13. mai 2014

Willa Cather: My Ántonia (1918)

Denne romanen las eg for mange år sidan, då eg tok engelsk mellomfag. Eg hugsar boka som fin, men ikkje stort meir enn det. Eg las noko om ho i ei avis for litt sidan, og fann ut at eg ville lesa ho om att. Det angrar eg ikkje på, det er ei langt finare bok enn eg trudde.

Eg-personen i boka, Jim Burden, vart sendt til besteforeldra i Nebraska som ti-åring (omtrent), sånn ein gong rundt 1870-1880. Dei bur langt ute på prærien, og naboane deira, ein familie frå Bohemia, har nett slått seg ned der. Jim vert kjend med dei, spesielt med den litt eldre jenta Ántonia. Mange tiår seinare tenkjer han tilbake på forholdet deira, og skriv ned det han hugsar. Dei har lenge god kontakt, men etter at han flyttar til det austlege USA for å studera, misser dei kontakten. Den siste delen av boka handlar om ein gong han vitja ho og familien hennar - han er då ein velståande advokat, medan ho bur ikkje så langt frå farmen ho vaks opp på.

Han skriv altså det han hugsar. Kva me hugsar og kva me tek med oss er eit gjennomgåande tema i boka. For Ántonia og familien hennar er livet dei forlot i Bohemia eit tema dei stadig vender tilbake til; etter at Jim og Ántonia har flytta til den nærmaste byen tenkjer dei ofte tilbake på livet på prærien.

Dei fem delane i boka kjem i kronologisk rekkjefølgje, og for kvart hopp i tid er det tydeleg at samfunnet har endra seg. Den fyrste delen er den beste, med ei rekkje gode skildringar av livet på prærien, og av korleis pionerane greidde å skapa seg liv. Boka viser altså korleis USA endra seg i tiåra rundt sist hundreårsskifte, og kan godt lesast som ei bok der ein lengtar tilbake til det enkle, men vanskelege, livet pionerane hadde.

Guffen tilrår.

Meir Cather på kulturguffebloggen
O Pioneers! (1913)
Death Comes for the Archbishop (1927)

Sopranos, sesong 5 (2004)

Det er ikkje mange fjernsynsseriar eg ser frå opning til slutt. Den eg har likt best dei siste åra er Mad Men, men den tapte seg merkbart frå sesong fire til sesong fem. Eg har òg sansen for Sopranos, og med denne femte sesongen greier dei noko Mad Men ikkje greidde - å halda koken oppe gjennom fem sesongar. Dette er framleis veldig bra.

Det er mykje av det gamle, sjølvsagt. Tony Soprano er sjef for ein mafiafamilie i New Jersey, og rundt han kokar det. Kona hans har kasta han ut. Han slit med psyken. Han møter motstand både frå eigen og andre familiar. Nokre av dei som står han nærmast i mafiaen slit òg, og det er ein sesong med minst to uventa drap.

Men det er òg noko nytt. At han og kona ikkje er på talefot er ein ting, og det ordnar seg utover i sesongen. Det som ikkje ordnar seg er syskenbarnet hans, Tony Blundetto, som kjem ut etter fleire år i fengsel. Denne Tony-en er spela av Steve Buscemi, og han er det alltid ein fryd å sjå. Tony B veit ikkje heilt kva han vil, men går etter kvart inn i mafiaen igjen. Med vekslande hell.

Tilhøvet til andre mafiafamiliar tilspissar seg òg, dels på grunn av handlingane til Tony B. Det problemet ser òg ut til å løysa seg, heilt på slutten av siste episode, men om det er ei varig løysing anar eg ikkje enno. Med dei lyse sommarkveldane rett rundt hjørna er det fare for at eg ikkje finn det ut før til hausten igjen. Viss eg greier å venta så lenge.

Guffen tilrår.

Meir Sopranos på kulturguffebloggen
Sesong 1 (1999)
Sesong 2 (2000)
Sesong 3 (2001)
Sesong 4 (2002)
Sesong 6 (2006-07)
The Many Saints of Newark (2021)

10. mai 2014

Michel Houellebecq: The Map and the Territory (2010)

Eg er ikkje nokon storforbrukar av franske bøker eller filmar. Denne boka, som har fått mykje skryt, gav ikkje akkurat meirsmak. Tidvis er det bra, men hovudinntrykket er at det er stilleståande, av og til heilt på grensa til keisamt.

Jed Martin er ein kunstnar som fyrst vert berømt etter å ha stilt ut fotografi av kart, og som seinare vert veldig berømt (og veldig rik) etter å ha måla portrett av kjende personar. Martin er ein lite spanande person, han lever eit stilleståande liv. Omtrent dei einaste gongene han forlet leilegheita si er når han skal snakka med galleristen sin, med den døyande far sin, og når han reiser til Irland (og seinare til ein annan by i Frankrike) for å møta forfattaren Michel Houellebecq, som har takka ja til å skriva ein tekst til ein utstillingskatalog.

Den siste delen av boka handlar om eit brutalt mord på Houellebecq, og det er denne delen som er best. Kvifor det er slik veit eg ikkje, kanskje det rett og slett kjem som ein lettelse at det endeleg vert litt fart i handlinga.

Guffen er lunken.

9. mai 2014

American Graffiti (1973)

Dette var ordinære greier, trass i at det er mange store namn med. Filmen er regissert av George Lucas, og produsert av Lucas og Francis Ford Coppola, men det er vanskeleg å sjå kvifor dei har brukt tid på dette. Det er langt mellom dei originale grepa, det er heller slik at filmen nesten prøver å vera så lik andre filmar frå same periode som råd.

Det er seint ein seinsommardag i 1962. Eit par av ungdommane skal flytta frå småbyen dagen etter, for å studera, og filmen handlar om denne siste kvelden ungdommane har saman. Dei køyrer rundt i gatene, dei et litt burger og drikk litt cola, nokre kliner litt, og så godt som alle prøver å vera meir spanande enn dei er. Det er ingenting å le av, det er ingen dramatikk å følgja med på.

Her er mange obligatoriske element - flotte bilar, usikre ungdomar, ein nerd med tjukke brilleglas, eit drive-in gatekjøken, ein skuledans, osb. Det er omtrent slik at det einaste som er bra med filmen er delar av musikken.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

6. mai 2014

Barney Hoskyns: Hotel California (2006)

I andre helvta av 1960-åra drog California til seg fleire og fleire musikarar. Mange slo seg ned i San Francisco, andre i Los Angeles. Det danna seg eit aktivt musikkmiljø rundt klubben The Troubadour, og mange av musikarane budde i Laurel Canyon, ein litt avskjerma dal relativt sentral i byen. Sentrale i dette miljøet var Neil Young, Joni Mitchell, Jackson Browne, Crosby, Stills og Nash, Gram Parsons, The Byrds, The Eagles, og mange fleire.

Nokre av desse gav ut strålande plater i desse åra; for andre var dette den mest kreative perioden. Grupper vart danna, dei vart oppløyst, og musikarane prøvde nye konstellasjonar. Nokre fekk stor suksess, og dette var ein av grunnane til at heile miljøet rakna, eller i alle fall at det stagnerte musikalsk, midt i 1970-åra: Dei store inntektene gjorde at dei som alt var for høge på seg sjølv vart endå meir sjølvsentrerte. Det, kombinert med altfor store mengder kokain, og ei manglande evne til å ta inn over seg at det skjedde mykje spanande andre stader i musikkverda.

Ein av dei som kjem ut av boka med heva hovud er Neil Young. Den gamle bandkameraten hans, David Crosby, er ein av dei som får verre og verre omtale, han framstår meir og meir som ein stormannsgal narkoman, som er herskar i sitt eige land.

Det er ei bok som gapar over litt for mykje. Her er mange gode anekdotar, og fleire finfine skildringar både av musikk og personar, men det vert etter kvart for mange personar å halda styr på. For meg, som berre har eit nært forhold til nokre av dei som vert omtalte, vert dette kanskje endå tydelegare enn for andre, men eg trur Hoskyns ville tent på å avgrensa talet på dei han skriv om.

Guffen er lunken.

Meir Hoskyns på kulturguffebloggen
Across The Great Divide (2003)
Lowside of the Road. A Life of Tim Waits (2009)

4. mai 2014

Stand By Me (1986)

Fire gutar, sånn rundt ti-tolv år, legg ut på ein dagstur utanom det vanlege. Ein av dei høyrde den eldre broren sei at han hadde funne liket av ein sakna gut, men at han ikkje kunne fortelja nokon om det, sidan han var ute og køyrde ein bil han hadde stole. Dei fire finn ut at dei vil finna liket, både av di dei ikkje har sett daude personar før, men òg av di dei vil ha den merksemda som ville følgt med det.

Dei må gå nokre mil for å koma dit. På vegen opplever dei små og store eventyr - sinte hundar, igler, ville dyr - og sidan dei stort sett går på jernbanelina må dei òg passa seg for toget. Verst er det at den eldre broren har fortalt kameratane sine om liket likevel, slik at dei to gjengane kjem fram til liket omtrent samstundes.

Det er ein fin film. Samhaldet mellom dei fire gutane er uvanleg fint presentert, der dei vekslar mellom nære samtalar og godsinna erting. Historia har ei kort rammehistorie, der ein av dei, ein forfattar, les at ein av dei andre er død, som fører til at han skriv om akkurat denne turen.

Guffen tilrår.

Curb Your Enthusiasm, sesong 2 (2001)

Dette er bra, sjølv om det er sjeldan eg ler høgt og lenge. det er mykje humring, det er endå meir smiling, og eg vert svært ofte imponert over korleis episodane er bygde opp. Små detaljar tidleg i episodane kan få ein sentral plass mot slutten, og vera det som på høgst uventa vis hevar ein god episode til ein svært god ein.

Der den fyrste sesongen var heilt frittståande episodar, er det denne gongen ein relativt gjennomgåande historie. Larry David vil tilbake til fjernsynsverda, og prøver fyrst å få med seg Jason Alexander på ein serie basert på George frå Seinfeld. Serien skal handla om livet etter serien, der Alexander heile tida vert teken for å vera George. Det skjer seg mellom dei to, og David tek ideen vidare til Julia Louis-Dreyfus. Det går litt betre, dei får napp hjå to selskap, men det skjer seg med begge, ser det ut til.

Guffen tilrår.

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)
Sesong 12 (2024)