18. juni 2022

Emil André Erstad: Mørkemann (2022)

Erstad vaks opp i ein ikkje spesielt religiøs familie på Radøy, nord for Bergen. Det var ikkje flust med fritidstilbod der, slik at dei aller fleste gjekk på bedehuset. Erstad vart påverka av det han høyrde om der, han vart kristen, og vart gradvis meir og meir konservativ. Han vart fylkesleiar i KrFU, og i ein Twitter-debatt greidde han å seia at han var mot abort ved valdtekt og incest. Ikkje uventa førte den utsegna til ein del oppstyr. Boka opnar med at Erstad vert fotografert til eit intervju med Dagbladet, og fotografen vil ha Erstad med til eit folketomt område ute på Oslo S. Det slår Erstad at dette kan vera farleg - korleis veit han at fotografen faktisk er knytt til avisa? Kan det vera lurt av ein av dei mange som har truga han på livet?

Boka har undertittelen "Mi reise til kristenkonservatismen og tilbake", og hendinga på Oslo S er med på å senda Erstad på veg tilbake. Det same er boka Betre død enn homofil? av Arnfinn Nordbø. Både denne boka og boka til Nordbø viser glimt av kva som finst av haldningar hjå dei mest konservative kristne her til lands, og det er ikkje lystig lesnad. Begge bøkene fortel om eit samfunn der du anten er med oss eller mot oss, og om samfunn med haldningar som kan øydeleggja familiar. 

Erstad skriv godt og ærleg om vegane inn og ut av dette miljøet. Det er ei bok som godt kan lesast av alle, men eg trur det kanskje er viktigast om folk frå det kristenkonservative miljøet les ho. Mange vil nok stå fast på synet dei hadde, men det kan henda at nokre lesarar frå det miljøet kan koma på andre tankar. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar