20. februar 2026

Glenn Kurtz: Men at Work (2025)

Av alle dei mange skyskraparane og andre vidgjetne hus i New York er nok Empire State Building best kjend. Andre hus er høgare, minst éin annan skyskrapar er flottare (Chrysler Building, sjølvsagt), men Empire er den alle kjenner. Bygget stod ferdig i 1931 og var det høgste bygget i verda fram til World Trade Center vart bygd i 1972. Etter terroråtaka der i 2001 var igjen Empire det høgste bygget på Manhattan, men frå 2012 til i dag er det bygd sju hus der, som er høgare.

Boka til Kurtz har ein sympatisk innfallsvinkel: Han vil heidra dei arbeidarane som bygde huset, ikkje dei rike som fekk det bygd. Han har to hovudkjelder: Ei tavle ved inngangen der 32 arbeidarar har fått namnet sitt, og mange av fotoa Lewis Hine tok under arbeidet. Han fotograferte mange av dei som fekk pris, og det er glitrande portrett. 

I omtalar av Empire State Building, både under bygginga og etterpå, vart arbeidarane presenterte anonymt, som ein stor masse med anonyme arbeidarar. Kurtz koplar saman namn og foto, samlar inn det han kan finna om dei, og dreg dei fram frå myrkret. Det er ikkje alltid han finn så mykje, og det er slettes ikkje alltid at desse korte biografiane er så interessante, men likevel. Så teksten er sympatisk og grundig, og fotoa er altså finfine. Det best kjende av dei, The Sky Boy, viser korleis Hine klipte bileta sine for å gjera dei meir dramatiske. 

Guffen tilrår.

18. februar 2026

Breakdown: 1975 (2025)

Dette er ein dokumentar som fortel litt amerikansk historie og litt filmhistorie. Det handlar mykje om korleis amerikanske filmar i og rundt 1975 kommenterte det som skjedde i samfunnet. Filmskaparane har intervjua skodespelarar, regissørar og andre som anten var aktive då, eller som ser tilbake på desse filmane. 

Eit av dei viktigaste poenga filmen vil få fram er at det amerikanske samfunnet lenge har vore på veg mot undergangen. Me snakkar gjerne om at Noreg er eit land med høg tillit til politikarar og andre mektige personar. Denne filmen meiner at det lenge var slik også i USA, men at det rundt 1975 vart opplagt at denne tilliten ikkje var fortent. Her er det litt Watergate, litt rasepolitikk, litt Vietnam, osb - store saker som prega det amerikanske samfunnet. 

Men det er òg eit viktig poeng at amerikansk film lenge har vore på veg mot undergangen. Filmen sluttar med at Haisommer vert ein kjempesuksess, og i åra etter vert det målet til Hollywood: Det som fanst av samfunnskritikk i filmar måtte vika for ei jakt på filmar som tente store, store pengar. 

Guffen tilrår. 

17. februar 2026

Top Secret! (1984)

Nja. Filmen er laga av dei same som laga Airplane og Naked Gun. Det er av og til lett å sjå, og av og til langt vanskelegare å forstå. Her er litt å le av, men det er òg litt for mange pinlege vitsar.

Filmen er ei lett blanding av mykje rart. Ei amerikansk popstjerne frå 1950-åra, Nick Rivers, vert sendt til ein kulturfestival i Aust-Tyskland. Det viser seg at Aust-Tyskland minner svært mykje om Nazi-Tyskland. Rivers vert innblanda i fridomskampen til motstandsrørsla, og greier (sjølvsagt) å løysa både eitt og hitt.

Nokre av vitsane i filmen er gode, og dei fleste av desse er visuelle. Det fungerer godt då Rivers kryp på magen mot nokre tyske uniformstøvlar, eller då det er stasjonen og ikkje toget som flyttar på seg, eller då telefonen i framgrunnen faktisk er like stor som han ser ut. Men det er langt fleire vitsar som er dårlege, og altfor mange av dei er litt halv-pikante. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.

9. februar 2026

Arthur Myhre et al. (red.): Voss Utferdslag 1933--1993 (1993)

Voss Utferdslag er i dag eit lokallag i Den Norske Turistforening. Dei har gjort svært mykje positivt for friluftslivet i bygda - dei har merka ruter, dei har bygd vardar, dei har bygd og/eller overteke hytter for overnatting, og dei har halde desse ved like. Det er opplagt at dette har vore med på å få fleire folk til å bruka naturen her.

Denne boka fortel historia om dei seksti fyrste åra til laget. Det er informativt, men det er samstundes så mykje å trekkja for at eg vonar at det vert lagt meir arbeid i hundreårssoga deira. Ting som kan betrast:

* Her er framstillinga altfor kronologisk. Dei har gått gjennom styreprotokollane, og skriv om kva som skjedde kvart einaste år. Det hadde vore betre å samla stoffet tematisk, altså at det som handla om bygginga av ei av hyttene vart samla. Det hadde òg vore fint om nokon sa at denne delen av boka er altfor detaljert.
* Ei bok om fjell og friluftsliv må ha langt flottare bilete. Det finst titusenvis gode foto frå den lokale fjellheimen; ingen av dei har funne vegen til denne boka.
* Formgjevinga er (diverre) slik svært mange lokale bøker på Voss er: Drepande keisam, og verst av alt er framsida: Der har teksten fått ein raudfarge som gjer at han er altfor lite synleg.
* Kart. Kvifor er her ikkje kart? Tek dei for gitt at alle som les boka kjenner fjellheimen så godt?

Guffen er lunken. 

8. februar 2026

Øystein Lønn: Hva skal vi gjøre i dag? og andre noveller (1995)

Eg burde visst lesa fleire bøker Øystein Lønn. Dette er tredje gong eg les ei av bøkene hans, og eg vert like imponert kvar gong. Det er stilsikkert og formsikkert, og det er tydeleg at novellene i boka er skrivne av ein som verkeleg kan faget sitt. 

Her er ni noveller. Som oftast er det kvardagslege historier, men der er heile tida noko usagt, noko me ikkje får vita, og dette ukjende er med på å heva novellene høgt opp. Det handlar som regel om eit parforhold som ikkje er heilt som det skal vera.

Aller best trur eg at eg likte "Den tørre nysnøen", den nest siste novella i boka. Det handlar om den dagen tante Agatha døydde, og om korleis folk rundt henne reagerte. Eit finfint døme på det eg skreiv over - der noko relativt daglegdags vert utgangspunkt for koplingar i alle retningar.

Guffen tilrår.

Meir Lønn på kulturguffebloggen
Thomas Ribes femte sak (1991)
Berners datter (2018)

7. februar 2026

Colin Greenwood: How to Disappear (2024)

Det har vore litt Radiohead for meg i det siste. Både før og etter konserten i desember har eg høyrt mykje på dei, og det kjem eg til å halda fram med. Dei er eit glimrande band, med uvanleg mange strengar å spela på. Bassisten Colin Greenwood bruker som regel berre fire av desse strengane, men han er høgst habil - han vert av og til kalla bandets "secret weapon".

Han er òg ein habil fotograf. I denne boka har han samla bilete av bandet - øvingar, fritid, konsertar, osb. Bileta er gode, og det verkar som om dei andre er rimeleg avslappa framfor kameraet hans. Dei er ikkje altfor glade i journalistar og slikt, men her vert dei (truleg) fotograferte slik dei er. 

Innimellom fotografia kjem det tre tekstbolkar, der han kvar gong skriv om tre ulike tema. Det kan vera tidlege øvingar, bassar han har brukt, turnéliv, osb. Desse tekstane er òg fine, og det er vel tydeleg at han, til liks med dei andre i bandet, er oppegåande nok til å ha gått på universitet.

Guffen tilrår.

Meir Radiohead på kulturguffebloggen
Meeting People Is Easy (1998)
Dai Griffiths: OK Computer (2004)
John Aizlewood: Radiohead. Life In A Glasshouse (2022)
Royal Arena, København, 5.12.2025

4. februar 2026

Styrk Solstad: Dei gav oss ein arv (1985)

I føreordet til denne boka skriv Solstad at han her har samla nokre småstykke han har skrive i aviser på Voss og i Hardanger. Her har han sett saman nokre av desse stykka med stykke som ikkje har vore prenta før. 

Det er ei rar samling. Pronomenet "dei" i tittelen viser til mange av dei som har levd før, men det viser òg til dei to lokalhistorikarane Lars Kindem og Th.S. Haukenæs. Mange av stykka er inspirerte av noko Kindem eller Haukenæs har skrive; ved minst eitt høve er det berre slik at Solstad har skrive det litt om. 

At stykka opphavleg er skrivne for aviser gjer at dei er korte. Fleire av dei vert difor litt knappe, mange gonger under lesinga tenkte eg at her burde det ha stått mykje meir. Unntaket er den siste artikkelen, der Lars Rørlien fortel om livet sitt. Dette er den lengste artikkelen i boka, og den einaste der eg verkeleg lærte noko nytt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

29. januar 2026

Ida Hegazi Høyer: Ene | skissen (2019)

Nja, dette var vel ikkje den best Høyer-romanen eg har lese. Språket er godt, og her er mange fine skildringar, men det vert litt statisk og tidvis keisamt.

Det handlar om fire kvinner som bur i lag. Dei har alle sine sterke og mindre sterke sider. Dei er så pass ulike at det er nesten rart at dei bur saman - dei kranglar mykje, og nokre av dei mislikar andre sterkt. Den eine av dei er forfattar, og ho forlangar at alle skal leggja til rette for at ho skal få skriva. Viss ho vert invitert på eit forfattarbesøk, sender ho til dømes ei av dei andre. Sjølv om dei er ulike, utfyller dei kvarandre så godt at det er nærliggjande å tru at dei berre er fire sider av den same kvinna. 

Men det går altså litt seint framover, og det er nok den boka av Høyer eg har fått minst ut av.

Guffen er lunken. 

26. januar 2026

Gitarmannen (DNS, Bergen, 24.1.26)

Den Nationale Scene i Bergen vart i 1994 det fyrste teateret som sette opp eit teaterstykke av Jon Fosse, Og aldri skal vi skiljast. På scena den gongen stod Bjørn Willberg Andersen. Det året spurde Andersen om Jon Fosse ville skriva ein monolog til han, og det gjorde han: I mars 1995 fekk Andersen manuset Hundemannen i posten. Det vart ikkje sett opp då, men det kom ut som jolehelsing frå Det Norske Samlaget i 1997 var tittelen endra.

No vart stykket endeleg sett opp, og eg trur det var ei verdspremiere. Det er eit fint og kompakt stykke. Forteljaren er ein gatemusikant. Han kjem inn på ein bar, og han snakkar til oss i publikum som om han snakkar til andre på ein bar. Han kjøper seg ei øl, han spelar og syng litt for oss. Han fortel kvifor han er i denne byen - han møtte ei kvinne, og før det vart slutt mellom dei hadde dei fått ein son. Då vil ikkje gitarmannen flytta frå byen, så han vert her - han spelar litt kvar dag, utan at det er mykje å leva av. Han har ikkje fått det gode livet me alle drøymer om, men han har godteke at det er slik det er.

Det er altså eit fint stykke. Andersen snakkar om lag slik Fosse snakkar - litt usikkert, av og til ein nervøs latter, og sjølvsagt finn me òg her dei gode repetisjonane. 

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Djupt og enkelt (2022)
Mor og barn (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 28.2.2025)
Asle og Alida (Grieghallen, Bergen, 4.4.2025)
Vaim (2025)

25. januar 2026

Mímir Kristjánsson: Frihet, likhet, Island (2015)

Då Mímir Kristjánsson var rundt tretti år fekk han restskatt på nesten 70 000 kroner. Han tok den enkle løysinga og reiste mot straumen - han flytta til Island, der far hans framleis budde, for å prøva å skaffa seg eit liv der. Denne boka fortel om tida hans der - han får ikkje så store inntekter, men han får drukke litt, han får nærkontakt med opptil fleire damer, og han reiser litt rundt på Island saman med nokre besøkande nordmenn. Han reiser òg på besøk til Noreg, der han eigentleg held fram på same viset, og boka endar med at han bestemmer seg for å flytta tilbake til Noreg. I fylgje boka var det dette som skjedde; i fylgje eit etterord kan det henda at han har teke seg skáldaleyfi, skaldeløyve, for å friska opp nokre av hendingane. Det kan altså henda at me må ta noko av dette med ei klype salt.

Det er ei underhaldande bok. Kristjánsson skriv godt, han kan skriva humoristisk, og det er tydeleg at han er veldig glad i Island. Det er ikkje det same som at han ikkje er kritisk - han skriv mykje om finanskrisa, og korleis det vart lagt godt til rette for at nokon få utvalde skulle gjera det godt økonomisk, samstundes som økonomien på Island gjekk til pises. 

Eg var på Island for nesten 25 år sidan, og hadde det kjekt der. Eg reiser gjerne tilbake ein gong, og då kan det godt henda at eg lese denne boka opp att: Her er så mykje nyttig informasjon, både praktisk og historisk, at boka godt kan fungera som ei reisebok.

Guffen tilrår. 

Meir Kristjánsson på kulturguffebloggen
Mamma er trygda (2019)
Mímir Kristjánsson og Sofie Marhaug: 
Hjelp, de drar til Sveits! (2024)
Pabbi (2024)

22. januar 2026

Per Hohle (red.): Fra varde til varde (1971)

Denne boka inneheld 11 artiklar som alle er henta frå årbøkene til DNT. I føreordet skriv Hohle at det var vanskeleg å velja ut "10-12" artiklar frå dei "flere tusen" artiklar som hadde stått på trykk. Denne omtrentlegheita er gjennomgåande i boka - det burde absolutt ha stått kva årbok kvar artikkel er henta frå, og det kunne gjerne ha stått ein setning eller to om kven forfattarane var.

Nokre stader er det rett nok unødvendig. Ein artikkel er skriven av Nicolai Rygg, som mellom anna var sentralbanksjef. Fotturen han fortel om vart gjort då han hadde den jobben, og store delar av artikkelen handlar om akkurat det - korleis folk rundt omkring i fjellbygder tek mot ein slik storkar. I nokre av dei andre artiklane vert liknande haldningar uttrykte, altså at her kjem det fint folk frå byen som må leva eit enkelt liv.

Artiklane i boka dekkjer store delar av landet, og det er bra. Nokre turar går høgt til fjells, andre går i skogkledd landskap. Det er altså stor variasjon, og det er det òg i skrivekunsten som vert vist fram. Nokre stadar kjem det veldig fine naturskildringar, andre gonger er det meir klisjefullt.

Guffen er lunken. 

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Ragnar Frislid: Gjende (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Michael Kodas: High Crimes (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Dagfinn Hovden: Tindekliv på Sunnmøre (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)
Trango. Et ønske om å leve sterkt (2025)

19. januar 2026

Christopher Nielsen: Da pønken kom til Lefsevika (2014)

Ei slags kriminalforteljing frå punkemiljøet i Nord-Trøndelag. Forteljaren, Halvor Hals, er privatdetektiv, og denne forteljinga opnar slik privatdetektivforteljingar skal opna: Hals vaknar, er fyllesjuk og opnar dagen med å rusa seg, før ein klient kjem inn: Ei passeleg pirrande kvinne vil at Hals skal finna ut kva som eigentleg skjedde då bror hennar, Stian, døydde heilt tilbake i 1981. Hals får nokre detaljar, før han reiser til Lefsevika.

Stian hadde spelt i Kaillkjæft, det einaste punkebandet i Lefsevika. Dei gav ut ein singel, men vegen vidare vart stoppa av musical differences og vel så det: Vokalisten, Hold Brillan, er glad i Elvis, medan Stian hatar Elvis som presten. Ein dag forsvinn Stian, og noko seinare vert han funnen død i eit fjellvatn. Den offisielle versjonen er at det var sjølvmord, noko som vart understøtta av eit sjølvmordsbrev. Halvor Hals snakkar med dei attlevande, og gradvis greier han å nøsta opp kva som har skjedd.

Det er ein fin teikneserie. Nielsen har ein særeigen teiknestil, og han er samstundes ein glitrande forteljar, men full kontroll på språket. 

Guffen tilrår.

18. januar 2026

Dag Steinfeld: Mannen som gikk fri (2025)

Andre verdskrigen, igjen. Denne gongen handlar det om Knut Rød, politimannen som var heilt sentral under dei norske jøde-deportasjonane. Han var politiinspektør og var den som koordinerte arbeidet med å fanga jødane, og å senda dei vidare til utryddingsleirane i Tyskland. Etter krigen vart han fengsla, og ført for retten som ein del av landssvikoppgjeret. Merkeleg nok vart han frikjent, etter ein noko mangelfull og uryddig prosess. Dommen vart anka, sjølvsagt, men resultatet vart like oppsiktsvekkande: På sjølvaste 9. april i 1948 vart han frikjent igjen, og denne gongen vart ikkje dommen anka. Han var ein fri mann, og han fekk tilbake jobben sin i politiet.

Korleis kunne dette skje? Steinfeld viser korleis ingen av dei rettssakene var grundige nok. Rød bygde mykje av forsvaret sitt på at han hadde spelt ei dobbeltrolle under krigen. Han var ein medhjelpar i motstandsarbeidet, og måtte fylgja ordrane han fekk for å ikkje missa jobben, som igjen (i fylgje han) kunne føra til at heimefronten og andre grupper fekk mindre informasjon. Ingen betvilar dette, men Rød kom ikkje inn i dette motstandsarbeidet før etter jøde-deportasjonane, og etter at Tyskland var kome sterkt på defensiven. Like viktig er det òg at Rød kom inn i det amerikansk-styrte antikommunistiske hemmelege arbeidet etter krigen. Det ser ut til at mange med mykje makt, til dømes Jens Chr. Hauge, kan ha trykt på nokre skjulte knappar og medverka til Rød vart friteken.

Det er altså ei skammeleg historie, som ikkje må gløymast. Boka hadde nok tent på ei strammare redigering, både i små detaljar (som at det to gonger tidleg i boka står at Oslo tidlegare heitte Kristiania, eller at det to gonger tidleg i boka står om leilegheitane i Schweigaards gate at dei var tiltenkt borgarskapet), og i dei store linene. Det vert nokre repetisjonar, og det vert av og til for detaljrikt.

Guffen tilrår. 

16. januar 2026

Peter Guralnick: The Colonel and the King (2025)

Peter Guralnick har skrive ein glitrande Elvis-biografi i to band, så det er ikkje uventa at denne boka òg er solid. I alle fall ei stund. Det handlar om Colonel Parker, denne litt merkelege manageren til Elvis. Han vaks opp i Holland, lurte seg truleg inn i USA, der han tente pengar på ulikt vis før han vart manager for Elvis. Han var heilt sentral i å gjera Elvis til superstjerne, og for han var pengane det viktigaste. Han brydde seg lite om kvalitet og kredibilitet - når Hollywood betalte mest for minst arbeid, var det lett for Parker å argumentera for at Elvis heller burde spela inn filmar enn musikk. Filmane var stort sett veike, men dei selde, og det var altså det som var viktig. 

Den fyrste halvdelen av boka fortel denne historia, på ein grundig og god måte. Guralnick har total kontroll på stoffet, og ser koplingar og samanhengar andre ville gått glipp av. Elvis og Parker har djup respekt for kvarandre, sjølv om det skrantar litt mot slutten av livet til Elvis.

Den andre halvdelen er veikare. Her kjem det ei rekkje brev, og dei fleste er skrivne av Parker. Mange av desse breva har Guralnick vist til i den fyrste delen av boka, slik at me kjenner innhaldet i dei. Parker er heller ikkje nokon stor skribent, slik at breva er ikkje så interessante i seg sjølv. Det er òg altfor mange av dei. Etter kvart gjekk eg over til å berre lesa dei ogde introduksjonane Guralnick har skrive til kvart brev, og viss breva berre handla om business, skippa eg dei.

Guffen tilrår.

Meir Elvis på kulturguffebloggen
West, West og Hebler: Elvis, What Happened? (1977)
Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Peter Guralnick: Careless Love (1999)
Alanna Nash: The Colonel (2003)
Priscilla (2023)
Elvis (2022)
Lisa Marie Presley og Riley Keough: From Here to the great Unknown (2024) 

10. januar 2026

Ole Didrik Lærum: Spelemannen Ole Helgeland (1991)

Sjur Helgeland (1858-1924) var ein av dei store spelemennene frå Voss. Han vaks opp i Myrkdalen, i relativt fattige kår, og han samla seg aldri store materielle goder. Han var ei kunstnarsjel, på godt og vondt, og treivst best når han hadde med seg fela til fjells. Han treivst òg med tilhøyrarar, men ikkje alltid. Han var ikkje mykje på spelferder, men spelte mykje i bryllaup og andre tilskipingar. Edvard Grieg var ein av mange som sette han høgt. Han hadde aldri eigen familie, sjølv om han skal ha vore trulova med Anna Vigstad, som budde i Bergen. Helgeland komponerte musikk sjølv, og er best kjend for "Budeiene på Vikafjellet".

I denne boka vert historia om Helgeland fortalt. Ole Didrik Lærum har ikkje hatt noko enkel oppgåve - det finst ikkje mange skriftlege kjelder som kan fortelja om korleis Helgeland hadde det. Lærum har snakka med mange - nokre kjende han, andre hugsar han godt. Det er ei relativt kort bok, ho er på rundt 120 sider, og for å koma opp i dette sidetalet må Lærum koma med mykje tilleggsstoff, som tilhøva i Myrkdalen, eller korleis det eigentleg var å vera spelemann på den tida.

Me får likevel eit godt bilete av kor stor Helgeland var. Han vart respektert av andre spelemenn, og hevda seg godt på fleire kappleikar. Han skal òg ha vore kvikk i replikken, sjølv om det er fare for at det i nokre anekdotar vert smurt litt tjukt på. Ein liten veikskap med boka er at Lærum kan verta for glad i dei gode historiene, utan at dei vert verifiserte.

Guffen tilrår.

7. januar 2026

Pluribus, sesong 1 (2025)

Science Fiction er vel ikkje det eg vanlegvis bruker mykje tid på. Men denne serien har fått mykje vellæte, og det er vel fare for at eg kjem til å sjå alle seriar Vince Gilligan lagar. I alle fall heilt til eg vert skuffa, og me er ikkje der endå. Langt ifrå.

Jorda vert ramma av eit virus frå verdsrommet. Alle menneske i verda vert som nokre godsnille luringar - alle er lukkelege, alle er ærlege, ingen kan luga. Eller - ikkje alle: Det viser seg at 13 personar har vore immune. Hovudpersonen i serien, forfattaren Carol Sturka, prøver å få dei tolv andre med på å gjera resten av verda frisk. Det går ikkje så altfor godt, og dei må òg kjempa mot fleirtalet, som prøver å få dei 13 over på si side.

Det er fleire ting som gjer serien god. Det eine er manus er velskrive. Det andre er at det er visuelt finfint. Det tredje, og viktigaste, er at Rhea Seehorn, som spelar Sturka og som difor er i om lag kvar einaste scene, spelar glimrande. Det er vel berre å sjå fram til neste sesong.

Guffen tilrår.

5. januar 2026

Live Aid. When Rock'n'Roll Took on the World (2025)

Live Aid var eit godt tiltak. Ikkje for musikken sin del; veldig mange av artistane som deltok er og var heilt uinteressante. Men dei samla inn mykje pengar, dei gjorde veldig mange folk merksame på svolt-katastrofen i Etiopia, og tjue år seinare fekk dei i-landa i verda med på å stryka mykje av gjelda u-land hadde. 

Bob Geldof såg eit fjernsynsinnslag frå Etiopia i 1984. Saman med Midge Ure skreiv han songen "Do They Know It's Christmas", og dei fekk med seg mange store britiske stjerner under innspelinga. I USA vart noko liknande gjort, og sommaren 1985 vart dei to Live Aid-konsertane, ein i London og ein i Philadelphia, arrangert. Tjue år seinare kom det nye konsertar, der endå meir pengar vart samla inn.

Denne serien på fire episodar fortel denne historia. Her er innslag frå 1985 og 2005, og her er nyare intervju. Mange musikarar vert intervjua, men òg politikarar som Tony Blair og George W. Bush. Det er ein heilt grei serie, som fungerte som tidtrøyte nokre dagar rundt nyttår.

Guffen tilrår. 

4. januar 2026

Cover-Up (2025)

Seymour Hersh er ei legende i amerikansk journalistikk. Han er nesten 90 år, men er framleis aktiv. Denne filmen handlar mest om saker han har skrive og reaksjonane det har skapt. Han fortel villig om det meste, med eit stort unntak: Han vil absolutt ikkje snakka om kva kjelder han har brukt (i dei tilfella der dei ikkje er kjende).

Den fyrste store saka hans var My Lai-massakren under Vietnam-krigen. Denne saka handla om korleis amerikanske soldatar i 1969 hadde massakrert minst 347 sivile vietnamesarar i landsbyen My Lai, og artiklane til Hersh var nok med på å auka skepsisen mot krigen. Seinare dekte han viktige saker som Watergate (der han ikkje var fyrst, men der mange av artiklane hans tok opp tema ingen andre hadde kome til), og nyare saker som torturen amerikanske soldatar dreiv med i Abu Graib-fengselet i Irak under Irak-krigen i åra etter tusenårsskiftet. Eit gjennomgåande tema var altså kritikk av den amerikanske regjeringa, eit tema som jo alltid er aktuelt, og han må ha vore rimeleg upopulær hjå dei med mest makt i USA. 

Akkurat det er filmen så vidt innom, men det er viktigare å presentera arbeidet til Hersh. Det vert gjort på ein finfin måte, og eg tenkte fleire gonger på at eg bør lesa noko av det han har skrive. Eg har kjent namnet hans lenge, men har altså ikkje lese bøker av han.

Guffen tilrår.