Viser innlegg med etiketten Lønn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lønn. Vis alle innlegg

8. februar 2026

Øystein Lønn: Hva skal vi gjøre i dag? og andre noveller (1995)

Eg burde visst lesa fleire bøker Øystein Lønn. Dette er tredje gong eg les ei av bøkene hans, og eg vert like imponert kvar gong. Det er stilsikkert og formsikkert, og det er tydeleg at novellene i boka er skrivne av ein som verkeleg kan faget sitt. 

Her er ni noveller. Som oftast er det kvardagslege historier, men der er heile tida noko usagt, noko me ikkje får vita, og dette ukjende er med på å heva novellene høgt opp. Det handlar som regel om eit parforhold som ikkje er heilt som det skal vera.

Aller best trur eg at eg likte "Den tørre nysnøen", den nest siste novella i boka. Det handlar om den dagen tante Agatha døydde, og om korleis folk rundt henne reagerte. Eit finfint døme på det eg skreiv over - der noko relativt daglegdags vert utgangspunkt for koplingar i alle retningar.

Guffen tilrår.

Meir Lønn på kulturguffebloggen
Thomas Ribes femte sak (1991)
Berners datter (2018)

8. mars 2019

Øystein Lønn: Berners datter (2018)

Dette var ei fin forteljing. Me er litt tilbake i tid, kanskje på 1800-talet. Ross lever av å dukka der ingen andre torer, og han dukkar ned til eit forlist skip der han finn verdfulle skattar. Han allierer seg med Berner og ein til, og saman siglar dei frå Sørlandskysten til København, der dei finn ein kjøpar til skattane. Det er altså litt "Terje Vigen", det er litt The Pearl.

Alle tre har dei løyndomar, og alle er dei ordknappe. Dei kjenner kvarandre godt, slik at dei forstår mykje av det som er usagt, og dei samarbeider godt. Dei har klare roller, og dei har ingen innvendingar mot rollene dei får.

Også Lønn er ordknapp, på ein god måte. Han seier mykje med få ord, og han deler ikkje ut informasjon før me treng det. Både forteljinga og forteljemåten er god, og det var ei bok det var ein fryd å lesa.

Guffen tilrår.

Meir Lønn på kulturguffebloggen
Thomas Ribes femte sak (1991)
Hva skal vi gjøre i dag? og andre noveller (1995)

28. mai 2017

Øystein Lønn: Thomas Ribes femte sak (1991)

Dette var ei snedig bok. Politietterforskaren Thomas Ribe bur i ein by ikkje langt frå heimbygda Ribe. Dokteren i heimbygda er (så godt som) drepen, og Ribe reiser heim for å løysa saka. Han møter potensielle informantar, han vert sjølv avhøyrt som potensiell mordar. Han snakkar med fleire som seier at dei veit kven som har gjort det, og han seier sjølv at han veit kven som har gjort det.

Men om han/dei verkeleg veit det kjem aldri fram. Me får aldri vita kva som har skjedd, og det er heller ikkje det vesentlege. Det som på overflata kan verka som ei krimbok er noko heilt anna. Det handlar om korleis me snakkar med kvarandre, om kva me tek for gitt at andre forstår. Og det handlar svært mykje om korleis praten går usagt i ei bygd. Alle veit alt om alle, men det dei veit er ikkje nødvendigvis rett.

Guffen tilrår.

Meir Lønn på kulturguffebloggen
Hva skal vi gjøre i dag? og andre noveller (1995)