28. januar 2011

Barney Hoskins: Lowside of the Road. A Life of Tom Waits (2009)

Tom Waits er endå ein av desse musikantane eg gjerne skulle høyrt meir på. Eg har tre-fire av platene hans, og det er solide saker heile vegen. Eg reknar meg ikkje som nokon kjennar, og veit ikkje så mykje om det han har drive med. Eg veit sjølvsagt meir etter å ha lese denne biografien, men eg veit slettes ikkje alt. Waits har ingen interesse av å sleppa journalistar for nær innpå seg. At korkje han eller familien lot seg intervjua av Hoskyns då han arbeidde med denne boka er ein ting, ein annan ting er at Waits òg bad andre som vart spurt om det same om å ikkje fortelja noko.

Hoskyns har likevel samla mykje informasjon. Han har snakka med mange, både medmusikantar og andre, og han har lese mykje som er skrive om Waits, medrekna ei rekkje større intervju. Han skriv at han ikkje er komen så tett innpå Waits som han ville, han skulle gjerne visst meir om kva han dreiv med i nokre periodar av livet, men det gjer eigentleg ikkje så mykje. Dette kan vera ein av grunnane til at han i staden skriv mykje om musikken til Waits, og den er jo viktigare.

Waits voks opp i California, og har budd der det meste av livet. Han flytta til Los Angeles i tjueårsalderen, og etter noko leiting fann han ein musikksjanger som passa godt. Han var inspirert av beat-forfattarane, både i skrivestil og levemåte. Hoskyns skriv at det verkar som om Waits har ei innebygd frykt for å stagnera, og at han heile tida prøver å føra inn nye element i musikken. For å få det til, skiftar han jamleg ut medmusikantane sine, også slike som har vore med lenge. I slike situasjonar er Waits eineveldig, og i fleire tilfelle bryr han seg lite om å melda frå til dei som har vore med lenge om at dei er ferdige.

For Hoskyns er tida fram mot 1990 den beste for Waits. Det kjem mykje bra også etter det, men spesielt på dei nyaste platene hans meiner Hoskyns at Waits har stagnert. Det er bra, det er nok av biografar som slit med å sjå at den dei biograferer har dårlege sider.

Eg likte boka, og reknar med at dei som kjenner Waits betre òg har godt utbyte av ho. Den grovaste innvendinga er mot biletmaterialet, boka er gjennomillustrert, men bilete er anten så små eller så dårlege eller begge delar at mange av dei like godt kunne vore kutta ut.

Guffen tilrår.

Meir Waits på kulturguffebloggen
Paul Maher jr. (red.): Tom Waits on Tom Waits (2011)

Meir Hoskyns på kulturguffebloggen
Across The Great Divide (2003)
Hotel California (2006)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar