28. mai 2022

Eric Spitznagel: Rock Stars on the Record (2021)

Ideen bak denne boka er enkel og grei: Spitznagel snakkar med rundt 35 musikarar om den fyrste plata som verkeleg var viktig for dei. Svært få av samtalane handlar rett nok om akkurat det, men likevel: Ideen er enkel, grei og god.

Det dei i tillegg snakkar om er kor viktig musikk er og kor viktig musikk kan vera. Musikarane snakkar om korleis den plata eller den songen var viktig, og korleis det kunne vera det einaste ein tenkte på. Det er òg eit gjennomgåande tema at i gamle dagar (altså for meir enn 25-30 år sidan) var både musikken og informasjon om artistane vanskeleg å få tak i. Fleire er inne på kor stas det var å vitja ein god platebutikk, der dei bak disken ofte var læremeistrar for kundane, og tilrådde kvalitetsmusikk.

Det er ikkje noko poeng i å ramsa opp alle som er intervjua, men variasjonen er stor. Nokre slo gjennom alt i 1950-åra, andre er relativt ferske. Nokre spelar punk, andre ligg meir midt i vegen. Nokre snakkar om venta plater, andre snakkar om uventa. Ian MacKaye frå Fugazi (m.m.) snakkar til dømes om ei trippel-plate frå Woodstock-festivalen.

Guffen tilrår.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar