6. september 2020

Øivind Hånes: Som vil deg isbre for isbre (1991)

Det finaste med denne boka er eigentleg forteljarmåten. Det heile vert fortalt i eit poetisk, knapt og nesten hemmeleg språk, og boka har mange spørsmål som ikkje får klare svar.

Det meste av boka er me med på eit soppkurs ein stad på det sørlege Austlandet. Synsvinkelen vekslar, av og til er det Lunov som fortel, av og til er det Lena. Dei to finn kvarandre, slik dei truleg òg har funne kvarandre før. Dei går på soppleiting saman, og det vert eit par av dei - i alle fall nokre dagar. Lena forlet kurset nokre dagar før det er ferdig. Dagen etter vert Lunov dårleg i magen. Er det ein vanleg farang? Har han ete giftig sopp? Korleis har han i tilfelle fått det i seg - kan det vera Lena som har forgifta han?

Hånes leikar med språket. Han bruker færre skiljeteikn enn han eigentleg burde, orda kjem gjerne i ei anna rekkjefølgje enn dei burde, men det heile fungerer heilt fint. Likevel er her nokre daudpunkt, og mot slutten av boka, når det heile burde toppa seg, vert det litt keisamt.

Dette er debutboka til Hånes, og er den einaste av bøkene hans eg har lese. Det står nokre fleire bøker av han i bokhylla, så det kan henda at eg prøver meg på ei av dei ein gong.

Guffen er lunken.

Meir Hånes på kulturguffebloggen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar