2. august 2016

Ole Didrik Lærum: I kastanjetreet (2008)

Lærum har skrive fleire bøker om nære slektningar. Denne boka handlar i hovudsak om han sjølv, og er ei minnebok frå oppvekståra på Voss. Han fortel om skulegang, om musikk, om reising, om det å vera son til dokteren, og om mykje anna. Det er ei fin bok. Lærum er fødd i 1940, og budde i oppveksten svært sentralt på Vangen. Åra han vaks opp var viktige år for forminga av dagens vossasamfunn, med oppbygginga etter krigen, og med den auka satsinga på turisme som næringsveg.

Lærum skildrar seg sjølv som ein forsiktig og noko sjenert gut, som gradvis vert meir van med å visa seg fram, anten det er som musikar eller talar. Størst plass får åra han gjekk ved Voss landsgymnas. Her stadfestar han det inntrykket eg har fått dei gongene eg har lese minna til andre landsgymnasiastar - det ser ut til å ha vore eit langt større samhald mellom elevane då. Ein grunn kan vera at det ikkje var opplagt at alle skulle ta vidaregåande utdanning, men det skulle ikkje undra meg om dei tilsette ved gymnaset spelte like stor rolle.

Lærum fortel varmt om desse åra. Han tek med soger om både bygdeoriginalar og gymnasiastar - nokre av desse vedgår han at kan vera oppdikta, men han har dei altså med likevel. Det er ikkje ei bok til å le høgt av, men fleire av historiene er gode nok til at ein kan dra litt på smilebandet.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar