1. november 2021

Verdens verste menneske (2021)

Var det alt? Det er ikkje uvanleg at norske filmar vert hausa opp av norske aviser, men denne har til og med fått ros i andre land. Filmen er den tredje Joachim Trier har laga frå Oslo, og eg likte dei to fyrste. Denne skulle visst vera betre, men for meg var det ikkje så altfor mykje å ropa hurra for her.

Hovudpersonen, Julie, bur saman med den noko eldre Aksel. Dei har det stort sett greitt, men er usamde på eitt punkt: Aksel vil gjerne ha barn; Julie vil gjerne venta litt til. Ho veit ikkje kva ho ventar på, men ho er ikkje klar. Så møter ho Eivind. Også han har ein sambuar, men dei finn ut at dei vil ha kvarandre. Begge gjer det slutt, kvar på sin kant, og så flyttar dei saman. Men så viser det seg at ho ikkje vil vera her heller, og flyttar ut. Her spelar det inn at ho får vita at Aksel er dødssjuk, men like viktig er det nok at ho framleis ikkje greier å binda seg til noko, at ho framleis eigentleg har det best når ho kan gå ansvarslaust gjennom livet.

Det er altså ei forteljing om ei jente som flyttar i lag med ein mann, flyttar frå han, flyttar saman med ein ny mann, og flyttar frå han òg. Eg greier diverre ikkje å verta altfor entusiastisk. Filmen har vore omtalt som ein romantisk komedie, men her var lite å le av. Renate Reinsve (Julie) har fått svært mykje skryt for skodespelet sitt, for meg var det på det jamne. Den beste enkeltscena i filmen er det Anders Danielsen Lie (Aksel) som står for, då han og Julie sit i ein park utanfor sjukehuset der han snart skal døy.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Relatert på kulturguffebloggen
Reprise (2006)
Oslo, 31. august (2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar