange år sidan, las eg ei novelle av Katherine Mansfield, og då eg fekk melding om at den komande klassikaren var ei samling Mansfield-noveller, såg eg stort fram til å få boka i hendene.
Novella det handla om var "The Daughters of the Late Colonel", og ho er med i denne samlinga. Det var vel kanskje ei av novellene eg likte å lesa her, men likevel: Samlinga sett under eitt var eit vonbrot. Eg finn lite å gleda meg over her, det er ikkje mykje piff i novellene, det er få fascinerande karakterar, og det var ei bok det tok uventa lang tid å koma gjennom.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar