Viser innlegg med etiketten Hånes. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hånes. Vis alle innlegg

28. august 2022

Øyvind Hånes: Amerikansk landbruk (1994)

Ein norsk mann er på veg til ein konferanse i Osnabrück. Han reiser med tog, og medan han ventar på å ta tog vidare frå København kjem han i snakk med ei dansk dame. Eller - det er vel rettare å seia at ho kjem i snakk med han. Han er rimeleg tiltakslaus - han vil mest av alt ha fred, men han let henne snakka. Han takkar òg ja når ho inviterer han med ut for å gå litt, og når ho inviterer han med inn i husveret sitt. Der sovnar han, og vaknar for seint til å nå toget sitt.

Det er ein fin roman. Hånes skriv rimeleg ordknapt, men får likevel godt fram korleis hovudpersonen nesten ser ut til å mangla fri vilje. Det er noko komisk over det heile. Mange av replikkane til kvinna vert berre presenterte som uferdige utsegner, der berre nokre av orda er med. Meininga er likevel tydeleg, både for oss lesarar og for mannen. Svara hans er som regel tankane hans, og desse svara er som regel noko heilt anna enn det han tydelegvis svarar høgt.

Guffen tilrår. 

Meir Hånes på kulturguffebloggen

28. januar 2022

Øyvind Hånes: Petroleum (2004)

Forteljaren i denne boka er vinhandlar i Köln. Han har eit enkelt liv, det handlar stort sett om vin, om god mat, og om å sjå gamle tenniskampar på video (utan lyd). Han har ein kjenning han ser ofte, bortsett frå det er den einaste sosiale omgangskrinsen hans dei mange trufaste kundane i vinbutikken.

Han har òg hatt sporadisk kontakt med broren. Han budde i same byen, men liva deira var heilt ulike. Den eine var vinhandlar og levde eit trygt og godt liv, den andre var småkriminell, drakk mykje og dreiv sikkert òg med andre stoff. Broren vert funnen drepen i ein park, og det slår forteljaren at han ikkje veit noko om broren. Han har ikkje noko handfaste minne, før han tilfeldigvis finn eit bilete av broren saman med to kvinner. Det biletet fører han ut av komfortsona. Han vitjar den eine kvinna i Greifswald, og sambuaren hennar, ein rabiat skinhead, vitnar om ei heilt anna verd enn den trygge i Köln.

Det er ei fin bok. Hånes skriv godt, han får godt fram kontrastane mellom dei to byane og dei to liva. Gjennom heile boka ligg det eit tydeleg sakn hjå forteljaren, og sjølv om det tapet aldri vert heilt vekke, kjem det hint om at han etter Greifswald-turen kjem til å ta meir del i samfunnet rundt han.

Guffen tilrår.

Meir Hånes på kulturguffebloggen

6. september 2020

Øivind Hånes: Som vil deg isbre for isbre (1991)

Det finaste med denne boka er eigentleg forteljarmåten. Det heile vert fortalt i eit poetisk, knapt og nesten hemmeleg språk, og boka har mange spørsmål som ikkje får klare svar.

Det meste av boka er me med på eit soppkurs ein stad på det sørlege Austlandet. Synsvinkelen vekslar, av og til er det Lunov som fortel, av og til er det Lena. Dei to finn kvarandre, slik dei truleg òg har funne kvarandre før. Dei går på soppleiting saman, og det vert eit par av dei - i alle fall nokre dagar. Lena forlet kurset nokre dagar før det er ferdig. Dagen etter vert Lunov dårleg i magen. Er det ein vanleg farang? Har han ete giftig sopp? Korleis har han i tilfelle fått det i seg - kan det vera Lena som har forgifta han?

Hånes leikar med språket. Han bruker færre skiljeteikn enn han eigentleg burde, orda kjem gjerne i ei anna rekkjefølgje enn dei burde, men det heile fungerer heilt fint. Likevel er her nokre daudpunkt, og mot slutten av boka, når det heile burde toppa seg, vert det litt keisamt.

Dette er debutboka til Hånes, og er den einaste av bøkene hans eg har lese. Det står nokre fleire bøker av han i bokhylla, så det kan henda at eg prøver meg på ei av dei ein gong.

Guffen er lunken.

Meir Hånes på kulturguffebloggen