26. desember 2022

Mark Blake: Pigs Might Fly (2007)

Denne boka var både interessant og imponerande. Pink Floyd er ikkje eit band eg har eit nært forhold til - dei var sjarmerande så lenge Syd Barrett var med i bandet, deretter vart dei litt for flinke og (stort sett) keisame. Det dukkar ofte opp artiklar om dei i musikkblad eg les, så eg var klar over at dei har ei fascinerande historie.

Kortversjonen: Dei skapar seg eit namn i London midt i 1960-åra. Syd Barrett (gitar/vokal) vert mentalt sjuk, kanskje av di han tok for mykje dop, kanskje av di han berre hadde godt anlegg for ein slik sjukdom, og forsvinn ut av bandet. Bassisten Roger Waters tek gradvis over leiinga av bandet, og er tidvis ein rein diktator. Tangentisten Richard Wright vert sparka av di han ikkje bidreg nok. Waters vil oppløysa bandet i 1985, men dei to attverande, gitarist/vokalist David Gilmour og trommeslagar Nick Mason, vil halda fram. Dei vinn ei rettsak, tek gradvis med seg Wright igjen, og dei to neste tiåra er det ei krangling og dritslenging utan like. Før dei har ein kort reunion under Live 8 i 2005. 

Det er konfliktane som driv boka framover. Dei fire framstår som så pass ulike at det nesten er utruleg at dei kan ha fungert saman i eit band, og det er nesten meir utruleg at dei vart samde om å koma saman att i 2005. Då og etterpå var det Waters som pressa sterkast på, men Gilmour ville ikkje meir - kanskje det var ein takk for sist til Waters, kanskje det var andre grunnar. 

Det heile vert fortalt på eksemplarisk vis. Blake går kronologisk til verks, og han bruker enormt med kjelder, som alle er med på å lasta lys over forteljinga hans. Eg er framleis lunken til det meste av musikken, men søkte opp nokre plater og songar under lesinga. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar