9. november 2021

Stephen King: On Writing (2000)

 

Stephen King er visst ein av mestseljande forfattarane som har levd. Det har eg aldri heilt forstått. Eg skal ikkje lyga på meg mykje røynsle med bøkene hans, men ein gong eg skulle ut på ein langtur kjøpte eg boka It. Det var noko av det simplaste eg hadde lese, og eg la boka vekk rimeleg raskt. 

Denne boka er ikkje skriven i den vanlege sjangeren hans. Han skriv om skriving, og eg kika i ho for eit par år sidan, då eg vitja nokon i Oslo. Opninga var rimeleg bra, og det gjeld for så vidt heile boka.

Boka har fleire delar. Den fyrste delen er ein slags litterær sjølvbiografi, der han både skriv om tidleg lesing og tidleg skriving. Denne delen sluttar vel om lag der gjennombrotet kjem. (Og det skal han ha - det var eit skikkeleg gjennombrot.)

Så kjem det ein kort del der han skriv om kva verkty ein forfattar har, før han kjem med tips til forfattarar. Dette bør du gjera, dette bør du ikkje gjera. Eg bør vel lytta til røynde fjellfolk her, og det meste verkar fornuftig. Til slutt kjem det ein kort bolk der han skriv om då han vart så til dei grader påkøyrt, og der skrivinga (av denne boka) var noko av det som fekk han på rett kjøl att. 

Det er ei fin bok. Han skriv stort sett lett og ledig, det einaste som trekkjer ned er nokre av freistnadene på å vera morosam, og nokre av samanlikningane han bruker.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar