17. juni 2016

Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)

Ringo Starr var trommeslagar i The Beatles. Han kom inn rett før den fyrste plateinnspelinga deira, han var altså den siste som kom i gruppa, og han var òg den dei lettast kunne funne ein erstattar for, viss nokon av dei fire skulle ha slutta. Han var ein habil trommeslagar, meir stødig enn spektakulær, med ein stil som var prega av han spelte på eit høgrestilt slagverk, trass i at han var venstrehendt. Sosialt sett var han eit blinkskot, han hadde gode replikkar, og var ein triveleg kar.

Denne boka er den fyrste reine Ringo-biografien. Forfattaren, som ikkje er i slekt med Ringo, har intervjua ein haug med folk, men ingen som stod eller står Ringo nær. Det går greitt så lenge han skriv om tida fram til Beatles vart oppløyst i 1970, det er ikkje vanskeleg å finna kjelder som fortel om dei åra. Så langt er boka heilt grei, inkludert kapitla der Starr fortel om oppvekståra til Ringo.

Problema med boka tek til etter at Beatles går i oppløysing. Ein ting er at det ikkje skjer så mykje av interesse, ein annan ting er at Starr ikkje formidlar det på ein god måte. Han ramsar opp alle plater som vert spela inn, han nemner alle filmane hans, han nemner det han finn av store og mindre skandalar, han siterer frå sladrespalter i amerikanske vekeblad om damer Ringo skal ha prøvd seg på, og så bortetter. Både plater og fuilmar verkar heilt uinteressante, men Starr skriv og skriv om dei. Den siste halvdelen av boka vert altså eit slit å koma gjennom. Hadde denne delen vore sterkt komprimert, kunne dette vore verdt bryet; no er det seige saker.

Guffen er lunken.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar