24. november 2019

Farmageddon (2019)

Ein gong rundt midten av 1990-åra tipsa Geir meg om The Wrong Trousers, ein fabelaktig animasjonsfilm som gjekk på kino. Bergen kino hadde sett han opp saman med ein norsk kortfilm, ein ulideleg keisam og pedagogisk korrekt film. Men det var vel verdt å lida seg gjennom dei greiene der - The Wrong Trousers var (og er) suveren, med ei sluttscene eg lo så mykje av at eg hadde lyst til å sjå filmen ein gong til med ein gong.

Denne filmen er laga av det same selskapet, Aardwark. Sauen Shaun er ein helt frå mange kortfilmar. Det kom ein langfilm for fire år sidan, og den var meir enn godkjend. Gledeleg nok er denne endå betre.

Kort fortalt er historia slik: Eit romskip landar like ved garden der Shaun og dei andre bur. Det er ført av eit lite rombarn, som ved eit uhell hamna på jorda, og alle dyra på garden, medrekna hunden Bitser, gjer det dei kan for å få sendt rombarnet heimatt. Det går, på sett og vis, men det er ikkje det viktige her. I filmen står dei gode vitsane og gode detaljane i kø, og her er meir enn nok å le av. Sjølv lo eg mest av då Shauen og Bitzer prøver å trykkja på rett knapp i romskipet, og brått har dei transportert den galne oksen opp til seg.

Filmen er utan replikkar, men imponerande nok forstår alle, også dei minste, automatisk kva som skjer. Og det er sjølvsagt midt i blinken at alt i filmen er laga av leire - på rombarnet ser ein godt fingeravtrykka til animatørane.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Farmageddon (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar