5. oktober 2018

Joe Boyd: White Bicycles (2006)

Joe Boyd er fødd under andre verdskrigen. Han vaks opp i New Jersey, og var heile tida oppteken av musikk. Konsertar og plater fenga han, og han merka at det var dette han ville arbeida med. Han valde likevel ein annan veg enn mange andre. Han vart turné-manager, og han produserte musikk. Han har vore aktiv sidan tidleg i 1960-åra, men det er dette tiåret han skriv om her.

Han var med på mykje, og møtte svært mange kjende musikarar. Mot slutten av 60-åra var det folkrock han hadde mest med å gjera, og han skriv mykje om grupper som Incredible String Band eller Fairport Convention. Han skriv òg mykje om dop og litt mindre om damer, og han skriv stort sett godt.

Grunnen til at eg kjenner namnet hans er at han var ein av dei få personane Nick Drake hadde tillit til. Boyd produserte dei to fyrste platene hans, og produserte òg dei fire siste songane han spelte inn, eit halvt år før han døydde. Kapitla om Drake er eksemplariske, han får godt fram både korleis det var å samarbeida med ein så skjør person, og korleis Drake var ein fabelaktig musikar, med ein gitarteknikk Boyd ikkje hadde sett makan til. Og han skriv om kor tungt det var å få melding om at Drake var død, og om korleis han tenkte at han kunne ha gjort meir for Drake.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar