19. november 2021

Greg Prato: Grunge Is Dead (2009)

 

Eit par år tidleg i 90-åra verka det som om Seattle var ein musikalsk hovudstad. Det kom ei rekkje band derfrå, og fleire av dei vart store og vidgjetne. Også folk rundt meg kasta seg på denne bølgja; sjølv var eg rimeleg lunken. Det einaste bandet eg likte sånn nokolunde var Nirvana, men også der var eg rimeleg lunken (sjølv om det endra seg litt etter kvart). Eg kunne knapt vitja folk utan at dei sette på band som Mudhoney, Pearl Jam, Alice In Chains og Soundgarden, men det var ikkje noko for meg. Det einaste av desse banda eg såg live var Soundgarden, i eit lite lokale i Amherst vinteren 1989.

I denne boka fortel mange av dei sentrale aktørane om rocken i Seattle. Forteljinga tek for alvor til tidleg i 1980-åra, og åra etter 1995 vert raskt oppsummerte. Det er ei fascinerande historie, både av di det vert ein massiv hype rundt byen, men òg av di der er fleire artige folk involvert. Mark Arm i Mudhoney har til dømes ei rekkje fargerike sitat. 

Eit gjennomgåande trekk ved denne soga er diverre rus. Fleire av dei mest talentfulle får livet øydelagd av rus, mange av dei døyr. Det er ikkje dei store musikalske ambisjonane som dominerer, det er like viktig å ha så mange festar som råd. Det er heilt greitt, men det er ikkje alltid like pirrande å lesa om artige festar. Boka er òg litt rart redigert - eit kapittel kan godt handla om tre eller fire ulike band, og der er ingen mellomtitlar som signaliserer at no går me over til neste band. Men likevel - boka fungerer godt, og Prato ser ut til å samla og redigert dei mange intervjua på ein grei måte.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar