11. juni 2022

Mr. Good. Gåten Eirik Jensen (2022)

Andre har skrive at denne serien ikkje fører så mykje nytt til torgs, men for oss som ikkje var altfor langt inne i denne saka då ho rulla gjennom rettssalane er dette ei grei innføring. Kortversjonen er at Eirik Jensen var ein respektert politimann, som arbeidde mykje med gjengar i Oslo og narkotika i det same området, og som var med på å løysa fleire store saker. Han var kjent for å ha mykje kontakt med kriminelle miljø, men dette verkar å ha vore heilt vanleg. Han knytte til seg informantar, og det var kontakten med éin av desse som felte han.

Gjermund Cappelen var ein av dei store narkotikasmuglarane. Politiet i Asker var på sporet av han, og det viste seg at han hadde svært mykje kontakt med Jensen, spesielt rett før det skulle koma store leveransar av hasj frå utlandet. Dei sende kvarandre tekstmeldingar i kode, det handla ofte om vêret dei neste dagane. Meldingar frå Jensen til Cappelen om at det var meldt strålande sol dei neste dagane vart tolka som om Jensen gav Cappelen klar bane. Dei to møttest ofte - politiet og Cappelen meinte det handla om å planleggja og leggja til rette for smugling; Jensen seier at det var vanlege møte mellom politi og informant.

Jensen snakkar mykje i denne serien, og det gjer òg fleire av dei rundt han. Mange frå politiet snakkar òg, både dei som arbeidde på same kontor/avdeling som Jensen og dei som arbeidde på kontor i nabokommunar. Cappelen snakkar ikkje sjølv, men har gjeve advokatane sine lov til å snakka fritt. Serien skapar klart inntrykk av at Jensen var skuldig, og det er nesten rart at han har gått med på å verta intervjua. Det han seier styrka ikkje saka hans. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar