2. januar 2022

Don't Look Up (2021)

 

Denne filmen gjer narr av mangt og mykje. Alt skal reduserast til noko lett og ledig, mange tenkjer berre på pengar, mange tenkjer berre på makt og posisjonar, dei med makt og pengar er ute av stand til å høyra på fagfolk, reelle farar vert ignorerte, og folk flest bryr seg ikkje. Filmen tek altså opp mange tema, og det skal han ha ros for. Men filmen er likevel ikkje spesielt vellukka.

Ein phd-student oppdagar ein ny komet, som kjem til å treffa jorda om eit halvt år. Saman med professoren sin dreg ho til presidenten i Washington for å fortelja om funnet sitt, men dei vert møtte av ei kald skulder. Dei prøver å gjera det heile kjent på andre måtar, men det einaste fjernsynsprogrammet som vil ta mot dei er eit gladprogram som er meir opptekne av kjendisar. Presidenten kjem likevel på andre tankar, men planen som kunne ha redda verda vert lagt til sides, av di ein rimeleg fjern milliardær vil gjera det heile på sin måte. 

Det er rimeleg opplagt at kometen i filmen eigentleg er klimakrisa, og at filmen viser korleis dei med makt prøver å ikkje gjera noko med den krisa. Filmen prøver å vera morosam, han prøver å vera skarp, han prøver å senda ut spark i alle retningar, men for meg vert ikkje dette engasjerandre eller morosamt nok. Kanskje dei ikkje går langt nok, kanskje dei går for langt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

1 kommentar:

  1. Einig. Eg synsn denne er vel oppskrytt. Men.... avslutninga er kosteleg.

    SvarSlett