24. november 2021

Maren Uthaug: Ein lykkeleg slutt (2019)

Hm. Uthaug har fått strålande meldingar dei siste åra. Eg las Der det finst fuglar for litt sidan, og sleit med å sjå noko verdfullt der. Før eg hadde lese den hadde eg like godt kjøpt denne, og det er jo dumt å ha ei ulese bok ståande i hylla. I alle fall vanlegvis. Denne boka har fått like fine meldingar som Der det finst fuglar. Eg fekk like lite ut av denne boka som av den fyrste.

Det er ei slags slektskrønike, og boka handlar om ei slekt med mange rare avvik. Me møter vel sju generasjonar, og i kvar generasjon er det ein som har ansvar for å ta seg av dei døde. Me møter òg rare samfunn, historia opnar i ein øystat i Polynesia der det er bestemt at det skal bu akkurat 990 menneske, slik at så lenge ingen døyr får heller ingen lov til å verta gravide. 

På veg gjennom generasjonane, på veg til vår eiga samtid, møter me mellom anna ein som snakkar med dei døde (og som forelskar seg i ei som er død), me møter ein mordar, me møter ein nekrofil, og så bortetter. Omtrent alle familiane fungerer dårleg saman, så der aular av familiekonfliktar. 

Boka er rimeleg slitsam. Det er ikkje spesielt velskrive, Uthaug forklarar langt meir enn ho treng. Det verkar som om ho vil trykkja så mykje ufordrageleg som råd inn i boka. Her er smittsame sjukdomar og mange detaljar om korleis gravferdsagentar arbeider, men det skal litt meir til for å skapa stor litteratur.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Uthaug på kulturguffebloggen
Der det finst fuglar (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar