10. januar 2026

Ole Didrik Lærum: Spelemannen Ole Helgeland (1991)

Sjur Helgeland (1858-1924) var ein av dei store spelemennene frå Voss. Han vaks opp i Myrkdalen, i relativt fattige kår, og han samla seg aldri store materielle goder. Han var ei kunstnarsjel, på godt og vondt, og treivst best når han hadde med seg fela til fjells. Han treivst òg med tilhøyrarar, men ikkje alltid. Han var ikkje mykje på spelferder, men spelte mykje i bryllaup og andre tilskipingar. Edvard Grieg var ein av mange som sette han høgt. Han hadde aldri eigen familie, sjølv om han skal ha vore trulova med Anna Vigstad, som budde i Bergen. Helgeland komponerte musikk sjølv, og er best kjend for "Budeiene på Vikafjellet".

I denne boka vert historia om Helgeland fortalt. Ole Didrik Lærum har ikkje hatt noko enkel oppgåve - det finst ikkje mange skriftlege kjelder som kan fortelja om korleis Helgeland hadde det. Lærum har snakka med mange - nokre kjende han, andre hugsar han godt. Det er ei relativt kort bok, ho er på rundt 120 sider, og for å koma opp i dette sidetalet må Lærum koma med mykje tilleggsstoff, som tilhøva i Myrkdalen, eller korleis det eigentleg var å vera spelemann på den tida.

Me får likevel eit godt bilete av kor stor Helgeland var. Han vart respektert av andre spelemenn, og hevda seg godt på fleire kappleikar. Han skal òg ha vore kvikk i replikken, sjølv om det er fare for at det i nokre anekdotar vert smurt litt tjukt på. Ein liten veikskap med boka er at Lærum kan verta for glad i dei gode historiene, utan at dei vert verifiserte.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar