22. november 2018

Jakob Naadland: Penneteikningar [1925]

Slike bøker burde det eigentleg vera fleire av. Naadland har skrive korte skisser over personar han set høgt. Det gjer han med vekslande hell, men ideen er god. Dei fem han skriv om er forfattaren Arne Garborg, læraren og stortingsmannen Olav Sveinsson, stortingsmann og statsminister Johannes Steen, skulemannen og stortingsmannen Viggo Ullmann, og forfattaren og bladmannen Aasmund Olavsson Vinje.

Dei to beste artiklane er om dei to eg visste minst om på førehand. Når Naadland skriv om Sveinsson og Steen lagar han gode biografiske skisser, og skriv grunnleggande og godt om begge to. Best er artikkelen om Sveinsson, som Naadland ser ut til å setja nesten urimeleg høgt. I dei tre andre artiklane legg han mindre vekt på det biografiske. Han vil heller skriva om tankeverda deira, han prøver å finna ut kva som påverka dei til å få dei meiningane dei har. Slike artiklar kan sjølvsagt vera minst like interessante som biografiske artiklar, men det verkar ikkje som om Naadland har fullt tak på dette. Han vinglar, han er usikker, og poenga hans kjem ikkje spesielt tydeleg fram.

Guffen er lunken.

Meir Naadland på kulturguffebloggen
Noreg er namnet (1954)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar