31. august 2025

Scarface (1983)

Tony Montana kjem til Florida frå Cuba rundt 1980. Castro har opna opp for at mange kriminelle cubanarar kan reisa til USA, og Montana er ein av dei. Saman med venen Manny Ribera drøymer han om å verta rik, og det fører dei inn i den amerikanske underverda. Her handlar det mest om å smugla kokain inn i landet, og dei får jobb for Frank Lopez, ein lokal narkokonge. Dei vert viktige for han, men det er ikkje stort nok for Montana: Han tek over alt, både kokain-handelen og kona til Lopez. 

Montana og Ribera er heilt ulike. Ribera er sjarmerande og taktisk; Montana er tverr, innestengt og har store humørsvingingar. Montana vil eiga og kontrollera alt og alle, og dette får katastrofale fylgjer når Ribera forelskar seg i syster til Montana - ei syster han ikkje har mykje kontakt med. 

Filmen er noko ujamn. Fram til Montana får kontroll over kokainhandelen, altså fram til han vert velståande, fungerer filmen godt. Men etterpå: Det heile vert litt klisjefylt, og slutten på filmen, der Montana sit heilt åleine på kontoret sitt med ein haug kokain på skrivebordet, samstundes som huset vert storma av eit titals personar som vil drepa han, er nesten til å le av. Montana finn fram eit automatvåpen og forsvarar seg altfor, altfor lenge.

Guffen er lunken. 

29. august 2025

Seltzer: Den norske fattigdommen (2025)

Thomas Seltzer har tidlegare reist rundt i USA for å prøva å finna ut kva som har gått gale med det landet. No er turen komen til Noreg, der han reiser rundt for å snakka med folk som er eller har vore fattige. Det er ein god serie, og ein serie det er lett å verta trist av. Spesielt no, rett før eit stortingsval der storleiken på formueskatten er ei av dei viktige kampsakene. Når ein ser korleis dei mindre velståande i landet har det, er det jo både opplagt at dei som vassar i pengar må betalla meir, og det er opplagt kor pinleg det er å forsvara formueskatten.

Seltzer reiser frå nord til sør. Han vitjar eit ungt par som ikkje har råd til å få meir enn eit barn. Han vitjar unge kvinner som har gått på ein helsesmell og som ikkje har spesielt mange kroner å rutta med kvar månad. Han snakkar med ein som har teke klasseheisen frå topp til botn, og med ein som har reist den andre vegen. Han snakkar med forskarar og andre som prøver å forklara korleis det går an at eit så rikt land som vårt kan ha så mange fattige. 

Guffen tilrår. 

Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
UXA, sesong 2
 (2022)
Amerikansk karmageddon (2022)
UXA, sesong 3 (2024)

28. august 2025

Ivar Kvåle: Ville Vestland (1987)

Ivar Kvåle var kunstnar og avisteiknar. Han budde det meste av livet på Voss. Han hadde jamleg kunstutstillingar, han illustrerte bøker, og han spelte musikk. Til kvart nummer av avisa Hordaland laga han ei avisteikning, og i denne boka er det med rundt 85 teikningar, frå ca. 1978 til 1986.

Teikningane viser mykje av styrken til Kvåle. Han er heile tida på bygdefolket si side, her er mange stikk til byfolk og turistar. (Han er òg heile tida på Voss si side, her er òg fleire stikk til Hardanger.) Bygdefolket er ofte noko overvektige og har litt rare kroppar; byfolket, spesielt kvinnene, er ofte noko undervektige og har litt rare kroppar. Han er ikkje spesielt glad i å teikna auger, og teiknar gjerne folk bakfrå eller med briller som gjer at sjølve augene ikkje er synlege.

Og han er ein god skribent. Tekstane er like gjennomarbeidde som teikningane. Dei er ofte sette saman av dialogar. Det kan vera halvgode vitsar (som når læraren spør klassen kvifor me feirar 1. mai, og ein elev svarar at det er av di me ikkje skal ta tran lengre) eller halvgode visdomsord (som dei to sauene som framleis er til fjells tidleg på hausten, og som seier at viss dei vert gåande her frys dei i hel, men viss dei reiser heim får dei svi for det òg).

Det er ikkje humor eg ler høgt av, dette, men dei lune og gode observasjonane er gode nok til at trivst godt.

Guffen tilrår.

21. august 2025

Margaret A. Salinger: Dream Catcher. A Memoir (2001)

Hm. For nokre månader sidan las eg Catcher in the Rye, og kom då på at eg hadde denne boka ståande. Eg kjøpte ho om lag det året ho kom ut, men har ikkje lese ho. I fyrsten forstod eg ikkje kvifor, men etter kvart som eg las ho slo det meg at det kan henga saman med at eg etter å ha kjøpt boka las meir om ho og fann ut kva dette ikkje var: Ei bok om forfattaren J.D. Salinger. Boka er skriven av dotter hans, og det er hennar liv det heile handlar om. 

I den skildringa handlar det sjølvsagt mykje om tilhøvet hennar til foreldra. Ho fortel om ein oppvekst som på mange måtar er god, men som endrar seg etter at foreldra går kvar til sitt. Ho er framleis nært knytt til begge, men ser etter kvart at faren er litt for fråverande og litt for sjølvoppteken. Ho vert gradvis meir kritisk til han, og han skal ha brote all kontakt med ho etter å ha lese boka. 

Så det heile handlar altså mest om ein person eg ikkje kjende noko til på førehand. Det treng ikkje vera det same som at boka er uinteressant, men skal dette fenga må ho som skriv ha noko interessant å skriva om. Noko som har interesse for andre enn ho sjølv. Det er det lite av her. Ho har opplevd likt og ulikt, men det har jo dei aller fleste. 

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir Salinger på kulturguffebloggen
The Catcher in the Rye (1951)
Nine Stories (1953)
Joanna Rakoff: My Salinger Year (2014)

19. august 2025

Kristin Auestad Danielsen: Du er bonde (2022)

Me møter to unge kvinner frå Jæren. Begge skal ta over gard, men dei har litt ulik tilnærming. Forteljaren kjem frå ein gard som ikkje er altfor veldriven; veninna kjem frå ein godt driven gard. Veninna vil driva garden vidare og arbeider hardt for det; forteljaren har eit meir avslappa forhold til det. Ho drøymer om skogen, ikkje dei opne markene, og får mykje kritikk frå dei andre grunneigarane i området for dette.

Dei to har òg eit ulikt forhold til sex. Forteljaren har glede av det; veninna vil vera jomfru så lenge som råd. Dei har òg ting som bind dei saman - begge er glade i filmar og fjernsynsseriar og kan snakka lenge om det.

Det er ei bok som fengar svært ulikt. Av og til vert eg dregen langt inn i boka, andre gonger er det mindre fengande. Her er element av eventyr, der tre kan veksa seg store medan ho står og ser på dei.

Guffen er lunken. 

17. august 2025

Stein Torleif Bjella (Hedleberget, Voss, 16.8.2025)

For om lag ti år sidan, under Ekstremsportveko 2015, heldt Bjella konsert i Hedleberget. Då hadde han berre med seg Geir Sundstøl og Eirik Øien. Då me såg han i Ulvik for tre år sidan var det (omtrent) ein solokonsert, så han vekslar mykje. 

Denne gongen hadde han med seg fullt band, og for eit band: Sundstøl på gitarar og munnspel, Øien på kontrabass og elektrisk gitar (som han spelte bassliner på), David Wallumrød på tangentar, og Stian Lundberg på trommer. Alle glitra, men det er sjølvsagt vanskeleg å unngå å nemna Sundstøl spesielt. Og midtpunktet er heile tida Bjella sjølv, som syng, snakkar, og spelar kassegitar.

Med så mange instrument og så mange glimrande musikarar vert det stor variasjon på konserten. På nokre eldre songar var det (stort sett) berre kassegitar og vokal, medan ein annan eldre song, "Redningsmann", var heilt omarrangert. Midt i songen kom det eit langt og fabelaktig instrumentalparti, og slik var det i fleire av songane. Det svingar godt, dei fem skapar ein flott groove. Dei likar det sjølve òg, det er lett å sjå at dei kosar seg på scena.

Publikum kosar seg òg. Det osar sjarme av Bjella og dei andre, og det var god stemning gjennom heile konserten. Folk ler på dei rette stadene, både mellom og under songane. Ein finfin kveld.

Guffen tilrår. 

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
USF, Bergen (29.1.14)
Vossajazz 2014
Hedleberget, Voss (24.6.15)
Voss kulturhus (21.4.16)
USF, Bergen (4.12.16)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Jordsjukantologien nr. 1 (2017)
Fiskehuset (2021)
USF, Bergen (5.11.21)
Kvemmadokkje, Ulvik (16.7.2022)

11. august 2025

Untamed, sesong 1 (2025)

 Dette var rimeleg spontant. Eg kjende ikkje til serien, men han vart presentert som ein serie der handlinga er lagt til den amerikanske nasjonalparken Yosemite. Det held i massevis for meg - eg trur eg kunne sett ein serie der me berre såg naturbilete frå Yosemite. Naturen er fabelaktig, og kjem til sin rett i serien. 

Så er vel handlinga sånn grei òg. Spaningskurva når rett nok toppen litt for tidleg, og alle personane er ikkje like godt teikna. Det verkar òg som om forfattarane har tenkt at absolutt alle som er med må ha noko myrkt i framtida si. Det myrke er som regel knytt til små born, vanskelege foreldre eller valdelege partnarar. Og det vert svært ofte snakka om kor viktig det er å halda familien saman. 

Kyle Turner er hovudetterforskar i det som såg ut som ei ulukke, men som godt kan vera eit mord. Naya Vasquez vert assistenten hans, og samspelet mellom dei to er svært godt. Han er den alvorlege surdeigen som veit alt, medan ho prøver å letta litt på stemninga. Dei finn spor, både gjennom godt politiarbeid og gjennom rein flaks, og etter kvart viser det seg at dei mange lause trådane passar godt saman.

Guffen tilrår.