13. september 2020

Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)

Dette var den fyrste norske Himalaya-ekspedisjonen, og prestasjonen var vel større enn det ein får inntrykk av i denne boka. Dei nådde toppen på Tirich Mir i juli 1950, og då hadde det berre vore folk på tre høgare toppar. Denne toppen er 7708 meter høg, men ut frå det som står i boka var det ikkje stort meir krevjande enn ein topptur i Noreg. Det var langt, og det var stor fare for snøras, men spesielt slitsamt var det visst ikkje.

Boka er òg eksemplarisk kort. Det vert fortalt om ein tur til området året før, det vert fortalt litt om dei har som har prøvd å nå toppen før, så kjem sjølve turskildringa, og så står det litt om geologi og botanikk. Dei skriv òg detaljert om kva dei hadde med seg av utstyr og kva dei åt. 

Dei gjekk utan oksygen. Ein av klatrarane, Per Kvernberg, gjekk litt i førevegen, og nådde toppen før tre andre kom til topps dagen etter.

Språket i boka er meir stivt enn sprekt, og sjølv om boka er kort greier dei tidvis å dra ting ut for langt, men alt i alt var dette heilt greitt.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Per Hohle (red.): Fra varde til varde (1971)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Ragnar Frislid: Gjende (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Michael Kodas: High Crimes (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Dagfinn Hovden: Tindekliv på Sunnmøre (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
(2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)
Trango. Et ønske om å leve sterkt (2025)
Girl Climber (2025)

12. september 2020

Will Eisner: The Spirit. A Celebration of 75 Years (2015)

Will Eisner laga nokre glimrande teikneseriar. The Spirit er ein fin serie, i alle fall når alt klaffar. Denne boka tek sikte på å visa korleis serien utvikla seg dei åra Eisner laga han, frå 1940 til 1952, og utviklinga er stor. Fram til 1945 er det lite originalt her, men det vert gradvis betre. Historiene er betre, replikkane er betre, og teikningane vert meir og meir finfine. 

Spirit er ein slags detektiv eller politimann. Han går med maske, han heiter eigentleg Denny Colt, og bur i ei hole under ein kyrkjegard. Han er smart, sterk, og alle kvinnene likar han. Han løyser saker etter saker, sjølv om dette vert mindre og mindre viktig. Han held til i New York, og nokre av dei flottaste teikningane er av gater og bygningar der. 

Mange seriar har ein fast vignett. Det har ikkje Spirit, og noko av det flottaste med serien er korleis Eisner endrar vignetten frå historie til historie. Ordet "Spirit" er alltid med i opningsteikninga, det same er "by Will Eisner", men det vert utforma og plassert på nye måtar heile tida.

Så boka tok seg opp mot slutten, men heilt på slutten gjekk det gale. Der kjem det to korte historier som er meir midt på treet. Dei kan Eisner ha vore med på, men den siste historien er heilt malplassert. Historiene tidlegare i boka er på sju eller åtte sider. Den siste, der Spirit møter Batman, er på førti, og her er alt som særpregar Spirit vekke. 

Guffen tilrår. 

8. september 2020

Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)

Midt i 1990-åra var Drillo ein av dei mest populære nordmennene. Det skuldast sjølvsagt at han gjorde underverk med det norske fotballandslaget, men det skuldast òg at han så til dei grader var seg sjølv. Han stod trygt plassert langt ute på den politiske venstrevingen, og sa klart frå, både om dette og andre ting, når han vart spurt.

Han greidde likevel å skilja mellom det offentlege og det private. Han sette klare grenser, og slik sett er det nesten overraskande at han har gått med på å samarbeida om denne biografien. Kanskje det skuldast bakgrunnen til Alfred Fidjestøl - han har vore tilsett i Klassekampen, og han har spelt fotball for Fyllingen.

Det er ei finfin bok. Fidjestøl legg det heile opp kronologisk. Oppvekst i Fredrikstad. Studieår i Oslo. Fotball, omtrent heile tida - frå spelar i landslagsklasse, til han vart trenar ulike stader. Ved sida av trenargjerninga var han tilsett ved Idrettshøgskulen. Han var landslagstrenar 1990-98, og i denne perioden kunne han omtrent gå på vatnet. Det meste han tok i vart til gull. Eg vart overraska over kor mykje eg hugsa frå desse landskampane, men òg over kor mykje eg hadde gløymt.

Drillo og dei andre rundt han fortel ope om det aller meste, og Fidjestøl har fletta både desse samtalane og det enorme kjeldematerialet saman til ei god bok. Han er på lag med Drillo, utan at det hindrar han frå å vera kritisk. Han skriv godt, han byggjer opp både bok og kapittel på ein god måte. Eg saknar likevel noko: Drillo var ein suveren trenar for det norske landslaget i nittiåra, men fekk det berre unntaksvis til andre stader. Nokre stader gjekk nesten alt gale. Fidjestøl kunne godt ha gått lengre inn i denne problemstillinga, og vist kvifor alt lukkast i nittiåra. Var det betre spelarar? Var det meir lojale spelarar? Vart Drillo ein dårlegare trenar etter at han hadde hatt så stor suksess?

Guffen tilrår.

Meir Fidjestøl på kulturguffebloggen

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)
John Aizlewood: Playing At Home (1998)
Uli Hesse: Tor! (2003)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

6. september 2020

Øivind Hånes: Som vil deg isbre for isbre (1991)

Det finaste med denne boka er eigentleg forteljarmåten. Det heile vert fortalt i eit poetisk, knapt og nesten hemmeleg språk, og boka har mange spørsmål som ikkje får klare svar.

Det meste av boka er me med på eit soppkurs ein stad på det sørlege Austlandet. Synsvinkelen vekslar, av og til er det Lunov som fortel, av og til er det Lena. Dei to finn kvarandre, slik dei truleg òg har funne kvarandre før. Dei går på soppleiting saman, og det vert eit par av dei - i alle fall nokre dagar. Lena forlet kurset nokre dagar før det er ferdig. Dagen etter vert Lunov dårleg i magen. Er det ein vanleg farang? Har han ete giftig sopp? Korleis har han i tilfelle fått det i seg - kan det vera Lena som har forgifta han?

Hånes leikar med språket. Han bruker færre skiljeteikn enn han eigentleg burde, orda kjem gjerne i ei anna rekkjefølgje enn dei burde, men det heile fungerer heilt fint. Likevel er her nokre daudpunkt, og mot slutten av boka, når det heile burde toppa seg, vert det litt keisamt.

Dette er debutboka til Hånes, og er den einaste av bøkene hans eg har lese. Det står nokre fleire bøker av han i bokhylla, så det kan henda at eg prøver meg på ei av dei ein gong.

Guffen er lunken.

Meir Hånes på kulturguffebloggen

27. august 2020

After Life, sesong 2 (2020)

Det er kanskje ikkje den heilt store utviklinga frå sesong 1, men det er framleis finfint. Hovudpersonen, Tony Johnson, arbeider som journalist i  byenTambury. Han har nyleg mist kona si, og får ikkje heilt skikk på livet sitt. Dagane hans er heller like - han står opp, går på jobb, snakkar med folk på jobb, går til grava til kona der han snakkar med ei eldre kvinne som har mist mannen sin, vitjar den demente far sin på gamleheimen, går heim og drikk og ser på gamle filmar av kona.

Det som gjer det finfint er den enorme varmen i serien. Javisst kan det komande bitande kommentarar, javisst kan det vera vondt å sjå korleis Johnson har det, men det er ein varme over det heile. Det er kanskje der serien er ulik den fyrste sesongen. Tony vert mindre og mindre bitter, og er snill mot langt fleire enn hunden. Det ligg litt i lufta at det kjem til å verta noko mellom Tony og ho som passar på far hans på sjukeheimen.

Manus er skrive av Ricky Gervais, som òg spelar hovudrolla. Han spelar på eit langt større register enn elles, og er overtydande også når han er lengst nede. Fleire av dei andre rundt han er òg glimrande framstilt - det er vanskeleg å ikkje lika postmannen, og det er òg like stas kvar gong fotografen i avisa skal ta bilete av eitt av dei håplause intervjuobjekta deira.

Guffen tilrår.

Meir After Life på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2019)
Sesong 3 (2022)

23. august 2020

Legs McNeil og Gillian McCain: Please Kill me (1996)

Eg har omsider somla meg til å lesa denne. Boka vert gjerne omtala som ei av dei viktigaste bøkene om tidleg punk, og eg har kjent til ho i fleire år.

Boka har undertittelen "The uncensored oral history of punk". At det er munnleg historie er heilt fint, det gjer boka lett å lesa, og det gjer òg at alle får koma til orde. Dei to forfattarane har snakka med hundrevis av personar, som sjølvsagt ofte er usamde. Det er òg forfriskande at det er mykje krangling og ned-snakking - Patti Smith er ei av dei som får mest kritikk.

Det som dreg nivået ned er kva dei snakkar om. I ei bok som dette vil det gjerne verta snakk om både sex og drugs og rocknroll, men musikken burde vera det viktigaste. Slik er det ikkje her, det er vel det forfattarane tenkjer på når dei kallar det ei usensurert bok. Det handlar altfor mykje om kven som har vore bortpå kven, og det handlar altfor mykje om kor mykje gale folk finn på når dei har rusa seg. For meg hadde det vore langt meir spanande å lesa meir om musikken deira.

Det handlar om den tidlege punkehistoria sett frå New York. Det tek rett nok til i og rundt Detroit, med MC5 og Iggy, før det heile flyttar seg til New York. Her er det miljøet rundt CBGBs og Max's det handlar om. Når det handlar om andre delar av USA er det av di grupper frå New York er på turne dit, når det handlar om britisk punk er det av di grupper frå New York er der. (Pluss eit kapittel om USA-turneen til Sex Pistols, og eitt om det siste leveåret til Sid Vicious i New York.) NY-punken var viktig, historisk sett, men musikalsk sett var England langt meir spanande, og det same var punken som vaks fram i California og i Washington D.C. 

Guffen tilrår.

19. august 2020

Runa Fjellanger: På motorveiene (2017)

Anna er på bilferie gjennom Europa med kjærasten Ida. Det er ein tur inn i det ukjende, det verkar ikkje som om dei kjenner kvarandre så altfor godt frå før. For Anna er det til ei viss grad ein tur inn i det kjende, det kjem heile tida kapittel der me får høyra om då ho som lita jente var på bilferie gjennom Europa med foreldra.

Det ligg ei uro over begge desse reiseskildringane. I ferieturen med foreldra luktar det heile tida at foreldra ikkje greier meir. Der kjem òg frampeik til det som gradvis vert tydelegare i skildringa av ferien med Ida. Anna er ikkje heilt stabil, ho er valdeleg både som barn og vaksen. Som liten gøymer ho seg ein gong i ein liten skog; som vaksen toler ho ikkje at Ida tilfeldigvis møter veninna Silje, og det endar med Anna køyrer frå dei to andre utan å seia frå.

Det er ei svært fin bok. Fjellanger sløser ikkje med orda, men fortel det heile i presist og poetisk språk. Ho fortel oss ikkje meir enn ho må, og boka er svært fint bygd opp.

Guffen tilrår.