Viser innlegg med etiketten Carmona-Alvarez. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Carmona-Alvarez. Vis alle innlegg

13. mars 2022

Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (2021)

 

Nasjonalbiblioteket hadde (har?) ei fin foredragsrekkje for nokre år sidan, "Fortidens folkelesning": Her vart forfattarar inviterte til å halda foredrag om ein kjend og omtykt forfattar frå tidlegare tider. For mange var det nok slik at dei måtte setja seg inn i ein ukjend forfattarskap - i alle fall var det slik for Pedro Carmona-Alvarez. For han var bøkene til Jonsson ukjende, og i denne boka fortel han om korleis han las bøker av Jonsson og bøker om Jonsson.

Han opna med Dikt i samling, og var ikkje spesielt imponert over det han fann. Dikta var stive, fulle av klisjear, dei same orda gjekk att heile tida, og det heile var rimeleg tungt. Men det endrar seg. Han finn dikt han likar, nokre likar han svært godt, og boka/foredraget sluttar med at han finn eit "nydelig" dikt.

At inntrykket endrar seg så stort kjem delvis av at han les fleire dikt av Jonsson, men det verkar òg som om det kjem av at han gjer seg kjend med livssoga til Jonsson. Ein stad skriv Carmona-Alvarez at han er interessert av sjølvmord, at han set mange kunstnarar som har teke livet sitt høgt, og at han kanskje er ein av dei som etter eit sjølvmord les biografiar baklengs? 

Det går rimeleg fort å lesa denne boka, og det var ei fin stund. Carmona-Alvarez kjem med nok tankar og vinklingar til at Jonsson kan lesast med litt nye briller.

Guffen tilrår. 

Meir Jonsson på kulturguffebloggen
Sparre Olsen: Tor Jonsson-minne (1968)
Inger Heiberg: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson (1984)

Ingar Sletten Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson (1999)
Teigen og Ottesen (red.): Meg kan ingen grava ned. Artiklar om Tor Jonsson (2017)

Meir Carmona-Alvarez på kulturguffebloggen
Og været skiftet og det ble sommer og så videre (2012)
Bergen Ungdomsteater (2016)

21. februar 2022

Pedro Carmona-Alvarez: Bergen Ungdomsteater (2016)

 

Carmona-Alvarez fekk P2-lyttarane sin romanpris for Og været skiftet og det ble sommer og så videre (2012). Denne boka er ein frittståande oppfylgjar, i det som truleg vert ein trilogi. (Det var i alle fall snakk om det tidlegare.)

Romanen er ei uvanleg fin skildring av ungdomslivet. Dei tre hovudpersonane, Marita, Andreas og Johannes, er svært ulike. Dei har ulike bakgrunn, men har òg mykje felles. Marita er litt kjærast med Johannes, seinare vert ho litt kjærast med Andreas.

Marita er vel den eigentlege hovudpersonen. Ho har norsk mor og amerikansk far, og dei to skilde lag for lenge sidan. Tidleg i boka flyttar ho og mora frå Oslo til Bergen, der mora, som ikkje er av det mest stabile slaget, flyttar saman med ein ny mann. Marita har det langt betre når ho vitjar faren og den nye kvinna hans, men det er ikkje ofte ho ser han: Han bur i California. Men ho er der lenge ein gong tidleg i 1990-åra, og det vert ho prega av.

Carmona-Alvarez skriv glitrande. Kvart kapittel krinsar om éin av dei tre (sjølv om dei alle dukkar opp overalt). Kapitla om Marita er skrivne i eg-form; i dei andre er det forfattaren som fortel. Det er morosamt, det er rørande, det er varmt og godt, og eg håpar det kjem ein oppfylgjar ein gong. 

Guffen tilrår. 

Meir Carmona-Alvarez på kulturguffebloggen
Og været skiftet og det ble sommer og så videre (2012)
Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (2021)

26. desember 2016

Pedro Carmona-Alvarez: Og været skiftet og det ble sommer og så videre (2012)

Dette var ei fin bok. Ho opnar med eit samandrag av det som skal skje, før det heile vert fortalt meir detaljert. Det er eit grep som kan fungera, og her fungerer det altså godt.

Det er ei familiehistorie, som opnar med harmoni og lukke i New Jersey, før det etter eit meir og meir disharmonisk opphald i Oslo sluttar med at mor og dotter bur i Bergen, medan faren bur i California. Mora Kari er norsk, medan faren Johnny er amerikansk. Vendepunktet i historia kjem då dei to eldste døtrene deira misser livet i ei bilulukke. Foreldra kjem aldri heilt på beina att, og foreldra deira foreslår at dei to barnlause flyttar til Noreg, for å ta til på nytt der. Dei får ei dotter til, Marita, men dei glir frå kvarandre. Johnny snakkar dårleg norsk, og forstår ikkje heilt dette nye landet, medan Kari drikk meir og meir, og finn seg etter kvart andre menn. Til slutt har Johnny fått nok. Han reiser til USA for å vera med i gravferda til far sin, og kjem ikkje tilbake.

Det vekslar mellom ulike tider og ulike forteljarar, men ein ting vekslar ikkje: Heile boka er skriven i eit fabelaktig språk. Det er lett å merka at Carmona-Alvarez også har gjeve ut mange diktbøker, dei poetiske vendingane står i kø. Både Johnny og Marita er dessutan karakterar det er lett å verta glad i, og lett å verta engasjert i, slik at dette var ei bok som var kjekk å lesa.

Guffen tilrår.

Meir Carmona-Alvarez på kulturguffebloggen
Bergen Ungdomsteater (2016)
Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (2021)