2. mai 2022

Eirik Ingebrigtsen: Viddesyn (2009)

 

Sara og Mona er på fottur over Hardangervidda. Dei er mor og dotter, og begge har sitt å stri med. Mona har plaga andre elevar på skulen og er difor utvist. Sara slit med synet - det og dei ho ser på glir oppover. Diagnosen hennar er vel ikkje heilt offisiell, men ho og dokteren hennar meiner at det kan vera greitt å gå ei veke på den rimeleg flate Hardangervidda.

Dei to har ikkje ein altfor god tone. Dei er på lag når dei møter andre (og det gjer dei ofte), men er ikkje like mykje på lag når det berre er dei to. Etter nokre dagar møter dei (etter avtale) syster til Sara, og ho tek med seg Mona ned til Odda. Sara går vidare til Vøringsfossen, der ho møter dokteren sin. Slutten av boka er (stort sett) utdrag frå ei diktsamling han har skrive, og det er ikkje den einaste gongen romanen vert broten opp av eit (anna) litterært verk: Midt i boka får me lesa novella "Kongleprøven" av Erik Engebretsen.

Det er ei ujamn bok. Av og til er det på grensa til glimrande, andre gonger vert det for stilleståande og uinteressant. 

Guffen er lunken.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar