5. juni 2022

Borgen, sesong 1 (2010)

Denne serien har fått mykje skryt, og det er vel fortent. Men likevel - når nokre omtalar Borgen som den beste serien i verda, tek dei litt for hardt i. I alle fall viss ein skal døma etter denne fyrste sesongen.

Det handlar om dansk politikk. Etter eit jamt og dramatisk val vert Birgitte Nyborg Christensen frå Dei Moderate statsminister. I kvar av dei resterande episodane i serien møter ho ei politisk nøtt som ho må løysa. Ho er ofte usikker, men vert gradvis tryggare på si eiga rolle. Ho tek fleire kontroversielle avgjerder, og vert dermed òg mindre populær blant andre politikarar.

Så er der (sjølvsagt) andre dramatiske liner. Rådgjevaren hennar, Kasper Juul, er ein sånn politisk luring som alltid veit kva som er lurast (sjølv om han er langt yngre enn Christensen). Han har tidlegare vore kjærasten til Katrine Fønsmark, profilert journalist på TV1. Dei to er anten nære vener eller bitre fiendar gjennom sesongen. På heimebane slit statsministeren stort - mannen hennar skal vera heimeverande, men vert lei av at han får alt ansvar for dei to ungane. Han får tilbod om ein toppjobb, men må takka nei av di firmaet har vore underleverandør i ein stor kontrakt staten skal inngå. Det vert for mykje for han, og sesongen sluttar med at han vil skilja seg frå kona.

Det er ein fin serie, og eg ser nok dei seinare sesongane òg.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar