3. mai 2022

Mike Cidoni Lennox and Chris May with Richard Carpenter: Carpenters. The Musical Legacy (2021)

 

Carpenters var middle of the road og vel så det, men dei gav ut mange fulltreffarar. Syskenparet Richard og Karen utfylte kvarandre godt - han var ein solid komponist og ein suveren arrangør; ho var ein habil trommeslagar og ein fabelaktig vokalist. Glansdagane deira var fyrste halvdel av 1970-åra, då dei jamleg toppa hitlister verda over, og der dei kvart år heldt hundrevis av konsertar.

Det vart etter kvart eit slitsamt liv, og verst vart det for Karen. Ho fekk store eteproblem, og døydde i 1983, 32 år gamal. 

I føreordet til denne boka skriv Lennox og May at dei var usikre på om Richard Carpenter ville samarbeida med dei. Dei visste at han framleis var skuffa over ein annan bandbiografi han var involvert i: Den boka handla mest om sjukdomen til Karen. Richard vart med i dette samarbeidet på eitt vilkår - det skulle handla om musikken.

Og det gjer det. Det er informative og detaljert kapittel om singlar og plater, om konsertar og andre hendingar. Det vert nesten litt for mykje, og av og til tok eg meg i å lengta etter litt meir variasjon. Men boka gav meg lyst til å høyra litt Carpenters igjen, og det går òg greitt, så lenge det ikkje vert for mykje av det gode.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar