7. november 2021

Mark Andersen og Mark Jenkins: Dance of Days (2001)

 

Det var i dei dagar då punken dukka opp. Fyrst i New York, deretter for alvor i London, og så spreiar det heile seg til fleire byar. Nokre stadar fislar det vekk, nokre stadar vert det rimeleg destruktivt, andre stadar bruker dei energien på noko positivt. 

Slik var det i Washington DC, i alle fall etter kvart. Alt i 1977 vart Bad Brains skipa, og dei vart eitt av dei viktigaste banda. Minor Threat kom i 1980, og dei neste åra vart punkemiljøet i DC rimeleg stort. Nokre band levde lenge, andre fekk eit kort liv. 

Dei fyrste åra var det mykje drikking og mykje slåsting. Fleire av dei sentrale personane var oppgitte over dette, og sommaren 1985 tok dei eit medvite val: Musikken skulle framleis vera rå, men dei skulle oppføra seg som folk. Ikkje meir slåsting, meir respekt for kvinner, og så bortetter. Det heile vart òg meir politisk, og det kan godt henda at dette var den mest interessante punk-scena frå 1985. 

Denne boka fortel denne historia. Det handlar om banda som kjem og går, og det handlar om andre i miljøet, som plateselskapet Dischord og aktivistane i Positive Force. Sentralt i boka står Ian MacKaye, frontfigur i Minor Threat og Fugazi. Dei sistnemnde er det store fyrtårnet her - dei vil vera alternative, og sel seg aldri. Billege konsertar (aldri meir enn fem dollar), plater på Dischord (og ikkje på større selskap, sjølv om tilboda kom jamnt og trutt), ikkje noko merchandise, osb. Det er ei fascinerande historie, som vert godt fortalt. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar