6. mai 2022

Slutten på historia (2022)

 

Den tredje samlinga i det me får tru vert ei endelaus rekkje med nye nynorske noveller. Som i dei to fyrste bøkene er her samle noveller av både kjende og rutinerte forfattarar og mindre kjende og mindre rutinerte forfattarar. Forfattarar eg likar godt frå før kjem godt frå oppgåva, men, slik det ofte er i antologiar, her var òg fine noveller frå forfattarar eg ikkje har lese noko av før. Her er stor variasjon, også i lengd - den lengste novella er på tjue sider, den kortaste på tre.

Frode Grytten har skrive tittelnovella, og han er i eit leikent hjørne. Eg-personen arbeider på ein forfattar-fabrikk, og får meldingar frå avdøde forfattarar i draumane sine. Mads Rage skriv om den gongen eg-personen fall for freistinga og stal ein porselensfugl frå eit ope vindauge han gjekk forbi. Kjersti Rorgemoen fortel om ein mann som kjem i snakk med ein gravar på ein kyrkjegard. Alle desse novellene er fine, men det var to andre eg likte best:

Novella til Gaute M. Sortland, som eg ikkje har lese noko av før, er full av uventa vendingar, og var difor ei som fanga meg heilt. Den finaste er den siste og kortaste i boka - Siri Økland skriv om ei kvinne som har ei halvdaud skjor på badet. 

Guffen tilrår. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar