31. juli 2016

The Meaning of Life (1983)

Hm. Dette vart ein nedtur. Det er ikkje den beste av filmane til Monty Python, men det er likevel ein film eg hugsar som rimeleg god. No gjekk det veldig lenge mellom kvar gong eg smilte, og endå lenger mellom kvar gong eg lo.

Filmen er bygd opp av sketsjar, som tek opp dei ulike livsfasene frå fødsel til død. Det er eit heilt greitt utgangspunkt for ein film, og det er kanskje difor det er så skuffande at Monty Python ikkje har greidd å skriva betre sketsjar. Eit gjennomgåande tema er kritikk av det engelske samfunnet, men det er langt frå nok til å bera ein komedie. I store delar av filmen kjeda eg meg, og det var altså ikkje det eg tenkte kom til å skje.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Monty Python på kulturguffebloggen
Monty Python and the Holy Grail (1975)
Life of Brian (1979)
Monty Python Live (mostly) (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar