29. september 2025

Bjarte Birkeland (red.): Sivle frå Voss (1974)

Det var tider, det. I973 fann Voss mållag ut at dei ville laga eit seminar om Per Sivle. Det gjekk frå fredag til sundag, og programmet var imponerande bra. Dei hadde henta inn forelesarar frå fjern og nær, og dei hadde òg invitert nokre lokale luringar til å halda kortare innlegg. I tillegg var det aktivitetar på skulane, det var utstillingar og ein stor folkefest, så det kan henda at baksideteksten her er korrekt - "Sivle vart verkeleg eit samlingsmerke på Voss den veka".

Alle foredrag og innlegg ser ut til å vera samla i denne boka. Det vekslar mellom lange, litt akademiske artiklar, og kortare, meir folkelege. Det gjev boka ei form som fungerer. Så godt som alle artiklane var informative og gode, men det er eit gjennomgåande trekk at dei kortare innlegga er fulltreffarar. Dei kan handla om Sivle eller diktinga hans, men dei kan òg handla om lokalsamfunnet i dei åra han vaks opp.

Av diktinga til Sivle handlar det mest om vossastubbar og sogor. Diktinga hans får to lange artiklar til slutt, av Idar Stegane og Otto Hageberg, men eg sit att med ei kjensle av at diktinga var mindre viktige for arrangørane. Det er ikkje så rart, i poesien sin er Sivle noko ujamn. 

Guffen tilrår.

Meir Sivle på kulturguffebloggen
Streik (1891)
Anders Hovden: 
Per Sivle. Ei livssoge (1905)
Berre ein hund (1975)
Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007)

28. september 2025

P. Bukier: Paa Asbjørnsens stier (1937)

På seinsommaren og i haust har eg rydda i eit dødsbu etter ein slektning, som vaar eineborn, ugift og utan etterkomarar. Han kom frå ein danna heim, og eg tok med meg relativt mange bøker heim. Nokre av desse tok eg berre på grunn av tittel og omslag, og denne boka var ei av dei. Ei bok om å gå på stiane til Asbjørnsen kunne jo vera interessant?

Svaret på det spørsmålet viste seg å vera "nei". Eg hadde sett føre meg ei bok der forfattaren fortalde om fotturar i fotspora til Asbjørnsen. I staden var det ei bok der forfattaren prøvde å samla inn forteljingar i det same området Asbjørnsen hadde gått i, i alle fall litt - alle forteljingane er frå Nordmarka (trur eg). Og Bukier var berre interessert i éin type forteljingar: Forteljingar om spøkelse, nissar, tussar og troll, og huldrer.

For dei av oss som ikkje er så veldig opptekne av slike historier var dette ei rimeleg uinteressant bok.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Rebel Royals (2025)

Nja. Kanskje rebell er det rette ordet, kanskje klagar hadde vore eit betre ord. Det er ikkje måte på kor mykje klaging og syting dei to hovudpersonane i filmen kjem med. Dei vert motarbeidd av alle - av familie, av media, og av mange i samfunnet. Dei to, altså Durek og Märtha Louise, meiner at rasisme er den einaste grunnen til det.

Eg har ingen grunn til å tru at rasisme ikkje er ein viktig grunn. Det kjem fram i filmen, og det er skammeleg at det skal vera sånn. Men likevel - rasisme er ikkje den einaste grunnen til at folk er skeptiske til Durek. Ein mann som meiner at folk kan ynskja seg kreft, eller at ein medaljong kan kurera covid, eller at han er ein reptil osb, er ikkje ein mann alle ser verdien av. I filmen er det opplagt at han og Märtha har funne tonen og har det bra i lag, og det er heilt greitt. 

Filmen fortel historia om forholdet deira, fram til bryllaupet i Geiranger i fjor sommar. Det er ein film som tidvis er vanskeleg å sjå på. Dei to hovudpersonane seier så mykje rart at det eg helst vil snu meg vekk. Filmen fortel litt om forhistoria deira, altså kva dei dreiv med før dei møtte kvarandre, men ikkje mykje. Det er kanskje like greitt - då hadde det truleg vorte ein miniserie, og den hadde eg ikkje greidd å sjå ferdig.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

27. september 2025

Knute Rockne. All American (1940)

Eg såg denne filmen på amerikansk fjernsyn, seint i 1980-åra. Eg hugsa ikkje anna enn at i opningsscenene hadde Voss fått nokre fjell og dalar som aller mest minte om Alpane. At eg ikkje hugsa noko frå resten av filmen var ikkje så rart - det er ikkje ein spesielt spektakulær film.

Tittelen seier det meste: Det er ein amerikansk suksess-historie - ein fattig innvandrargut som er for liten til å leika med dei andre gutane i gata, vert ein av dei mest populære personane i Amerika. Han vart fotballtrenar for laget til Notre Dame-universitetet i South Bend, Indiana, og han gjorde nokre tekniske grep som gjorde laget hans svært vanskeleg å slå. Dei gjekk frå triumf til triumf, heilt til Rockne mista livet i ei flyulukke i 1931.

Filmen fortel denne historia på ein, vel, amerikansk måte. Rockne var stor, men målet med filmen ser ut til å vera å gjera han endå større. I filmen er Rockne ein gud som knapt kan gjera feil. Reint bortsett frå at han heile tida set idretten og karriera høgare enn familien. Men kona smiler berre og finn seg i det meste.

Guffen er lunken. 

26. september 2025

Jørgen Norheim: Olga Bjoners plass (2025)

I denne romanen dukkar vaktmeisteren i Hansteens gate opp alt på side 11. Trugne Norheim-lesarar veit godt at denne vaktmeisteren har vore med i alle dei seks romanane hans, med unntak av den aller fyrste. Og trugne Norheim-lesarar burde det vore fleire av. Han skriv stort sett gode romanar, og dei hadde fortent langt fleire lesarar.

At romanane til Norheim hentar handling frå farne tider er ikkje noko nytt. Denne gongen går han kontrafaktisk til verks, og skildrar eit etterkrigs-Noreg der Tyskland vann krigen. Det meste av handlinga er lagt til 1960-åra, i eit Noreg der Quisling framleis lever. Han er rimeleg dement, og fleire kjempar om å ta plassen hans. Ein av dei som ligg godt an er den litt kjedelege og byråkratiske Stein-Ulf Bru, som heilt sidan verdskrigen har vore lojal mot Quisling og NS. 

Han spikrar reiseplanane for norske og tyske topp-politikarar i samband med opninga av Polarjernbanen til Kirkenes. Samstundes har han eit problem - nokre sabotørar driv med ei form for motstandsarbeid: Gateskilta i gater som er kalla opp etter NS-folk får nye gateskilt, med namnet til folk motstandsrørsla støttar.

Det er ikkje Norheim heilt i toppform, dette, men det er likevel ei svært solid bok. Norheim er kunnskapsrik, og flettar inn små og store hendingar frå krigen og historia.

Guffen tilrår.

Meir Norheim på kulturguffebloggen
Liten svein i bærskog ut (1994)
Mars (1998)
Ingen er så trygg i fare (2002)
Adjutanten (2008)
Aldri redd for mørkets makt (2016)

22. september 2025

Thor Heyerdahl: I Adams fotspor (1998)

For lenge sidan skreiv eg ein kronikk i BT om Kensingtonsteinen. Det var hundre år sidan han vart gravd opp, og eg gjekk gjennom historia til steinen. Ein kar frå Bergen tok til motmæle, og me utveksla nokre lesarbrev med kvarandre før BT gjekk lei. Eitt argument kom han tilbake til heile tida: Grunnen til at Hjalmar Holand aldri fekk aksept for påstandane sine var at heile akademia vende han ryggen og avviste han i samla flokk.

Eg fekk litt same kjensla her. Thor Heyerdahl var ein eventyrar med god fantasi, som lanserte mange nye teoriar innanfor fleire fagfelt. Eg kjenner korkje teoriar eller fagfelta hans godt, men når han ikkje får gjennomslag er det ofte dei lærde og professorane som set seg på bakbeina. I alle fall i denne boka, der han sjølv fortel om liv og gjerning. 

Det eg saknar i boka er ein betre gjennomgang av både hypotesane hans, og motargumenta som kom opp. Han fortel fleire gonger om at han har møtt motstandarar til debatt og der dei har skifta meining eller tona ned motargumenta sine. Eg ser i Norsk Biografisk Leksikon at få forskarar støttar han. Under lesinga av boka fekk eg fleire gonger kjensla av at han fann det han leitte etter, og det er jo ikkje noko godt utgangspunkt for forsking.

Boka er rimeleg lettlesen. Heyerdahl er ein skribent på det jamne, med eit språk som ikkje er like livfullt og fantasirikt som hypotesane hans.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

17. september 2025

Einfrid Perstølen: Som dagane går (1980)

I gamle dagar var Einfrid Perstølen den største kjendisen i slekta. Det er ikkje tjukkaste slekta, men likevel - me visste kven ho var, og det hende vel at ho var innom hjå foreldra mine ein sjeldan gong. Det som gjorde ho til ein kjendis var at ho av og til heldt morgonkåseri i radioen, under samletittelen "Som dagane går". I denne boka er desse kåseria samla, saman med nokre lengre innslag i serien "Tankar i tida".

I eit føreord skriv ho at ho snakka dialekt i radioen, men at ho her har ført tekstane over til ein dialektnær nynorsk. Det er difor noko munnleg over tekstane, men det ville likevel vore noko anna å høyra desse tekstane. Det er mykje alvor, men òg noko humor, og eg reknar med at den humoren var meir tydeleg på radio.

Ho har nokre tema ho heile tida kjem tilbake til. Perstølen var ein knallhard feminist, og ho kjempar heile tida for at kvinner skal ha same rettane som menn. Ho var òg ei knallhard målkvinne, og fleire av tekstane handlar om akkurat det. Eit tredje tema som ikkje dukkar opp like ofte er alkohol - ho var fråhaldskvinne. Slik sett kan ein skjøna det om mange mislikte kåseria hennar, men det trur eg berre ho likte: Ho kunne kunsten å provosera. 

Guffen tilrår.

15. september 2025

Erlend Loe: Fakta om Finland (2001)

I 1982 gav Marshall Berman ut boka All That Is Solid Melts Into Air. Alle dei faste haldepunkta forsvinn, og slik er det òg for hovudpersonen i denne boka. Han vil ikkje flyta, men alt rundt han flyt. Kanskje det er denne manglande evna til å tilpassa seg si eiga samtid som gjer at han er svært tafatt og utan handlekraft. Han er så passiv at han berre irriterer meir og meir, jo lengre ut i boka me kjem.

Han er frilansskribent, og det gjennomgåande prosjektet hans i boka er å skriva ein turistbrosjyre om Finland. Han anar ingenting om Finland, men viss han les eller høyrer noko om det landet skriv han det inn i brosjyreteksten. Han tek òg med ting han trur han høyrt ein stad før. Det seier seg sjølv at tekstane hans aldri kan verta noko god brosjyre. 

Han får ikkje med seg så mykje, slik at han ofte må henta den vekktaua, feilparkerte bilen sin. Han kjem på godfot med ho som leverer ut feilparkerte bilar. Ho skjønar fort at brosjyreteksten ikkje kan brukast, men lenge jattar ho berre med han.

Det er altså ei bok med ein irriterande hovudperson. Det kan hovudpersonar gjerne vera, men eg merka at dette òg gjekk utover engasjementet mitt i romanen. 

Guffen er lunken. 

Meir Loe på kulturguffebloggen
Tatt av kvinnen (1993)
Naiv. Super (1996)
L (1999)
Fvonk (2011)

13. september 2025

Knut Hamsun: Fra det moderne Amerikas Aandsliv (1889)

Tidleg i 1880-åra var Knut Hamsun to år i USA, og seinare det same tiåret var han der eitt år til. Ved årsskiftet 1888/89 heldt han i København to foredrag om Amerika, og ein forleggjar bad han skriva ei heil bok om korleis han opplevde åndslivet der. Hamsun tok på seg oppdraget og brukte nokre månader på skrivinga. 

Det er tydeleg at boka er skriven for å provosera, og det er kanskje grunnen til at ho er så fornøyeleg. Hamsun kan seia positive ting om USA, men her er det åndslivet han skriv om, og der står det dårleg til:

Sjølv om USA er eit land av innvandrarar, legg dei fleste av seg gamlelandet så fort dei kan. Dei glir lett inn i den vanlege amerikanske oppfatninga at det berre er eitt land som betyr noko. Om litteraturen har han lite positivt å seia - "den prater for meget og føler for lidt". Den einaste forfattaren han verkeleg rosar er Mark Twain, men om Twain skriv han berre nokre liner. Så bruker han over tjue sider på å slakta Walt Whitman, og like mange på å slakta Ralph Waldo Emerson. Han er litt meir positiv til scenekunsten, men ikkje mykje. Og biletkunsten vert òg slakta - her handlar det berre om pengar og ikkje om kunst. 

Han skildrar USA som eit enormt patriotisk land, og det er ikkje vanskeleg å overføra noko av det han skriv til dagens samfunn. Slik sett er det ei alvorleg bok, men Hamsun smør så tjukt på i iveren etter å provosera at det òg er mykje å le av her.

Guffen tilrår. 

Meir Hamsun på kulturguffebloggen
Den gaadefulde (1877)
Bjørger (1878)
Victoria (1898)
Telegrafisten (film, 1993)

11. september 2025

Brudeferden i Hardanger (1926)

I sommar las eg romanen Marit Skjølte av Kristofer Janson. Den lokale filmklubben hadde invitert meg til å seia nokre ord før filmen, og i går var den store kvelden komen. Eg snakka mest om romanen, sjølvsagt, og litt om nokre døme frå røynda som kunne minna om skjebnane i filmen. 

Filmen var overraskande god. Dette var rett nok ein nedkorta versjon, om lag halvparten så lang som originalen. Utan at eg har sett den fulle versjonen trur eg at nedkortinga av filmen var gjort på ein fornuftig måte. I boka trur eg midtpartiet, der Marit vert ei meir og meir omsynslaus kvinne, får meir plass, men det poenget tek me jo raskt. 

Familien til Marit skal utvandra. Ho stikk av i siste liten, av di ho vil vera med kjærasten Anders. Dei vert samde om å gifta seg, men han må fyrst vera eit par år vekke frå bygda. Han er brudgom i bryllaupet i tittelen, men Marit er ikkje brur: Han har funne seg ei anna. Han har gifta seg til velstand, men det gjer òg Marit. Dei er bitre fiendar, heilt til dei vert forsona på det som truleg er dødsleiet hans.

Filmen er nasjonalromantisk og vel så det, noko som vert streka under av dei mange scenene frå bryllaupsdagen, der alle går i bunad og der det er nok av fjord og fjell. Det lever me godt med. Det er ein stumfilm, slik at det verkar som om skodespelarane må bruka ansiktet (endå) meir. Aase Bye er finfin som den unge Marit, og scena frå bryllaupsdagen til Anders, der det gradvis går opp for Marit kva som skjer, er stor.

Guffen tilrår. 

7. september 2025

Jon Fosse: Vaim (2025)

Det er litt artig: To dagar etter at denne boka kom i handelen dukkar det opp meldingar om eller bilete av Vaim på BlueSky (der eg er) eller på Instagram (der eg slettes ikkje er). Det er litt artig at me er mange som ventar på nye bøker av Fosse, og som kjøper dei så fort me får sjansen. 

Dette er ei finfin bok. Det er ikkje vanskeleg å skjøna at det er Fosse som skriv - me er ute på vestlandskysten, det er eit suggererande språk, og her finst ikkje punktum. 

Denne gongen handlar det om den oppdikta staden Vaim. Romanen har tre delar, og kvar del har ein eigen forteljar. Som lesarar bør me ikkje knyta oss for tett opp til dei - både den fyrste og andre forteljaren døyr før boka er slutt.

Det er tre menn som fortel. Dei er alle av det forsiktige slaget, medan kvinna dei fortel om er meir driftig. Forteljar nummer ein, Jatgeir, har kalla båten sin opp etter Eline, ei han var forelska i for lenge sidan. Ein kveld han er langt heimefrå kjem ho til båten hans og bed han hjelpa ho å rømma. Forteljar nummer to, Elias, var den einaste Jatgeir hadde kontakt med i Vaim, før Eline flytta inn hjå han. Ho vart ein kile mellom dei to, og han er ein av dei siste i grenda som før høyra at Jatgeir er død. Forteljar nummer tre, "Frank", fortel om korleis Eline tvinga seg inn i livet hans for lenge sidan. Eline henta han til Vaim etter at Jatgeir døydde, men no er både ho og Elias døde òg. 

Det er mykje død her, altså, men her er òg ting å smila av. Og her er sjølvsagt ting å verta djupt rørt av. Med enkle ord seier igjen Fosse meir enn me andre greier. Det er vel berre å førebu seg på å stå i kø når neste bok i Vaim-trilogien kjem.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Djupt og enkelt (2022)
Mor og barn (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 28.2.2025)
Asle og Alida (Grieghallen, Bergen, 4.4.2025)

4. september 2025

Kjersti Anfinnsen: Dødsverk (2025)

Bok nummer tre i ein trilogi. Eg har ikkje lese den fyrste boka, men slik eg forstår det er bøkene rimeleg frittståande. Dei tre bøkene handlar alle om den pensjonerte kirurgen Birgitte Solheim. I denne boka ligg ho på det aller, aller siste, og boka er fortalt frå hennar ståstad. Ho trivst ikkje spesielt godt.

Det er eit varmt og velskrive portrett av ei døyande kvinne. Ho er på ein aldersheim utanfor Paris. Ho er ferdig og nøgd, og ho vil mest av alt døy. Ho er svært observant, ho ser alt som skjer rundt seg, og ho forstår det som skjer. 

Eg har, av ulike grunnar, sett korleis eldreomsorga ikkje fungerer i heimkommunen min. Dei som kjem på heimebesøk gjer ein kjempejobb; dei som sit i kommune-administrasjonen og legg premissane for arbeidet bør ikkje vera like nøgde. Eg tenkte mykje på dette då eg las boka, og vart vel overtydd om at det ikkje freistar å verta så gamal at eg treng hjelp heile tida. Slik sett har eg noko til felles med Birgitte.

Guffen tilrår.

Meir Anfinnsen på kulturguffebloggen
Øyeblikk for evigheten (2021)

3. september 2025

Øyvind Strømmen: Hat. Fortellinger om ytre høyre (2025)

Det er harde tider. Ytre høgre får meir og meir makt, både i Europa og andre stader. Skremmande nok er utsegner og påstandar som var uakseptable for berre få år sidan, heilt aksepterte no. 

I denne boka tek Øyvind Strømmen føre seg land etter land. Han fortel om demonstrasjonar, han fortel om attentat, og han fortel om politikarar frå dei ulike landa. Det er mest i Sør- og Aust-Europa, og han er sjølvsagt òg innom USA. Han skriv nøkternt, kanskje for nøkternt, og får godt fram korleis ting går gale. Det handlar mykje om framandhat, sjølvsagt.

Det er ei god bok, som òg er skremmande. Det har liksom ingenting å seia at me gong etter gong ser døme på høgrevridd terror; det dukkar stadig opp nye. Nye terroristar, nye politikarar.

Eit land han ikkje skriv om er Noreg. Det hadde vore interessant å sjå kva tankar han har om det som skjer her. Visst har her vore høgreekstrem terror, men dei politiske partia han skriv om i andre land ligg endå lengre ute på høgrevingen enn Framstegspartiet. 

Guffen tilrår.