23. august 2014

Monty Python Live (Mostly): One Down, Five to Go (2014)

Monty Python er ei av dei store komikargruppene. Dei var originale, dei var nyskapande, og dei var løgne. Fyrst i fjernsynsserien Monty Python's Flying Circus, seinare i fem filmar. Den siste av desse kom i 1983.

Sjølvsagt var det ofte snakk om reunionar, i alle fall fram til ein av dei seks, Graham Chapman, døydde i 1989. To eller tre eller fire av dei samarbeidde om ulike prosjekt, men ingen greidde å samla alle dei fem attlevande. Heller ikkje prosjekt som var initierte frå ein eller fleire av dei fekk bifall frå dei andre.

Heilt fram til det i 2013 vart kjent at dei fem skulle på scena att. Det var rimeleg eksklusivt - dei skulle gjennomføra eitt show, i London. Frå minnet - dei 20 000 billettane vart selt ut på eit minutt eller to, og dei sette opp fleire show. Og her er me omsider framme med poenget: Eitt av desse vart viste på NRK nokre månader seinare.

Dei er gamle menn no, sjølvsagt. Dei har bikka sytti, så dei mest fysiske sketsjane deira går ut. Her er ikkje nokre silly walks, men her er mykje anna. Den verbale humoren sit som eit skot. Sjølv om det samla sett er ei ujamn framsyning, er det tidvis aldeles glimrande. Det kan minna litt om ein revy, det er ei lett blanding av sketsjar, songar, filmar og animasjon, og av og til kjem det eit titals songarar og dansar innom. Det meste av materialet er frå fjernsynsserien og frå filmane deira, men noko er henta frå andre stader (som musikalen Spamalot). Nokre manus er endra, som då to dommarar etter ein lang dag i retten drøftar arbeidsdagen, før ein av dei spør den andre om han hadde noko med Cleese-skilsmissa å gjera. Publikum (og eg) ler, før han andre svarar: "Which one?" Og me ler litt til.

Timinga deira er framleis framifrå. Dei køddar med alt og alle, opningssekvensen viser eit bilete av Chapman, og det biletet vert sendt ut på ein lite heidrande tur gjennom universet. Dei køddar med det meste, og sjølv om det i dag er langt vanlegare å kødda med religion og sex, var det heilt på kanten rundt 1970. Av dei fem verkar det som om Idle er oftast på scena, men det kan vera eit feil inntrykk.

Guffen tilrår.

Meir Monty Python på kulturguffebloggen
Monty Python and the Holy Grail (1975)
Life of Brian (1979)
The Meaning of Life (1983)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar